Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. august 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Handelsstaden Steinsundholmen



Steinsundholmen er ein holme i Indre Steinsund, sundet mellom Steinsundøy og Sula i Solund kommune. På denne holmen vart det drive gjestgiveri og kremmarhandel. Nokon handelsplass på line med dei ute i fiskeværa var her ikkje, men handelen vart halden oppe lenge etter at gjestgiveriet var nedlagt.

Steinsundholmen. Staden ligg som ein lettleg idyll i skipsleia Indre Steinsund.

Steinsundholmen. Staden ligg som ein lettleg idyll i skipsleia Indre Steinsund.

Eigar: Hans H. Steinsund.

Datering: 1999.

Fotograf: Geir Steinsund.

Den fyrste kremmaren

Steinsundholmen låg lagleg til for farande folk som ville ha seg mat eller drikke, og kanskje trong tak over hovudet for natta. Det eine følgde gjerne det andre.
I 1675 vart det kravd inn skatt frå dei som handla på landsbygda. Skatten var for kvar person som var i deira brød. Baltazar Pedersen hadde kone, dreng, fosterson, pike med løn og pike utan løn, samt nokre lausarbeidarar i sitt hushald. Han budde truleg på holmen, men kva han eigentleg dreiv med, kjem ikkje klårt fram. Mest truleg dreiv han både med kremmarhandel og skjenkestove. Etter dette er det svært lenge før ein finn nokre teikn til nokon på Steinsundholmen.

1700-talet

I 1701 vart det ikkje talt folk her. Futen passa godt på om det var nokon som handla og ikkje svara avgift til kongen. I 1756 skal husmann Peder Akselson Zachrisøen ha selt øl på Steinsundholmen. Men to år seinare skal han ha forlate staden, då han ikkje kunne få levebrød av det. Olav Andersson Skjerdal skal ha vore busett her på same tid som Peder Akselson forlet staden. Han skulle òg ha drive med sal av øl. Skifte etter han vart gjort opp i 1769. I 1771 kjøpte Ola Knutson husa på holmen. Han dreiv nokså sikkert med kremmarhandel. Då han gifte seg om att i 1798 budde han ikkje lenger på Steinsundholmen.

Bergenskjøpmenn

Kring 1790 kom tida med bergenskjøpmenn som eigarar av handelen og gjestgiveriet. Lambert Erikson var vert på Steinsundholmen. Han kom hit frå Husøy der han hadde vore Nicolaysen sin fyrste gesell. Hans overordna i Bergen var Lyder Holthe Wentzel, som hadde søkt og fått løyve til å driva gjestgiveri på holmen. Wentzel selde staden til Henrik Møller i 1792. Han fekk same året kongeleg løyve til å driva gjestgiveri, men det var fiskekjøp og salting som var viktigast for han.

1800-talet

Hans Jakobson Svaberg kjøpte Steinsundholmen i 1798. I 1805 fekk han løyve som gjestgjevar. Handelen og gjestgiveriet på holmen ser ut til å ha vore lønsamt. Då han døydde i 1835, 72 år gamal, var han ein halden mann. I 1837 var det enkja, Marthe Trondsdotter, som dreiv handelen. Ho let Nils Larsson Asheim overta drifta mot eit kår på 8 spesidalar. Asheim var ein av prost Dahl sine menn, så skjenkinga av alkohol vart det nok mindre av. Då han døydde i 1844 var det Ludvik Skage som overtok handelen. Han lånte pengar hjå kjøpmann Didrik Martens i Bergen til å kjøpa staden. Då Skage selde Steinsundholmen i 1850, fekk han akkurat nok til å dekka lånegjelda si.

Frådeling

Peter Ulrik Egedius overtok Steinsundholmen i 1850. Sildefisket var særs godt på denne tida. Egedius var ambisiøs og ville driva både med handel og vera reiar for båtar og fiskebruk, men han lukkast ikkje. Han hadde lånt store summar hjå kjøpmennene Døscher og Martens i Bergen. Steinsundholmen, som hadde høyrt inn under søre bruket i Steinsund, vart frådelt i 1798. Kristian Hansson Toska og broren Martinus fekk holmen i 1859. Dei kom begge vekk på sjøen i 1863. Halvard Jensen Kringlen gifte seg att med enkja etter Kristian og kjøpte holmen på auksjon i 1864. Han dreiv landhandelen fram til 1870. Ei tid budde han i Steinsund.

