Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. desember 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Midtgulen kyrkje



Midtgulen kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på Kjelkenes, på fastlandssida i Bremanger kommune. Kyrkja, som har 200 sitjeplassar, vart vigsla 3. mai 1904 av biskop Johan Willoch Erichsen. Artkitekt Lars Sølvberg, frå Utvik, laga teikningane. Midtgulen kyrkje er soknekyrkje for Midtgulen sokn. Soknet vart overført frå Bremanger til Davik prestegjeld i 1966.

Like inntil furuskogen attmed den lune Hjellvika fekk gulingane ein fin og høveleg kyrkjestad.

Like inntil furuskogen attmed den lune Hjellvika fekk gulingane ein fin og høveleg kyrkjestad.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Reuber.

Presten negativ

Gamle Bremanger kommune omfatta delar av fastlandet rundt Gulafjordane, men størsteparten av folket budde på Bremangerlandet, der soknekyrkja stod. Gulingane fremja kyrkjesaka meir som eit sterkt ønskje enn som eit krav, og folket snakka meir seg imellom enn dei snakka med presten.

Dei visste godt kva presten meinte om saka. Den fyrste presten i prestegjeldet, Ulrik Koren, var ikkje særleg ivrig på at der skulle kome kyrkje på Kjelkenes, for det ville medføre at han måtte over Frøysjøen i all slags vêr. I den fyrste perioden som prest, med Grotle som kyrkjestad, hadde Koren gjennomlevd fleire skremmande kyrkjereiser som han likte dårleg. Samstundes var vilkåret for prestegjerninga her ytst mot havet at dersom det vart reist kyrkje i distriktet Gulen (Midtgulen), så var han pliktig til å gjere teneste også der. I dagboknotatane sine omtaler han saka. Han trudde ikkje at kyrkjelyden hadde planar om å oppføra ei slik kyrkje. Det hadde iallfall ikkje vore på tale dei ti åra han var sokneprest i prestegjeldet, og det var neppe på tale i den nære framtida. Presten tok i alle fall ikkje initiativ til å få bygt fleire kyrkjer i prestegjeldet.

Fyrst gravstad, så kyrkje

Då Gulen fekk hjelpekyrkjegard i 1879 var dei eit steg nærare eiga kyrkje. Men fyrst på 1890-talet vart saka formelt drøfta i heradsstyret. Det var ingen strid om kvar kyrkja skulle stå, tomta attmed gravstaden gav seg sjølv.

Like inntil furuskogen attmed den lune Hjellvika fekk gulingane ein fin og høveleg kyrkjestad. Her samla lag og einskildpersonar seg om eit felles løft og gav gåver etter kvart som gudshuset reiste seg. Gulen skyttarlag spanderte dei kulørte rutene i vindauga som stod i kyrkja fram til 50-årsjubileet. Ungdomslaget Framover kosta det fyrste orgelet, og kyrkjelyden samla inn pengar til dåpsfat og anna inventar.

Kyrkja

Frå fyrst av var der vanlege vindauge i koret, men til 50-årsjubileet vart der sett inn to glasmåleri og elles nye glas i kyrkja. Dei bakerste glasa i skipet gir også lys til galleriet. Taket er åttekanta og flatt både i koret og skipet, i skipet skrånar det ut mot sidene. Detaljane er enkle og pene. Den vesle, runde alterringen er forma likt som gallerifronten. Ut frå veggene på kvar side er utskorne drakehovud som "sluker" tverrbjelkane. Også mellom skråbjelkane og veggene er der utskjeringar. Nokre få stader er kyrkjerommet pynta med gullmåla lister. Ei litt uvanleg løysing er trappeoppgangen til galleriet bakerst på nordsida i skipet.

Fargane i kyrkja i dag er resultatet av oppussinga til 50-års jubileet. Hovudfargane går i grønt, brunt og matt gult. I tillegg til vedlikehald og oppussing vart dåpssakristiet i kyrkja restaurert i 1991 og samstundes vart det bygt til toalett, bårerom og reiskapsrom på nordsida av kyrkja. Prestesakristiet er på sørsida, og står slik det opphavleg vart bygt. Utvendig vart kyrkja pussa opp sommaren 2000, og då måla kvit som tidlegare med brune vindaugsråmer. Tårnet er firkanta og bygt litt inn i sjølve taket på kyrkja. Det er reist som ein høg tårnfot med kopartekt spir.

Kunst og inventar

Altertavla med tittelen "Langfredag", er laga av Frida Rusti (1861-1963) frå Bergen. Biletet viser den krossfesta hengande død på krossen. Den gråtande og knelande kvinna t.v. på biletet er truleg Maria, Jesu mor. Bak henne ein ung mann (kanskje Johannes). Under biletet står innskrifta "Far! I dine hender yvergjev eg åndi mi" (Luk. 23,46).

På alteret står to lysestakar i tynn messing, truleg frå 1904, og to lysestakar i sølv frå 1998, med innskrifta "Minnegåve fra Ragna Dyrstad 1998". Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk i sølv frå 1903, med innskrifta "Midtgulen kirke fra sokneprest H. Støp 1903". I tillegg kjem ei brødøskje i porselen.

Brurestolane frå 1997, er laga av Ottar Dahl frå Kjelkenes. Kalveskinnet er garva på gamlemåten av handverkarar på Møre. Glasmåleria frå 1954 har motiva "Den gode hyrdingen" og "Såmannen". Både preikestolen og døypefonten er frå 1904. Dåpsfatet i messing, har innskrifta "Hvo som tror og bliver døbt, bliver salig. Marc. 16,16". Dåpsmugga frå 1952, er i sølvplett, og har innskrifta "Midtgulen kirke 1952". Votivskipet er ein modell av ein robåt med fem årepar og segl. Orgelet frå 1929 har sju stemmer. Kyrkjeklokka frå 1904 er laga i Bochum i Tyskland.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR