Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Mjømna kyrkje



Mjømna kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på øya Mjømna, langt vest i Gulen kommune. Kyrkja, som har 310 sitjeplassar, vart vigsla 5. november 1901 av biskop Johan Willoch Erichsen. Anders Korsvold, frå Gulen, var både arkitekt og byggmeister. Kyrkja er soknekyrkje for Mjømna sokn i Gulen prestegjeld. Soknet vart oppretta ved kongeleg resolusjon av 23. juni 1900.

På ei tidlegare utmark på øya Mjømna fekk øyfolket reist ei enkel og stilrein kyrkje i 1901. Biletet er frå 100-årsjubileet i 2001.

På ei tidlegare utmark på øya Mjømna fekk øyfolket reist ei enkel og stilrein kyrkje i 1901. Biletet er frå 100-årsjubileet i 2001.

Eigar: Gulen kyrkjekontor.

Datering: 2001.

Fotograf: Ukjend.

Eiga kyrkje for øyfolket!

Temperaturen i soknekyrkja har vel aldri vore så høg som den gongen øyfolket og "fjordingane" møttest i Eivindvik for å diskutere ønskjet om ei kyrkje på Mjømna, for øyfolket. Motstanden frå resten av omverda var mildt sagt sterk. Dei måtte kjempe ein kort, men hard kamp før kyrkjesaka kunne realiserast.

Tidlegare var kyrkja i Eivindvik soknekyrkje for øyane. Kyrkjevegen for øyfolket som budde lengst unna, var over to mil. Dei måtte tidleg av garde og ofte trasse harde sjøstykke før dei var trygt framme i kyrkja. Etter kvart som Byrknes fekk postopneri og Mjømna vart stoppestad for Fylkesbaatane, meinte stadig fleire at no måtte tida også vere inne for ei kyrkje lenger ute i øygarden. I 1897 gjekk ordføraren i Gulen med på å kalle inn til folkemøte i Eivindvik kyrkje. Sjeldan har vel sinna vore sette slik i kok som då folk frå heile prestegjeldet skulle tale for eller imot kyrkje på Mjømna.

Mjømnekomiteen

Ordføraren tala øyfolket midt imot, vel vitande om at han hadde kommunestyret i ryggen. "Fjordingane" gjekk også imot. Det vart for dyrt med ei kyrkje til, skattane var høge nok som dei var, argumenterte motstandarane. Dessutan budde der ikkje så mykje folk ute på øyane. Folket frå dei mange små grendene utover i øyane og byrknesingane vart rasande alle som ein. Før møtet var slutt reiste dei seg frå benkene og forlet kyrkja i protest.

Mjømnekomiteen med lærar Hans Wergeland i spissen nekta å gi seg. Dei var 700-800 menneske som ville sokne til den eventuelle nye kyrkja på Mjømna. Det var eit bra stort folketal, og skatten skulle ikkje bli noko problem, meinte både Wergeland og mange med han. Eit arbeidsutval vart nedsett, og kampen heldt fram med god hjelp av juridiske rådgjevarar og rettslege tiltak. Det tok ikkje lang tid før øyfolket vann fram med kravet om ei eiga kyrkje på Mjømna, men prosessen var uvanleg tøff medan han stod på.

Lokal arkitekt

Byggmeister Anders Korsvold var ein dyktig bygningsmann, og tok på seg å levere teikning til kyrkjebygg. Framlegget vart godkjent med berre små endringar av arkitekt Schirmer, som på den tida var statleg bygningsinspektør. Kyrkjetomta vart ein høveleg stad i ei utmark ned mot sjøen. Rundt på alle sider er ho omkransa av nakne knausar. Slik er ramma for kyrkja som har kalla folket i øyriket til kyrkje sidan 1901. Plasseringa ute i det vêrharde området speglar av vilkåra som kyrkjelyden lever under.

Bygningen

Mjømna kyrkje er ei enkel og fin kyrkje. Ho har dei vanlege sakristia på kvar side, og i austenden ein høg firkanta tårnhals over tårnfoten som også er våpenhus. Kyrkjespiret er kraftig og ikkje særleg høgt. Som ny vart ho måla innvendig i ein lys grønfarge, men med gule felt i dørene og grøne felt i dei heller breie galleriet. Kyrkjeskipet har flatt tak i midten som skrånar ut mot sidene, der det er tre søyler på kvar side og fine spissboga vindauge i sideveggene. I koret er der eitt vindauge på kvar side. Kyrkja er enkelt dekorert, men har tannsnittrand som ein også finn i dei seinare kyrkjene Korsvold bygde, t.d. i Gaupne nye kyrkje. Frå fyrst av stod her berre ein utskoren kvit trekross på alteret, denne vart i 1927 skifta ut med ei altertavle.

Til 50-årsjubileet vart Mjømna kyrkje restaurert og fekk då fargane ho har i dag. Det vart gjort berre små endringar og reparasjonar på sjølve kyrkjehuset. I 1973 vart det sett opp eit tilbygg med toalett og bårehus.

Inventar

Altertavla er eit oljemåleri på lerret av den lokale målaren Vilhelm Bjørknes. Dei to trearma lysestakane på alteret er i sølv. Nattverdsutstyret i sølv er ein kalk, ein disk, og ei vinkanne, alle udatert. Døypefonten i tre er truleg frå 1901, dåpsfatet i sølv er frå 1909, med innskrift, dåpsmugga i sølv er udatert. Preikestolen, som står til venstre for alteret, er frå 1901.

I kyrkja heng eit votivskip frå 1992, forma som ein færing. Det er laga av Ola Eiksund. Orgelet frå 1965 har seks stemmer. Det erstatta eit gammalt harmonium, som no står i bedehuset på Byrknes. Kyrkjeklokka er frå 1901 og er laga av Olsen og Nauen klokkestøperi.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR