Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Fretheim hotell i Flåm



Flåm er ein av dei mest populære turiststadene i Sogn og Fjordane fylke. Ikkje minst på grunn av Flåmsbana, som slyngjer seg oppover Flåmsdalen til Myrdal. Nede ved kaien ligg jernbanestasjonen og like ved finn ein det berømte Fretheim hotell. Her byrja ein med hotelldrift kring 1890, etter at engelske turistar kom for å fiska laks i Flåmselvi.

Ein regnfull dag i Flåm. Fretheim hotell er no eit moderne hotell med internasjonal standard. Den nye fløyen frå 2000 ser ein nærast til venstre med det nye tårnet i glas og stål.

Ein regnfull dag i Flåm. Fretheim hotell er no eit moderne hotell med internasjonal standard. Den nye fløyen frå 2000 ser ein nærast til venstre med det nye tårnet i glas og stål.

Eigar: Fylkesarkivet.

Datering: 2001.

Fotograf: Ukjend.

Engelske turistar

Kring 1860 byrja engelske sportsfiskarar å koma til Flåm for å fiska laks i Flåmselvi. Mange av dei budde på nedre Fretheim medan dei var her. Christen Fretheim (1848-1916) eigde denne garden og skulle vera den rikaste mannen i bygda på denne tida. Han var ei kjempe å sjå til og ein drivande kar. Fretheim byrja kring 1870 å driva ein overnattingsstad på garden, men det var fyrst kring 1890 at ein reknar det som hotelldrift. På garden var det to bustadhus som ikkje stod så langt frå kvarandre. Desse vart like etter hundreårskiftet bygde saman til det som vart Fretheim hotell.

I 1878 vart det bygt kai på Fretheim for å kunna ta imot dampskipa til Fylkesbaatane og i 1882 vart Christen Fretheim tilsett som ekspeditør. Då Flåm postopneri vart oppretta i 1890 vart Christen Fretheim den fyrste postopnaren.
I 1890-åra auka turisttrafikken gjennom Flåmsdalen sterkt. I samband med anleggsarbeidet på Bergensbana, 1894-1909, vart vegen opp dalen ei viktig transportrute. Fretheim starta tidleg med skysstrafikk frå Fretheim hotell til Myrdal og Vatnahalsen. Då Bergensbana vart opna i 1909 vart denne skysstrafikken enno viktigare. Reisande kom med båt til Flåm og trengde skyss opp til jernbanestasjonen på Myrdal. Dei som kom med toget måtte ha skyss ned til Flåm, nokre skulle vidare med rutebåten, medan andre overnatta på hotellet.

Marthe Fretheim

Turistar, dampskipsbryggje, post og jernbane var alle viktige element som fall saman i tid og danna grunnlaget for etableringa av Fretheim hotell.
Christen Fretheim døydde i 1916 og hotelldrifta vart overteke av syskenbarnet hans, Marthe Fretheim. Trass i fyrste verdskrigen og vanskeleg mellomkrigsår opplevde Fretheim hotell ein kraftig vekst både i talet på reisande og i økonomien. Marthe Fretheim vert omtalt som ei særs vennleg og flink hotellvertinne og gjorde hotellet kjendt vidt omkring. Då ho døydde i 1933 tok syskena Astrid og Atle Fretheim over drifta av hotellet og bygde vidare på det Marthe hadde late etter seg.

Flåmsbana og djupvasskai

I 1940 kom enno eit viktig tilskot til reiselivet i Flåm, då vart Flåmsbana opna. Denne jernbanestrekninga har etter kvart vorte ein stor turistattraksjon. Traseen er bratt og har mange tunnelar, men ein får oppleva ein så vakker natur at det nesten tek pusten frå nokon og einkvar. Fretheim hotell ligg like ved endestasjonen til Flåmsbana på kaien i Flåm og har drege stor nytte av denne plasseringa.
Inn til Flåm kjem det kvart år ei rekke cruiseskip. I mai 1999 vart ein ny stor djupvasskai opna slik at cruiseskipa kunne leggja til kais. Fram til då hadde dei måtta liggja ute på fjorden og nytta småbåtar for å frakta folk til og frå land.

Moderne hotell

Fretheim hotell har gjennomgått fleire utvidingar sidan den gongen dei to våningshusa på garden vart bygde saman. I 2000 vart det føreteke ei modernisering og utbygging av hotellet slik at det no har 120 rom. Hotellet er etter dette eit topp moderne hotell med internasjonal standard. Hotellet har sju panorama-suiter av høg standard, alle med utsikt over fjorden. Ein utsikt ein også kan nyta fra balkongane som nokre av romma har, og i tillegg frå det nye tårnet.
Elles har hotellet ein stor og lys restaurant, bar i tredje høgda og pub i kjellaren. Ved lobbyen og resepsjonen finn ein souvenirbutikken og like ved denne ligg også ein frisersalong.

Fretheim hotell kan i tillegg tilby eit kurs- og konferanseprogram. Hotellet har eigne konferansevertar som hjelper til med planlegginga og gjennomføringa av arrangementa.
Under opphaldet i Flåm kan hotellet by på opplevingsturar og aktivitetar av ulike slag. Ein kan ta turar med Flåmsbana eller båtturar på Sognefjorden. Båtturen går innom Undredal der ein kan få prøvesmaka den lokale geitosten, før turen held fram inn Nærøyfjorden til Gudvangen. Nokre vil sikkert vera interessert i å vera med på sykkel- eller fotturar på den etter kvart så populære "Rallarvegen". For friluftsinteresserte kan dei også tilby "Villmarks Camp" og juvvandring.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ohnstad, Anders: Aurland bygdebok, fram til om lag 1920. Aurland sogelag. Bergen 1962.
Førsund, Finn B.: Dampen og kaia - Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Selja Forlag. Førde 1998.
Fretheim hotell: Reklame-brosjyre 2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR