Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Språk

Kapellneset - fyrste kyrkjestaden på Vågsøya



Det fyrste kyrkjehuset på Vågsøy, ei kapellkyrkje, vart bygd i 1580 på eit nes eit stykke sør for Raudeberg. Dette neset vart seinare kalla Kapellneset. Kyrkja vart riven kort tid etter 1853 då det vart bygt ny kyrkje på Røysa på Raudeberg. I 1922 vart det reist eit minnetårn i tre på den gamle kyrkjestaden og i tida etterpå halde årlege olsokgudstenester. Seinare vart dette erstatta med eit tårn i stein.

Klokketårnet som no står på kyrkjestaden på Kapellneset vart bygd i 1944 etter modell av St. Albanus-tårnet på Selja.

Klokketårnet som no står på kyrkjestaden på Kapellneset vart bygd i 1944 etter modell av St. Albanus-tårnet på Selja.

Eigar: Hermund Kleppa.

Datering: 1990.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Kyrkjestaden - kulturminne

Ved tusenårskiftet er kyrkjestaden på Kapellneset eit godt synleg og vedlikehalde kulturminne i Vågsøy. Den gamle kyrkjegardsmuren omgjev kyrkjegarden og kyrkjetufta. I 1922 vart det bygd eit klokketårn i tre for å markera den gamle kyrkjestaden. Dette stod seg diverre ikkje serleg lenge mot ver og vind, og vart ombytt med eit større tårn i stein i 1944. Tårnet, som har to golv, er bygd etter modell av Albanus-tårnet i klosterruinene på Selja. Klokka er den same som var i kapellkyrkja, som igjen fekk ho frå mellomalder-kyrkja på Silda. Steinhella ved inngangsdøra til klokketårnet er den same som låg ved inngangsdøra i kapellkyrkja.

Lita og låg

"Vaagsø Capel" på Kapellneset avløyste eit tidlegare kapell på Silda. Ho var lita og låg, og utan tårn, snaue 8 meter lang og vel 6 meter brei. I austre enden var det bygd til eit kor på vel 4,5 meter i kvar kant. Inngangsdøra var på nordre langside, heilt i vestenden. Høgda opp under raftet var truleg ca 3 meter. Frå fyrst av var taket tekt med torv, seinare med teglstein. Amtmann Collett var ikkje vidare imponert då han i 1643 karakteriserte det fyrste kyrkjehuset på Vågsøy: "Vaagsø Capell ligner en almindelig stygg lade." Kva vågsøyværingane flest tenkte om kapellet sitt, veit me derimot ikkje noko om. Truleg var det viktigaste for dei fleste at dei hadde eit kyrkjehus å gå til som ikkje låg for langt unna.

Siste gudsteneste i 1853

Etter kvart vart trongen for ny kyrkje meir og meir påtrengjande. Dei hadde måtta støtta ho opp for å motverka slagside mot nord, og innpå 1800-talet auka folketalet slik at mange måtte stå ute under gudstenestene. Kyrkjegarden var og altfor liten. I 1847 gjorde prost Koren framlegg om ny kyrkje på Røysa. Siste høgmessa i kyrkja på Kapellneset vart halden 2. pinsdag, 16. mai 1853. Kort tid etter vart kyrkja seld til kjøpmann Ole Smidt i Måløy.

Kyrkjeklokka på videvanke

Klokka som i dag heng i tårnet på Kapellneset er den same som hang i kapellkyrkja der. Etter å ha vore på videvanke i årevis, kom klokka attende på sin rette stad i 1922 då ho vart plassert i minnetårnet "Fædres Minde". Kyrkjestad-nemnda fann klokka hjå lensmann Lem i Sogndal, der ho hadde vore brukt som stabbursklokke og matklokke. Lem'en synte velvilje og storsinn då nemnda kom på besøk og spurde om å få klokka med seg. Dei fekk ho vederlagsfritt.

kjelder:

Barmen, Wilhelm og Berg, Olav: 1580-1980 Kapellneset. 1980.
Os, Edvard: Selje og Vågsøy, bygdene og bygdesamfunnet. Oslo 1957.
Nerheim, Erling: 400-års jubileum for første kyrkjestad på Vågsøya. I Jul i Nordfjord. 1980.