Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. februar 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

Gjestgjevarstaden Hellevik



Garden Hellevik ligg ved Stongasundet like nord for Stavang i Flora kommune. Frå slutten av 1600-talet til sist på 1800-talet vart det drive gjestgiveri og ein del handel her. Enno er det spor att etter den gamle gjestgjevarstaden.

Den store hovudbygningen i Hellevik stod med fasaden mot Stongasundet og var eit imponerande syn for dei som siglde forbi.

Den store hovudbygningen i Hellevik stod med fasaden mot Stongasundet og var eit imponerande syn for dei som siglde forbi.

Eigar: I Handels- og gjestgiversteder på Vestlandet.

Datering: 1970-talet.

Fotograf: Ukjend.

Gjestgiveriet ved Stongasundet

Hellevik låg gunstig plassert i høve til båttrafikken frå Førdefjorden og nordover mot Florø. Her var det smulare farvatn enn lengere ute. Frå Førdefjorden passerte ein forbi Stavang og gjekk nordover gjennom Stongasundet, mellom fastlandet og Stavøya. Her låg gjestgiveriet i Hellevik. Vidare kunne ein så sigla langs nordaustsida av Stavøya og gjennom Ålvårsundet, over Solheimsfjorden og så utover mot Furesund. Der var det gjestgiveri og skysstasjon. Hellevik låg òg gunstig til i det store kyrkjesoknet Svanøy (Bru). Kyrkja låg på Svanøy, og dit måtte folk reisa heilt frå gardane lengst inne i Nordalsfjorden, Eikefjorden og Høydalsfjorden. Dei fleste av desse måtte passere forbi Hellevik på veg til og frå kyrkja. På 1700-talet vart staden også tingstad, til liks med mange andre gjestgjevarstader.

Den fyrste tida

Dei fyrste som kjeldene nemner som gjestgjevarar i Hellevik var Albert (Albrigt) Pederson og kona Abigel Kristiansdotter. I 1682 står dei i skattelistene som krohaldarar, men tente så lite at dei ikkje vart krevd skatt. På denne tida var Hellevik eigd av kommissær Valchor Riisbech i Bergen. I 1712 kjøpte Antoni Helmer staden og fekk Albert Pederson til å seia ifrå seg bygsleretten mot at han skulle få sleppe å betale husbot. Då Helmer kom til Sunnfjord i 1711 var husa i Hellevik så dårleg vedlikehaldne at dei var mest utan tak. Helmer dreiv ein del handel ved sida av gjestgiveriet. Han klaga på at dei på Kipperholmen, like sør for Hellevik, dreiv med ulovleg sal av øl og tobakk. I 1714 er Maria Helmer enkje og gifter seg opp att med Holger J. Gedding. Han overtok då som handelsmann og gjestgjevar.

I 1720 gifte Maria seg for tredje gong, då med Wilhelm Bødcker. Tre år seinare er Hellevik omtalt i ein skattematrikkel. Her heiter det at Wilhelm Bødcker var eigar av 12 mrk, og at her var skog til både brensel og husvøling. Jorda var lettvunnen for dyrking av korn. Ein sådde ½ tønne og hausta 1 ¾ tønne havre. Kvern hadde dei også her. Buskapen var ein hest, fem naut, ein sau og tre geiter. Høy måtte dei få annanstads ifrå, men dei dreiv litt tjørebrenning her. Staden vart omtalt som eit gammalt, men dårleg, kremmarleie. Det vart tilrådd å ta 2 dalar i årleg skatt av den ringe plassen.

Martens-familien tek over

I 1732 hadde danske Christopher Vibe overteke som gjestgjevar i Hellevik. Han hadde fått handelsbrev på sal av tobakk, øl og brennevin. I følgje kjeldene skulle allmugen vera svært nøgde med måten Vibe dreiv handelen og gjestgiveriet i Hellevik på. Han vart ofte brukt som sakførar av folket i distriktet. Vibe var i fyrste ekteskapet gift med Wibeke Martens, og det var sonen hennar, Ludvig Martens, som i 1750 overtok som eigar av Hellevik. Vibe heldt fram som kremmar og gjestgjevar i lag med stesonen, men forholdet dei i mellom var til tider dårleg. Noko lønsam verksemd var visst ikkje gjestgiveriet i Hellevik, for i 1767 var det så smått med Martens at han knapt klarte å betala skattane han vart pålagd.
Ludvig Martens døydde i 1784 og to år etter fekk sonen, Christopher L. Martens, gjestgjevarløyve i Hellevik. I 1788 fekk han også kongebrev med skjenkeløyve. Den 23. juni 1799 skal fleire av husa i Hellvik ha brunne og Christopher L. Martens skal ha omkomme i brannen. I folketeljinga frå 1801 står enkja Margrethe P. Martens som gjestgjevar. Ho har to born, Ludvig på 10 år og Gierke på fire, og to tenarar.
Margrethe må ha drive som gjestgjevar fram til 1825, då er det sonen Ludvig som har overteke denne tittelen. Han skal ha utvida handelsverksemda her. I folketeljinga frå 1865 er Ludvig Martens kårmann i Hellevik, medan sonen Christopher står som gardbrukar. Grunnen til det kan vera at det gjekk attende med både handelen og gjestgiveriet. Då Christopher Martens selde Hellevik i 1891 til John Hansson Snilstveit hadde gjestgjevarstaden vore i same familie sidan 1732.

Bygningane

Opphavleg skal det ha vore om lag ti bygningar i Hellevik. Våningshuset, som vart rive på 1980-talet, var ein stor bygning i to etasjar med fasade mot sjøen. Bygningen hadde vorte påbygd i fleire etappar, den eldste delen vart truleg bygd etter brannen i 1799. Her var det eit futerom og eit skrivarrom. Like nord for våningshuset låg borgstova og eit stabbur. Borgstova inneheldt også ei skjenkestove og var opphavleg i to etasjar, men vart seinare gjort om til ein etasje. Tunet bestod også av eit eldhus, eit grishus, eit kvernhus, eit fjøs med løe og ei sjøbu. Nede ved sjøen låg eit naust og eit nothus. I 1980 kunne ein framleis sjå restar av grunnmurane etter ei lita løe og eit grindbygd sjøhus. Rett attmed skjenkestova stod i sin tid ei tingstove. I tillegg veit me at det har stått eit moldhus og ein gradflor her.
Mange av bygningane er i dag rivne. Då det på 1980-talet skulle byggjast veg med bru over til Stavøya vart våningshuset sprengd i lufta. I september 1990 skreiv avisa Firdaposten at eigaren hadde rive eitt av dei gamle husa her. Noko han vart sterkt kritisert for.

Snilstveit - fiskarar og noteigarar

Då John Snilstveit kjøpte Hellevik vart det slutt på handelen og gjestgiveri-haldet her. Snilstveit var fødd på Snilstveitøy i Kvinnherad i Hardanger. Han dreiv gardsbruk på Hellevik, men hovudnæringa hans var som fiskar og noteigar. Etter han overtok dei to sønene Reinhardt og Annanias. Dei budde på garden like til dei døydde - over nitti år gamle. Reinhardt hadde vore nokre år i Amerika, men vende heim att og slo seg ned her i lag med broren. Ingen av dei hadde born, men det var ein nær slektning som arva garden. Til liks med den fyrste Snilstveit på Hellevik heiter også han John. Fisket har vore hovudnæringa for alle dei tre generasjonane Snilstveit.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Joleik, Albert A.: Soga om Flora fram til 1801. Utgjeve av Flora Sogenemnd. Bergen, 1980.
Munksgaard, Jan Henrik: Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet, Del 3. Sogn og Fjordane. Utgjeve av Kystmuseet i Sogn og Fjordane - Historisk Museum. Bergen 1980.
Stavang, Harald J.: Flora - Kulturshistorisk vegvisar. Selja Forlag, Førde 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR