Kulturhistorisk leksikon

Minne (5)

  • Krigsminne i Sogn og Fjordane - Kontroll og varsling

    Ein viktig del av kystforsvaret er kontroll av trafikken på sjøen, på land og i lufta, og varsling av fiendtleg aktivitet. I det norske Luftforsvaret er kontroll og varsling eiga tenestegrein, men omgrepet kan også nyttast om all militær kontroll av trafikken på sjø og land. I krigsåra 1940-45 bygde den tyske okkupasjonsmakta eit omfattande nettverk av postar og stasjonar for kontroll og varsling langs heile norskekysten. Formålet var trafikkontroll, og varsle om allierte fly eller fartøy. Framleis i dag finn vi spor av slike postar og stasjonar på små fjellknausar, langs skipsleia eller ved bilvegane.

  • 1905 - Den offisielle 7. juni-medaljen - stortingsmann Knut A. Taraldset

    Den norske regjering - nemninga på regjeringa Michelsen i perioden 7. juni 1905 - 27. november 1905 - vedtok ved resolusjon å lata utarbeida ei offisiell medalje til minne om 7. juni 1905. Medaljen skulle tildelast dei som var medlemmer av Stortinget og regjeringa denne historiske dagen. Sogn og Fjordane hadde seks menn som kvalifiserte seg for utmerkinga: dei fem faste stortingsrepresentantane og ein varamann.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Rom til minne om russiske krigsfangar

    Etter krigen 1940-1945 vart det funne 21 lik ved krigsfangeleiren i Ervik i Selje. Dei vart fyrst gravlagde på kyrkjegarden i Ervik, men seinare flytta til ein kyrkjegard i Laksevåg. I klokketårnet på kyrkjegarden i Ervik er det laga til eit rom til minne om "russefangane" på Stadlandet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Selje
  • Bremangerprest fortel minne frå 1905

    I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om livsminne, om kva soknepresten i Bremanger i 1905 mintest i 1955, 50 år etter. Stykket stod opphavleg i Aftenposten, seinare i Firda Folkeblad, Florø. Mellomtitlane er innsette av KL-red.

  • Heidersteikn til jordmor - Bertha M. Nes på Veitastrondi

    Ein dag i august 1927 var redaktøren i avisa Sogningen på besøk på Veitastrondi. I eit større stykke etterpå stod det også noko om jordmora i bygda, Bertha M. Nes. Ho hadde vore jordmor i 33 år og heile denne tida hadde ho ikkje hatt eit einaste uhell. Om hausten vart ho heidra med Kongens fortenestemedalje.