Postopneri og rutebåtstopp

Steinsundholmen fekk postopneri i 1868 og rutebåtstopp på Steinsundvika i 1875. Rutebåtane var for store til å gå inn i sundet som på den tid ikkje var mudra. Halvard Jensen vart både postopnar og rutebåtekspeditør i tillegg til handelsmann. Før han kjøpte holmen hadde han m.a. vore skulemeister i Brekke. Han var ordførar i Solund 1870-74, 1876-81 og 1886-1890. I 1870 hadde han overlate handelen til Ola Sjurson Halland, men i 1871 vart Steinsundholmen selt på auksjon til Johannes Ellingson Nessa. Han dreiv handel fram til 1875 då Ola Halstensen Stamnesleira kjøpte staden. Halstensen var opphavleg smed og heldt fram med dette på holmen. Han skulle i tillegg vera bakar. Sonen var bakar og skipa eit bakeri på staden. Kona til Ola Halstensen, Lisbeth Karine Berntsdotter Harbakke, styrde handelen og huset. Saman fekk dei staden til å løna seg.

1900-talet

I 1900 var Hans Halstensen landhandlar og Kristoffer Hauge smed på holmen. Andreas Hemmingson Hauge tok seinare over landhandelen. Han omkom på sjøen i 1911. Kona hans heldt fram med landhandelen til Steinsundholmen vart seld på auksjon i 1917. Lars Lie fekk tilslaget på auksjonen. Seinare gjekk eiga over til selskapet Stensundholmen. I 1921 vart AS Salteriet Stensund, ved O. Bratland, eigar. Dei selde holmen til Tormod Pederson Gåsvær i 1936.

Bygningane

I eit dødsbu i 1756 er det nemnt ei stove med fordør og kove, eit eldhus, to naust og eit fiskesjå. Neste dødsbu er frå 1769. Då var det eit våningshus med stove og to kammers, ei lita stove med kammers og bakstove, eit stort naust, eit fiskesjå og eit fjøs på Steinsundholmen. Kring 1790 var det kome eit tømra saltenaust i tillegg til dei andre bygningane. I 1797 går det fram av ei skøyte at det er bygd eit nytt hus og endå ei stove.
På Ola Halstensen si tid - på slutten av 1800-talet - var det både smie og bakeri på holmen. Då Tormod Gåsvær kjøpte Steinsundholmen i 1936 reiv han det gamle våningshuset og bygde nytt. Storleiken og stilen på det nye var ikkje så ulik det gamle, men det vart både breiare og høgare. Det hadde "skjult" andre høgd. Både sjøhusa og steinbryggjene var særs godt tenlege for ein fiskarhuslyd.

Etter siste krig

Steinsundholmen vart heimen til fiskarhuslyden Anna og Tormod Gåsvær. Dei kom ikkje til å driva næringsverksemd her. Familien pakta nokre år ein liten gard i Steinsund, og seinare prestegarden på Hardbakke. Men det budde likevel folk på holmen heile denne perioden. På Steinsundholmen hadde dei høns og ei ku, men ingen sauer. Det er knapt med slåttemark på ein liten holme.
Husa er godt vedlikehaldne. Smia står framleis, men tønnesvala, som var bygd i vinkel på saltebua, er riven. Både bakeriet og den vesle fjøsen er tekne ned. Naustet og saltebua står enno og er framleis i bruk. Hamna er god og har greie bryggjer.
Syskena Per Gåsvær og Ingrid Færøy har eigd staden frå 1999. Begge bur for tida i Bergen og nyttar holmen til feriestad.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Steinsøy, Alf: Solund,Gards- og ættesoge til 1980, Band 1. Bergen 1982.
Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaia, Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998, Selja Forlag. Førde 1998.
Leirvåg, Martinus: Leirvågen, i På tun og tofte, Lokalhistorie frå Solund, side 37. Utgjeve av skulen i Hardbakke. Solund 1981.
Steinsund, Hans H.:
Steinsundholmen etter siste krig.
http://museet.posten.no/
Poststeder en historisk oversikt: Sulen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR