Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 24. juni 2019

Sist oppdatert 25. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein i Romsdal over jostedøler – Anders Vestad og Kari Vestad



«I fjor sommar [1974] vart det sett opp ein minnestein på kyrkjegarden på Veøya i Romsdal. Det var etterkomarane av Anders og Kari Ormberg Vestad som på denne måten ville heidre dei to som vart opphavet til ei stor slekt» (Avisa Sogningen/Sogns Avis, 19.06.1975)

Minnestein ved Veøy kyrkje, Molde kommune. Steinen vart sett av Vestad-slekta i 1975.

Minnestein ved Veøy kyrkje, Molde kommune. Steinen vart sett av Vestad-slekta i 1975.

Eigar: Gravminner i Norge – Slekt og Data-Norge

Datering: 2008

Fotograf: Odd Fremstedal

Fødd 1795 eller 1796?

Minnesteinen har innskrift som på vanlege gravminne, med namn og årstal. Det står:

ANDERS A. VESTAD
frå Ormberg i Jostedal
(teikn for fødd) 1795 (teikn for død) 1876
KARI H. VESTAAD
f. Nedrelid
(teikn før fødd) 1804 (teikn for død) 1875)

Om lag 80 personar av den store Vestad-slekta var med på slektsstemna i 1975. Dei rekna då med at slekta talde meir enn 2000 personar. Folk kom frå «fjern og nær», jamvel heilt frå Hammerfest, står det å lesa i Sogningen/Sogns avis. Tiltaket var så vellukka at det vart skipa til nytt slektsstemne året etter.

Flytte frå Jostedal

Garden Ormberg ligg på austsida av Jostedøla, og er den første garden framover i dalen (oppover, til venstre i biletet) etter grenda Myklemyr. Av Lars Øyane si bygdebok Jostedal sokn (1994) går det fram at Anders Andersson Ormberg, fødd 1796, fekk skøyte på hovudbruket etter faren. Anders gifte seg i 1822 med Kari Hansdotter frå Nedrelid, ein gard lenger framme i Jostedalen. År 1832 flytte huslyden til Veøy prestegjeld i Romsdal og busette seg på garden Vestad på øya Sekken. Dei hadde då 3 born.

Anders og Kari Vestad fekk i alt 11 born, og av desse gifte 9 seg og fekk born. Utanom borna med kona Kari, hadde Anders ein son, Rasmus, før han gifte seg.  Han flytte òg til Romsdal, gifte seg der og fekk 7 born. Den store etterslekta pr. 1975 fekk såleis ein god start med første generasjon. 

To årstal: 1795 og 1796

Anders (Ormberg) Vestad er oppførd med to fødselsår. På steinen står 1795, i bygdeboka står det at han vart døypt 6. november 1796. På denne tida var det vanleg å ikkje la det gå lang tid frå fødsel til dåp, og etter som Anders vart døypt seint på året, er nok det rette årstalet 1796.

Kyrkjebok for Jostedal (1770-1806) viser at Anders Aarenberg (Ormberg) blei døypt 6. november 1796. I rubrikken til venstre står: Døbt 1 Drenge Barn Anders. I hovudrubrikken: Samme Dag [24. søndag etter Trinitatis, som år 1796 fall på 6. november] døbt 1 Drenge Barn kaldet Anders, fød af Foreldrene Anders og Gunild Aarenberg. Vidner: Erich Aasen, Erich Foshougen, Hendrich Aarenberg, Madame Aabel og Britha Fosøyen.

Vidgjeten bjørneskyttar – ein gong var det nære på

«Attåt å vera gardbrukar, var også Anders Vestad kjend som ein dyktig bjørneskyttar», står det i avisstykket. Han hadde felt eit halvt hundre bjørnar.

Det var mykje bjørn på denne tida, og bjørnesoger ser ut til å ha vore godt stoff for avisene. Ei og same soga står ofte å lesa i fleire aviser. Eit døme i så måte er ei notis i Christiania-avisa Den Norske Rigstidende, 4. oktober 1849, med referanse til Romsdals Budstikke, Molde.

Det var kome endå ein bjørn til byen, ein stor ein, som var skoten på garden Hovdenak i Veøy av den «bekjændte» bjørnejegeren Anders Vestad. Men denne gongen kunne det gått verkeleg gale. Då bjørnen fall for skotet, og Anders kom borttil i den tru at bjørnen var daud, reiste dyret seg og gjekk til angrep. Anders ville vore «Dødens visse Bytte», står det i notisen, om ikkje ein hjelpesmann hadde kome til og teke tak i øyrene på bjørnen. Bjørnen slepte taket, slik at Anders kom seg laus; svinga børsa si og fekk inn nokre velretta slag «over Trynet». Det var nære på for den vidgjetne bjørnejegeren denne gongen, men han slapp frå det med skrekken, eit bjørnebit i låret og nokre dagar til sengs. Hjelpesmannen fekk avbiten ein tommelfinger.

Ingen kven som helst

Kort tid etter hadde same avisa ei anna notis om bjørnejegeren Anders Vestad. Signaturen «A.E.» hadde lese om jakta på Hovdenak, og meinte det kunne vera på sin plass med nokre opplysningar om «denne Mand». Det kan sjå ut som Anders var ein godt kjend jeger lenge før han kom til Romsdal, jamvel at det var ei av årsakene til at han flytte til Romsdal, å hjelpa til med å få has på bjørnen i traktene der.

Den i Stiftstidende (sic) for føie [kort] Tid siden omtalte Anders Vestad, der havde den haarde Dyst med Bamsen, er forlængst berømt som Bjørnskytte i sin Fødebygd, saavidt erindres Justedalen, og for adskillige Aar tilbage modtog han Opfordring fra Romsdalen, at stille dem af med nogle af deres ubudne Gjæster. Indtil for et Aar tilbage [1848] havde han saaledes nedlagt 36 Bjørne, en Mængde vilde Reen og andre Jagtdyr. Han beboer nu en Eiendomsgaard paa den fordums Dage historisk bekjendte Ø Sækken, i hvis Nærhed han i afvigte Foraar har afløst Skud paa 10 Niser (…) som han alle erholdt. Da han iøvrigt er bekjendt som en ligesaa driftig som dygtig Jordbruger, flink Smed, der helst selv tilretter [lagar] den Bøsse, han har for sit Skud, ligesom han snildt [godt, med stor evne] forstaaer at erhverve sig Indsigt og Færdighed i hvad han tager fat paa, saa har jeg troet at burde meddele dette om denne Mand, der er en ei aldeles daglig Personlighed i sit Slags.

Heiderspris

År 1864 fekk Anders Vestad heiderspris, eit sølvkrus, av Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug som takk for innsatsen sin som bjørnejeger.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

S/SA Sogningen/Sogns Avis 19.06.1975


Den Norske Rigstidende 04.10.1849


Den Norske Rigstidende 05.11.1849


Øyane, Lars E.: Gards- og ættesoge for Luster kommune : B. 5 : Jostedal sokn. Gaupne: Luster kommune, 1994


Statsarkivet i Bergen: Jostedal Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1770-1806, s. 71


Allkunne: Anders Andersen Vestad


Lokalhistoriewiki.no: Om garden Ormberg


Eik, Steinar: Bjønnaskyttar’n på Vestad, i Romsdal Sogelag. Årsskrift, 1988, side 134 


Jostedøler ved gravsteinen over Kari og Anders frå Jostedal 

PERMANENT IDENTIFIKATOR