Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. desember 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Svelgen kapell



Svelgen kapell er ei arbeidskyrkje i betong som står i kommunesenteret Svelgen i Bremanger kommune. Kapellet, som har 290 sitjeplassar, vart vigsla 9. oktober 1960 av biskop Ragnvald Indrebø. Arkitektane Claus og Johan Lindstrøm laga teikningane. Svelgen kapelldistrikt er ein del av Midtgulen sokn i Davik prestegjeld.

Svelgen kapell er ei moderne kyrkje, ein mellomting mellom tradisjonell kyrkje og arbeidskyrkje.

Svelgen kapell er ei moderne kyrkje, ein mellomting mellom tradisjonell kyrkje og arbeidskyrkje.

Eigar: I På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane 1. Nordfjord og Sunnfjord.

Datering: 2000.

Fotograf: Thomas Bickhardt.

Planane endra frå bedehus til kapell

Svelgen hadde lenge ikkje anna forsamlingshus enn Folkets hus, etter at staden vart bygd ut med kraft og industri etter 1920. Her vart det halde nokre få søndagspreiker i året, elles var det Midtgulen kyrkje folk søkte til, og før den tid, kyrkjene på andre sida av Frøysjøen. Før krigen var det planlagt å byggje eit bedehus i Svelgen. Til det føremålet hadde Bremanger Kraftselskap gitt gratis tomt på Naustneset.

Etter krigen vart Svelgen bygd ut til ein moderne, vel regulert industristad rundt hjørnesteinsverksemda Bremanger Smelteverk. I 1946 vart bedehusplanane endra til bedehuskapell, og det nyskipa Svelgen Vel gjekk i gang med årlege basarar. Indremisjonen gav midlane dei alt hadde samla inn til kapellet, og arbeidet kom godt i gang. Det vart strid om den opphavlege tomta, og saka enda med at ny tomt på Skuleberget vart gitt i gåve av Bremanger Smelteverk i 1957. Denne tomta låg høgt, med utsyn over bygda.

Lite pengar

Ein viktig grunn til at det tok bortimot 40 år før planane om eit gudshus vart realiserte, var nok at folkeauken i Svelgen-samfunnet også tok mange år. I 1955, då Christiania Spigerverk overtok verket, kom den store folketalsveksten. Og dermed kom også viktige bidrag til finansieringa. Her som i dei andre store industrisamfunna i fylket bidrog verket med pengar til kyrkjebygget.

Av omsyn til fasaden, at han skulle vise best mogleg, vart kyrkja ikkje lagd i vanleg aust-vest-retning, men meir nordaust-sørvest. Frå fyrst av var planen å byggje kjellar, men det vart for risikofylt å gå i gang med å sprengje i fjell utan å vite kostnadane dette ville medføre. I staden vart det vedteke å setje opp eit tilbygg med møtesal ved sida av kyrkja. Men då byggjearbeidet skulle setjast i gang, måtte også denne delen sløyfast, det var ikkje pengar nok. Inflasjonen i 1950-åra åt sakte opp midlane som var innsamla. Byggjenemnda hadde problem med å finne nok midlar til å fylle bygget med inventaret som høyrde med i eit gudshus. Det endelege resultatet vart difor eit kyrkjebygg med prestesakristi, møterom, eit lite kjøken og toalett. I eit tilbygg ved sida av hovudinngangen står klokketårnet med bårehus i nedste delen.

Kapellet

Pengevanskane er også forklaringa på at den innvendige møbleringa og utsmykkinga vart svært enkel. Slik Svelgen kapell er i dag, slik var det også innreia frå byrjinga. I staden for vanlege kyrkjebenker fekk kapellet stolar måla i ein markert blåfarge. I koret er der ein enkel trekross som gjer teneste som alterpryd. Sjølve kordelen er noko smalare enn skipet, det har flatt panelt tak som skråar ut til fire sider. Formene er firkanta både på kordelen, døypefonten og preikestolen. I koret er der berre eitt vindauge, i kyrkjeskipet er der fire på kvar side med småruter i blyinnfatning.

Veggene er kvitkalka, og den raude løparen, som også dekkjer korgolvet, er ein fin detalj som mjukar opp det elles litt kalde inntrykket både med omsyn til fargar og form. Ein annan fin detalj er det vesle galleriet, der orgelpipene på kvar side av orgelet er forma etter kvelvingen i taket. Også i skipet er takkvelvingen i panel, men med nedfelt flatt tak ut mot sidene. Frå gangen ut mot tilbygget er der eiga dør som fører inn til preikestolen.

Kyrkja ligg framleis høgt, men ikkje lenger så synleg på grunn av skogen som gjennom åra har vakse opp i området. For å finne fram må tilreisande ofte spørje etter vegen, den smale stikkvegen på vestsida av sentrum er vanskeleg å finne på eiga hand. Men dette er nok ikkje berre eit problem for tilreisande. I alle fall er den smale vegen eit problem for folk flest, særleg vinterstid. Det er på tale å få ny veg til kapellet, og det er også planar om å utvide parkeringsplassen framfor bygningen.

Kunst og inventar

Altertavla er ein enkel trekross i furu. På alteret står to lysestakar i sølv, ein har innskrifta "Marit Kleivens Minne". Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk i sølv med innskrifta "Fra Svelgen Indremisjon 09.10.1960", samt ei brødøskje og ei vinkanne i sølv.

Det meste av inventaret er frå 1960. Preikestolen er laga av Brødrene Bjørlo. Døypefonten er i kleberstein og veg nærare 900 kg. Han er forma av Vestlandske Stenhuggeri. Dåpsfatet i sølv har innskrifta "La de små barn komme til meg og hindre dem ikke - for Guds rike hører sådanne til", og "Fra Den indre Sjømannsmisjon 09.10.1960". Dåpsmugge i sølv har innskrifta "Fra Svelgen Jernarbeiderforening 09.10.1960". Orgelet er bygt av J. H. Jørgensen. Kyrkjeklokka frå 1946, er laga av Olsen Nauen Klokkestøperi AS, og har innskrifta "Håp".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR