Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 01. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Hornindal kyrkje



Hornindal kyrkje er ei langkyrkje i tre og er bygd på garden Kyrkhorne sin grunn. Kyrkja, som har 400 sitjeplassar, vart vigsla 30. november 1856 av prost Wilhelm Frimann Koren. Arkitekt var kaptein Ludolph Rolfsen frå Mindresunde i Stryn, som laga sine teikningar etter Linstow si typeteikning. Kyrkja er i dag soknekyrkje for Hornidal sokn og hovudkyrkje i Hornindal prestegjeld.

Hornindal kyrkje vert av fagfolk rekna for å vere ei av dei mest stilreine langkyrkjene på Vestlandet. Det åttekanta tårnet er bygt over midtskipet, likt tårnet på den sju år eldre Eid kyrkje.

Hornindal kyrkje vert av fagfolk rekna for å vere ei av dei mest stilreine langkyrkjene på Vestlandet. Det åttekanta tårnet er bygt over midtskipet, likt tårnet på den sju år eldre Eid kyrkje.

Eigar: Hornindal kyrkjekontor.

Datering: 2002.

Fotograf: Ukjend.

Alle måtte bidra

Fellesnemnaren for den store kyrkjebyggingsperioden i andre halvpart av 1800-talet er at mange måtte slite hardt. Hardt arbeid eller ein viss sum pengar var bidrag som alle skulle og måtte yte. Men kva meir kosta eit kyrkjebygg? Kva var den eigentlege prisen for kyrkja som står i Hornindal i dag?

Det var aldri spørsmål om kva folk hadde råd til, alle skulle gi noko. Til og med plassmennene måtte delta "da det maa ansees at enhver som vil træde derind må vise sin pligt". Kven torde vel ta sjansen på at dei skulle bli nekta tilgjenge til Guds hus. Nekta å få høyre "Ordet" og ta imot sakramenta, og i verste fall ikkje få bere det neste barnet til dåpen?

Bygginga av kyrkja

Arbeidet starta mange år før sjølve bygginga starta. Stein og tømmer måtte samlast, og skogane saumfarast etter sværaste vyrket. Alt vart saga med handsag og drege fram til byggjeplassen på Kyrkhorne, der den gamle kyrkja stod. Så skulle tømmeret høvlast for hand. Og når alt var på plass og det formelle i orden, då kunne byggjearbeidet starte. Bygdefolket stod for arbeidet og bidrog med over 2500 dagsverk! Den fyrste byggmeisteren for Hornindal kyrkje var Anders Muldsvor, men han døydde like etter at grunnmuren var kommen opp. Deretter tok Gjert Lien frå Eid over ansvaret, ein mann med god røynsle frå kyrkjebygging mange stader i fylket. Lien hadde med seg 21 mann som arbeidde frå påske til slutten av november i 1856, berre med korte stogg under onnene. Då kyrkja stod ferdig, var prisen 5000 spesidalar.

Brorparten av kostnaden vart utlikna på bygdefolket. Dei betalte alt på gjeld frå den gamle kyrkja, som vart kjøpt tilbake frå private hender så seint som i 1843. For fleire gjekk det skikkeleg gale. Folk som frå før av så vidt greidde å berge seg og sine frå dag til dag, endåtil bønder som sat med eigne gardar måtte gi tapt. Nokre selde halve garden, andre måtte selje heile og bli husmann på eigen gard. Dei må ha vore svært gudfryktige, og sikkert også stolte. Kyrkja skulle få sitt, om så den siste dalaren dei eigde.

Kvitmåla stilrein kyrkje

Hornindal kyrkje vert rekna for å vere ei av dei mest stilreine langkyrkjene på Vestlandet. Tårnet er bygt over midtskipet og er åttekanta. Frå fyrst av var kyrkja kvitmåla både utvendig og innvendig. Inne var stoldørene og rutene på preikestolen måla i raudt. Berre veggene var trekvite. I 1902 vart ho måla på nytt innvendig med ein hovudfarge i gult. Det beste som hende dette året, var nok likevel at kyrkja fekk omnar. I 1930 vart kyrkja igjen restaurert, no vart veggene i skipet perlegrå med eit raudaktig skjær. Midt i taket vart det måla ei stor, sterk blå stjerne. Taket i koret vart også måla blått og dekorert med mange små stjerner. Det vart sett inn antikkglas som erstatta dei småruta vindauga i koret, og det vart bygt sakristi. Fargevalet vart mykje omdiskutert både ved denne oppussinga og ved den forrige. Først til 100-års jubileet i 1956 vart vegger og søyler avluta, slik at kyrkja fekk tilbake det trekvite preget i kyrkjerommet som ho opphavleg hadde. No var dei fleste godt nøgde. Fargane var gode å sjå på, og endeleg hadde kyrkja fått elektrisk oppvarming slik at folk kunne halde varmen også midtvinters.

Ulike fargar på interiøret

Sjølve kyrkjekoret er måla i fargar som er henta ut frå den svært spesielle altertavla. Hovudfargen er grøn, men med innslag av lysegrått som t.d. i preikestolen og med gullfarga markeringar. I koret er der to innebygde stolar med dører, ein på kvar side. Sjølve kyrkjerommet har mange fellestrekk med den tre år yngre Nedstryn kyrkje. Dei ovale alterringane er nokså like, det same gjeld dei frambygde galleria og dei kraftige søylene i rommet og framme i koropninga. Men fargevalet og dei luta veggene set eit mykje lysare preg på Hornindal kyrkje. Dei innebygde benkene er gråmåla. Dørene er grå med lysegrå felt og grøne rammer. Dei same fargane ser ein m.a. att i gallerifronten. Taket i skip og kor går i eitt og er kvitmåla.

Bilete av altertavla.

Inventaret

Mykje av inventaret stammar frå 1856, det året kyrkja stod ferdig. Dette gjeld både preikestolen og døypefonten, som begge er i tre. Også eit dåpsfat i sølv og to alterlysestakar i messing er truleg så gamle. I tillegg finst her m.a. ein bibel frå 1717. Nattverdsutstyret, som ikkje er sikkert datert, er i sølv og omfatter ein kalk, ein disk og ei brødøskje. Heller ikkje eit gammalt dåpsfat i bronse er sikkert datert.
Ein kvit messehakel som syner himmel og jord (med horisontallinja). Sola er på veg opp over jorda. Fredsdua symboliserer framtid og håp. Han er teikna av Magne V. Kristiansen og laga av Magnhild Blakset.

Orgelet er frå 1968 og har 12 stemmer. Kyrkjeklokka er frå 1845, ei omstøypt klokke frå 1659 av Andreas Sundt. I kyrkja finn ein òg dei to skulpturane "Mot Morgenrøden" og "Bøn" av Anders Svor, begge frå 1999.
Salmenummertavla er frå 1824 og vert brukt som informasjonstavle i våpenhuset. Her finn ein òg ei gammal kyrkjedør som ei tid vart nytta som fjøsdør på garden Nor i Eid.

Bilete av skulpturane "Mot Morgenrøden" og "Bøn."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR