Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. juni 2001

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Handelsstaden Døsen



Garden Døsen ligg på vestsida av Lustrafjorden ved osen av Døsjelvi, eit stykkje sør for Dale kyrkje. Døsen grensar til Nygard i sør og Dale i nord. Midt gjennom tunet går riksveg 55 - hovudvegen mellom Sogn og Gudbrandsdalen.

Garden Døsen i Luster. På oppsida av riksvegen ser me driftsbygningen og stabburet i lag med gjestgiveriet. På sjøsida av vegen ligg kaien med den gamle tingstova som vart nytta både til butikk og dampskipsekspedisjon. Denne bygningen vart riven kring 1990. Meierihuset låg også på sjøsida av vegen. Huset vart lenge nytta som bustadhus, men er no rive.

Garden Døsen i Luster. På oppsida av riksvegen ser me driftsbygningen og stabburet i lag med gjestgiveriet. På sjøsida av vegen ligg kaien med den gamle tingstova som vart nytta både til butikk og dampskipsekspedisjon. Denne bygningen vart riven kring 1990. Meierihuset låg også på sjøsida av vegen. Huset vart lenge nytta som bustadhus, men er no rive.

Eigar: Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

Datering: før 1980.

Fotograf: Ukjend.

Handel på 1600-talet

I 1653 kjøpte Søren Jensen Døsen hjå Anders Nilsen. Søren Jensen var truleg frå Danmark og vert rekna som den fyrste handelsmannen på staden. Truleg dreiv han handel her til Christen Lemvig overtok i 1696. Både Søren Jensson og Christen Lemvig eigde bruket Mykletun medan dei festa grunnen til handelsstaden hjå soknepresten. Lemvig dreiv handelsverksemda på Døsen til han døydde i 1732. Enkja, Metta, heldt fram drifta av handelen.

Hard konkurranse

I Luster skipreide var det ei stund på 1700-talet tre kremmarleie - landhandleri. Det eine låg på Eide i Skjolden, det andre på Heltne og det tredje på Døsen. Det vart mykje kniving mellom eigarane av Heltne og Døsen - som ligg rett ved sidan av kvarandre. Stoda vart ikkje betre av at det låg eit gjestgiveri på Dalsøyri - i same området. I 1742 skreiv futen at Døsen var ein unødvendig handelsstad ettersom Heltne og Dalsøyri kunne forsyne bygda med dei nødvendige varer og tenester. Men Døsen helt fram som kremmarleie utover 1700-talet. Dette trass i at korkje Dominicus Lemvig eller etterfølgjaren Hans Rue Schjelderup hadde borgarbrev i Bergen. Lova var slik at den som skulle få løyve til å driva handel måtte ha borgarbrev frå ein by - for Sogn var Bergen byen. Dominicus Lemvig fekk 1. juli 1746 løyve til å driva landhandel på Døsen og 20. april 1770 fekk etterfølgjaren hans formelt løyve til å driva som landhandlar. Desse to vart velhaldne menn med høg status i lokalsamfunnet og har fått mykje av æra for at Døsen vart ein sentral handelsstad i indre Sogn.

Tøger Hansen

I 1799 overtok Tøger Hansen landhandelen på Døsen etter svigerfaren Henrik A. Nitter. Han fekk i 1800 løyve til å driva gjestgiveri, og gjestgjevarbygningen vart truleg sett opp på denne tida. I folketeljinga frå 1801 finn ein Hansen nemnt under Dale prestegard - handelsstaden vart framleis festa hjå soknepresten. Han bur i lag med kona og sonen, Hans, to tenarar og ein "inderst". (Inderst: Leigebuar med eige hushald). Etter å ha budd ei tid på Rønnei og Bollingberg i Gaupne - frå 1802 - flytta Hansen attende til Døsen i 1807. Han heldt fram som handelsmann og gjestgivar her til 1812. Då flytta han til Lærdalsøyri og vart handelsmann og gjestgivar der.
Nye folk tok over drifta av handelen på Døsen. Etter at Mons Hansen og Hans Rue Olsen den eldre hadde drive handelen på staden tok Hans Rue Olsen den yngre over i 1864.

Hans Rue Olsen Døsen

12. januar 1841 vart Lyster postopneri skipa og kunne starta verksemda på Døsen same våren. Kven som var den fyrste postopnaren veit ein ikkje sikkert, men kyrkjesongar Hetlesæter var ein av dei fyrste. I 1858 kom Døsen med i rutene til Fylkesbaatane og på 1860-talet vart det tilsett ein dampskipsekspeditør for Luster her. O. Paulsen skal ha vore den fyrste ekspeditøren. Sidan overtok landhandlar Hans Rue Olsen som dampskipsekspeditør i 1867 og som postopnar i 1870. Hans R. Døsen var i perioden 1890 til 1895 medlem av direksjonen i Fylkesbaatane. På 1890-talet stod Hans R. Døsen bak ombygginga av det store og dominerande hovudbygningen på Døsen. Denne bygningen, som alt i mange år hadde vore gjestgiveri, vart då bygd om i sveitserstil. Elles finn ein ei mjølkebu, eit stabbur og ein driftsbygning på Døsen. Mot fjorden låg meieribygget - meieriet var i drift i perioden 1888 til 1894. På kaien stod ein stor bygning i halvanna høgd der den gamle tingstova var bygd inn. Denne bygningen hadde dampskipsekspedisjon mot sjøen og ein butikk mot vegen. Tingstova var truleg det eldste forsamlingshuset i kommunen. Den vart bygd etter brannen på Døsen i 1754 og har også vore kommunalt møtelokale.

1900-talet

Egil Hansen Døsen tok over som både landhandlar, dampskipsekspeditør og postopnar. Attåt dreiv han garden med paktar og hadde ei tid både ei mølle og eit sagbruk i drift. Landhandelen leigde han etter kvart bort, fyrst til Martin Hauge og seinare til Ernst Ugulen, medan dottera Jensine overtok som postopnar. Som ein del av handelsverksemda var det bakeri i lag med butikken. I 1890 var Nils Johannessen bakarsvein her. Den siste bakaren var Sigurd L. Hauge, som budde i Meierihuset, han slutta i 1957. Då Døsen vart nedlagt som rutebåtstoppestad i 1962 var Ove Andersen ekspeditør, svigersonen til Egil H. Døsen. Butikken vart driven fram til 1971. Egil O. Døsen tok over garden i 1975, og dreiv ei tid både som gardbrukar og gjestgjevar. I 1987 overtok Ove Andersen, bror til Egil O. Døsen, garden. Han arbeidde ei tid på Jordbruksskulen i Aurland før han overtok Døsen, men er no tilsett på Fortun Kraftverk og driv ikkje med gardsdrift. Gjestgiveriet var i drift fram til 1988.
I 2001 bur Ove Andersen på Døsen saman med kona Marianne Hauglum og dei to borna deira. Det vert korkje drive handel eller gjestgiveri på Døsen lenger, og postkontoret og damspskipsekspedisjonen er for lengst historie.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munksgaard, Jan Henrik: Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet, Del 3. Sogn og Fjordane. Utgjeve av Kystmuseet i Sogn og Fjordane - Historisk Museum. Bergen 1980.
Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaia, Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998, Selja Forlag. Førde 1998.
Øyane, Lars E.: Gards- og ættesoge for Luster kommune, band II - Dale sokn. Utgjeve av Luster kommune; Kulturetaten. Oslo/Gjøvik 1986.
Munnleg informasjon:
Ove Andersen og Marianne Hauglum, Luster.

PERMANENT IDENTIFIKATOR