Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 29. juni 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Gjestgjevarstaden i Glavær



Glavær ligg like sør for innløpet til Sognefjorden mellom Hille og Hisarøy. Glavær er i røynda fleire øyar, og på søre Glavær låg gjestgjevarstaden. Den indre skipsleia går rett utanfor Glavær. Frå dei eldste tider har her vore båthamn for seglande og roande. Søre Glavær har truleg den beste småbåthamna i Gulen. Fyrst og fremst var det jektene som søkte hit medan dei venta på god bør.

Glavær i nyare tid. Våningshuset er ombygt. Bondestova er vekke.

Glavær i nyare tid. Våningshuset er ombygt. Bondestova er vekke.

Eigar: Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

Datering: før 1980.

Fotograf: Ukjend.

Framifrå hamn

Sidan søre Glavær ligg så gunstig til ved skipsleia og med ei slik framifrå hamn, var det ikkje rart at her vart gjestgjevarstad. Det var særleg sogningar på veg til eller frå Bergen som nytta seg av dette, men også reisande nord- eller sørover langs kysten. Her kunne det vera godt å ta inn før turen gjekk over Sognesjøen, eller etter ein strabasiøs seilas nordfrå.

Bilete av gjestgiveriet på søre Glavær.

Den fyrste gjestgjevaren

Den fyrste som fekk privilegium på drift av gjestgjevarstad var Hans Anderssen, hausten 1753. Han hadde tidlegare drive ulovleg sal av øl og brennevin. Gjestgjevaren i Skjerjehamn hadde gått til sak mot Hans for dette. Saka kom opp på tinget i 1754, men vart lagt bort då Hans gjekk med på å skriva under på ei fråsegn om kva varer han kunne og ikkje kunne selja. I 1778 fekk han nya opp att løyvet til å driva kro og gjestgiveri.

1800-talet

Dottersonen til Hans, Anders Olsen, tok over drifta av gjestgjevarstaden og gardsbruket i 1784 og dreiv fram til 1811. Han hadde kongeløyve på å driva gjestgiveri, og i 1785 fekk han odelstransport frå mor si. I 1801 budde han på søre Glavær i lag med kona Marte Kristine Sørensdotter Parelius og deira tre born; Synneve, Søren og Giske. Truleg var det Anders som bygde Bondestova, som i dag står på Sogn Folkemuseum.

Bilete av Bondestova som i dag står på Sogn Folkemuseum.

Landhandel

Søren overtok drifta etter faren og eigde gjestgjevarstaden fram til 1848. Han fekk nytt løyve i 1821. Den neste gjestgjevaren, Jens Johan Anderssen, kom til Glavær i 1838. Jens dreiv landhandel, truleg leigd. I 1848 kjøpte han gjestgiveriet, men alt i 1850 måtte han pantsetje alt for eit lån i Ytre Sogn Overformynderi. Året etter vart søre Glavær seld til Niels Gregoriussen Nordanger, frå Manger. Han dreiv gardsbruket, og attåt dreiv han både landhandel og gjestgiveri med sal av øl og vin. I 1860 søkte han kongen om å få selja brennevin, men fekk avslag. Då Niels døydde i 1872, dreiv enkja, Georgine Kristine, staden til 1874. Ho gifte seg opp att med Klaus Martinus Olsen Børholm. I folketeljinga frå 1875 vart han kalla gardbrukar, landhandlar og leiglending. Drifta av gjestgiveriet ser ut til å vera over. Klaus dreiv eigedomen fram til 1909.

Bygningane

Av dei gamle bygningane står våningshuset frå midten av 1860-åra. Det er noko ombygt. Løa og fjøset er under same tak. Ei sjøbu, eit naust og ei smie er no vekke. Den gamle bondestova vart flytta til Sogn Folkemuseum i 1930.
Frå fyrst av vart stova kalla Klokkarstaua. I 1830 og 1868 vart ho mykje vølt og ombygd. Ho fekk då namnet Skjenkestuen. I ein branntakst for Glavær i 1846 er det nemnt åtte hus, verde 747 spesidalar. I 1868 var her 5 hus. Det nye våningshuset stod då nettopp ferdig.
Arnold Lockertsen vølte og bygde på dei gamle stovehusa på 1950-talet. Han pryda romma med sjølvlaga målarstykke både på dører og vegger.

Bilete av Glavær med kokehus til venstre, Bondestova med butikk i midten, hovudbygningen til høgre, og uthus og løe på baksida.

Glavær i nyare tid

Gjestgiveriet var slutt før 1875 og handelen ser ut til å ha teke slutt kring 1880-1890. I folketeljinga i 1900 er eigaren kalla gardbrukar, sjølveigar og fiskar. Som ein del andre gamle handels- og gjestgjevarstader ved kysten vart det kombinasjonen jordbruk og fiske som vart hovudnæringa for folket på Glavær. Etter kvart vart jordbruket mindre viktig, medan fiske og båtfrakt vart viktigare. Glavær fekk ikkje elektrisk kraft før i 1958, og telefon i 1962. Ingeniør Ottar Straume fekk skøyte på søre Glavær i 1962. Han har vore busett i Ytre Arna og har nytta Glavær til fritidsbustad. Det har ikkje budd fastbuande her sidan 1960-talet. Per mars år 2001 er det Oddmund Straume som eig staden. Han bur i Os kommune, utanfor Bergen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munksgaard, Jan Henrik:Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet, Del 3. Sogn og Fjordane. Utgjeve av Kystmuseet i Sogn og Fjordane - Historisk Museum. Bergen 1980.
Kleiva, Ivar:Gulen i gammal og ny tid, Gards- og ættesoga, Band 3. Stavanger 1996.

PERMANENT IDENTIFIKATOR