Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Flåm kyrkje



Flåm kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1670. Kyrkja, som har 160 sitjeplassar, er bygd av byggmeister Magne Essen. Kyrkja erstatta ei kyrkje som vart riven i 1670. Dette var truleg ei stavkyrkje som stod om lag på same tufta som dagens kyrkje. Flåm kyrkje er i dag soknekyrkje for Flåm sokn i Aurland prestegjeld.

Flåm kyrkje er ei av dei gamle, fine, tømra 1600-talskyrkjene med rikt dekorerte vegger. Men ingen andre har måleri av hjort, rev og løve på veggene sine. Heller inga anna kyrkje enn Flåm kan vise til ei mellomalders riddarkappe frå Venezia, brukt som alterduk.

Flåm kyrkje er ei av dei gamle, fine, tømra 1600-talskyrkjene med rikt dekorerte vegger. Men ingen andre har måleri av hjort, rev og løve på veggene sine. Heller inga anna kyrkje enn Flåm kan vise til ei mellomalders riddarkappe frå Venezia, brukt som alterduk.

Eigar: Aurland kyrkjekontor.

Datering: 2002.

Fotograf: Bjarne Aagaard.

Kyrkja ligg på garden Flåm

Kyrkjestaden i Flåm er tett ved elva, like ved det gamle Flåmstunet. Flåm kyrkje er ei lita og intim kyrkje, mykje lik mange av dei andre 1600-talskyrkjene i fylket. Kyrkja er kledd med liggjande, brunmåla kledning. På kvar langside er det tre vindauge, to i skipet og eitt i koret. Tårnet står over vestenden av skipet, medan våpenhuset er bygt attåt mot vest. I tillegg til hovudinngangen gjennom våpenhuset i vest, er det ei dør på sørsida av koret.
Ofte er 1667 nemnt som byggjeår for kyrkja, men nyare forsking har vist at ho kom opp i 1670. Historikar og bygdebokforfattar Svein Indrelid meiner byggmeister Magne Essen braut avtalen med stiftsskrivaren og sette opp ei ny kyrkje på Fretheim i 1668, i staden for på Flåm. Men då denne kyrkja bles ned alt året etter, vart den nye kyrkja sett opp i 1670 på den avtalte staden på garden Flåm, ved sida av den gamle stavkyrkja, som vart riven same året.

Kyrkjebygningen

I dei påfølgjande åra vart kyrkja stadig sett i betre stand, m.a. med nytt våpenhus i 1680. Få år seinare, i 1686, vart kyrkja omtala som ein tømmerbygning med tårn og våpenhus, med eit skip på 8,7 x 7,2 m, eit firkanta kor med 5,4 m kvar veg, og eit våpenhus 3 m i firkant. Kyrkja var elles i god stand, og av synfaringa går det fram at ho var rikt ornert inni.
Frå starten var kyrkja tjørebreidd, men i åra 1828-30 vart ho måla kvit utvendig, og alle dei livlege 1600-talsdekorasjonane innvendig vart overmåla. Kyrkja var kvitmåla då kyrkjegranskar Bendixen var der i 1904, og innvendig var veggene lyseraude og gule. Det flate taket både i skipet og i kvelvingen i koret var kvitmåla. Utvendig stod kyrkja slik til 1926, då det vart bygt nytt våpenhus, tårnet vart ombygt, og heile kyrkja vart brunmåla. Litt av kvitmålinga inne vart fjerna i 1929 (eit lite felt i koret og eit i skipet), men fyrst i slutten av 1960-åra vart alt fjerna av konservator Ola Seter og Ola Grevstad. Det var ei pengegåve frå Fretheim hotell som gjorde det mogleg å vaske vekk målinga.

Inventaret

Altertavla frå 1600/1681 er ei ombygt renessansetavle, 216 cm høg, som opphavleg må ha stått i den gamle stavkyrkja. Utforminga av øvste høgda og gesimsen mellom dei to høgdene peikar i retning av ein profesjonell snikkar. Søylene og vengene har ringare kvalitet, og skriv seg truleg frå ombygginga. Årstalet 1681 er måla på, og kan gjelde både denne ombygginga og målinga. Tavla har innskrift som fortel kven gjevarane er. Bileta i tavla viser øvst Golgata-gruppa: Jesus på krossen, og Maria og Johannes på kvar side. Dei andre bileta er nokså originale for å vere i ei altertavle.

Riddarkappa frå 1300-talet er av halvsilke og voven i Venezia. Den er det einaste eksemplaret i Norge, omsydd og kanskje brukt ei tid som messehakel og til sist som antependium. Teppet har vovne figurar, og er laga både av lintråd, silketråd og "sølvtråd". Såkalla halvsilke frå mellomalderen er svært sjeldan.

Korskiljet i barokk stil er frå 1670, då kyrkja vart bygd. Preikestolen i tre er frå 1667. Døypefonten i tre er udatert. Også dåpsfatet i messing er udatert, medan dåpsmugga er frå 1982. Her er fire alterlysestakar i messing, to store og to små. Nattverdsutstyret er ein alterkalk og ein alterdisk frå 1500-talet i forgylt sølv. Kyrkja har tre kyrkjeklokker: ei frå kring 1500 utan innskrift, ei frå 1864 med innskrift og ei frå 1992. Orgelet med fire stemmer er frå 1979.

Kyrkjestove

Kyrkjestova i utkanten av kyrkjegarden er ei gammal tømmerstove frå kring 1830, som tidlegare stod på nabogarden og skulle rivast. Arbeidarungdomslaget i bygda kjempa for vern, trass i at kommunestyret sa nei, og fekk til slutt gjennomslag. Stova er no restaurert og modernisert og gjer teneste som sakristi, møtesal for kyrkjelyden m.m. Her står også ein utstillingsmonter med den gamle riddarkappa som lenge vart brukt som alterduk.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR