Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. desember 2000

Sist oppdatert 29. juni 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Stølane i Lidal



Den veglause garden Lidal ligg ned mot sjøen på austsida av Fjærlandsfjorden. Ein trong og bratt dal går opp mot den opnare nord-sør gåande Breisetedalen. Her var før fem bruk som alle frå gammalt hadde stølsdrift. 1965 var siste året dei stølte på Røysete, hovudstølen, også nemnd som heimestølen. Bjørg Lidal Skeide var ei av dei siste budeiene.

Utsyn nedover frå aust mot Lidal og Fjærlandsfjorden. Røysete ligg øvst i Lidal der det går eit dalføre mot sør til Romedalen, og eit vidare oppover, Kvanndalen.

Utsyn nedover frå aust mot Lidal og Fjærlandsfjorden. Røysete ligg øvst i Lidal der det går eit dalføre mot sør til Romedalen, og eit vidare oppover, Kvanndalen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Stølane

Lidal, med gardsnummer 165 i Sogndal kommune hadde frå gammalt fem bruk: bruksnummer (bnr.) 1 frå 1601, bnr. 2 vart skilt ut frå bnr. kring 1700, bnr. 3 frå 1601, bnr. 4 kom til ved deling av bnr. 3 kring 1660, og bnr. 5 vart utskilt i 1773. I 1801 var det tre husmenn i Lidal.

Bnr. 3 (Perane), bnr. 1 (Tråingane) og bnr. 5 (Dalingane), hadde felles heimestøl som dei buførte til kring 10. juni, alt etter korleis våren var. Bnr. 1 hadde ein vårstøl som dei nytta vår og haust. Herifrå bar dei mjølka heim morgon og kveld.

Hovudstølen, eller heimestølen, var Røysete med beiteområda Kvanndalen og Breisetedalen. I Breisetedalen vart det to fjellstølar, Breisete og Myrsete. Dei låg nær kvarandre. På Breisete var det støling frå om lag 1912 til kring 1960. På Myrsete var det ikkje støling etter 1962, og 1965 var siste sommaren med stølsdrift på Røysete.

Bjørg Lidal Skeide fortel

Bjørg Lidal Skeide, fødd 1941, var budeie på stølane i Lidal like fram til det vart slutt i 1965. Ho fortel om arbeidet med ysting og kinning.

Bilete av Brita Berge med Bjørg Lidal på armen og Kjetil Miljeteig attmed.

Bilete av Bjørg Lidal som kokar graut.

Sette ystekjelen på kok

Ein gong i veka var det ysting og kinning. Då var me på stølen heile dagen. Elles var me heime på gardane kvar dag unnateke søndag. Av og til var det ysting to gonger i veka. Om morgonen var det å fylla ystekjelen ganske full og så kveikja under før me reiste og mjølka om morgonen. Då var det meste oppkokt når me var ferdige med å separera og vaska opp. Me hadde og sleppt ut kyrne, måka og ordna opp.

Gamalost

Først var det gamalosten som skulle lagast. Surmjølka hadde kokt og osten falle på botn i kjelen. So var det å ause myse opp i strokk og leggja ost i askane. Me hadde store og små askar. Me hadde òg ein god kluft som me sette dei på og hadde ulltøy i botn i asken - for der var det hol slik at mysa rann ut. So let me osten stå nokre dagar til den fastna godt. Då vart osten kvelvd på høy og nerv so han fekk stå og godgjera seg medan me snudde og vende på han. Osten stod på ei hylle over gruva so han fekk skikkeleg røyk og turk. So var det å vaska og skura opp att kjelen. Det var om å gjera å få kjelen blankast mogeleg.

Morgonmat

Etter dette arbeidet var det godt å slappa av litt. Då var maten gjerne råost (vart avteken før soten og mysa skilde lag). Me hadde surmjølk, råost og litt rømme og sukker. Det smakte veldig godt.
Dagen var enno ikkje komen so langt - kan hende klokka var om lag 10 på føremiddagen.

Kinninga

Etterpå var det i gang med kinninga. Då hadde me fått rømmen oppi kinna, som stod på ein krakk og so var det å gå i gang og laga smør.
Sume gonger skjedde det fort og andre gonger tregt. Me tok tappen vekk øvst på kinna for å sleppa luft or, og for å halda auga med med rømmen. Plutseleg skilde rømmen seg til smør og saup. Saupen helde me i ein koll, og smøret la me først i vatn. Etter å ha elta det, la me det i ein treask. So salta me smøret, og på ettermiddagen elta me det opp att og la det i ein treambar som var godt skura og vaska.

Røysete 2002

Bjørg Lidal Skeide var budeie på Røyset dei siste åra stølen var i bruk og kan fortelja om livet på stølen. Nær 40 år seinare er det med Røyset, Myrsete og Breisete som med mange andre stølar i Sogn, - her er husmurar, steingjerde og snaue teigar, sel og fjøs i forfall, ein og annan bruksgjenstand, men òg sel som er tekne vare på eller bygde opp att. Stølane er små område i utmarka, framleis rike på spor etter den gamle stølsdrifta.

På Røysete er to hus under tak, fleire der taket for lengst har gjeve etter, fem-seks murar, steingjerde, andre jordfaste spor, og ikkje så reint få bruksgjenstandar her og der. Eit ørlite historisk kulturlandskap, ei opa bok, som talar og teier på same tida.

Bilete av stølen i 2002.

Bilete av separatoren til Bjørg i 2002.

Bilete av to jordfaste steinar - dette var Klyvjasteinen for hest.

kjelder:

Ysting og kinning til støls i Lidal. I Dar breadn kalva. Fjærland sogelag. Årshefte. 2001.
Laberg, Jon: Balestrand. Bygd og ætter. Bergen 1934.
Munnlege opplysningar frå:
Bjørg Lidal Skeide, Fjærland, Sogndal.

PERMANENT IDENTIFIKATOR