Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. februar 2004

Sist oppdatert 16. november 2018

Kategori

Kommune

Landskapsmålar Tycho Christoffer Jæger



I 1850-åra flytte ein landskapsmålar frå Bergen til Feios og kjøpte seg hus på garden Rinde. Målaren heitte Tycho Christoffer Jæger, mest kjent for sine Bergensprospekt. Jæger starta etter ei tid også med landhandel i Feios. I tillegg engasjerte han seg i viktige lokale saker i bygda.

Tycho Christoffer Jæger, kona, Bergithe Amalia, og truleg den eldste av barna, Øllegaard (f. 1871).

Tycho Christoffer Jæger, kona, Bergithe Amalia, og truleg den eldste av barna, Øllegaard (f. 1871).

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, SFFf-88003.0808.

Datering: 1871-1878.

Fotograf: Ukjend.

Voks opp i Bergen

Tycho Christoffer Jæger (1819-1889), landskapmålar og landhandlar. Fødd i Bergen 25. juni 1819, son av skomakarmeister Tycho Christoffer Jæger og Øllegaard Jæger. Gift i Bergen 21. september 1870 med Bergithe Amalia Steendahl (1850-1932), dotter til bakarmeister Cornelius Tobias Steendahl og Bergithe Amalia Frøyseth. Tycho og Bergithe Jæger fekk tre born - ei jente og to gutar.

Tycho C. Jæger voks opp i Bergen og fekk rettleiing i teikne- og målarkunsten. Midt i 1840-åra utdanna han seg i København. Kring 1850 kom han attende til Norge og budde sidan dels i Bergen og dels i Feios. Jæger reiste ein del rundt i Norge og Sverige for å finna motiv til sine målarstykke.

Landskapsmålar

Jæger produserte både oljemåleri, akvarellar og teikningar, og om lag alt er landskapsskildringar. Dei fyrste bileta hans er frå 1841 og det siste frå 1889. Bileta frå hans yngre år vert rekna som dei mest interessante. Særleg vert hans eigendommelege byprospekt av Bergen framheva. Her framkallar han ei intens uhyggjestemning ved å skildra dramatiske hendingar, som eit skipsforlis, hospitalbrannen i 1853 og kalde vinternetter.

Seinare går han over frå å måla intimlandskap på små format til å måla større landskap på store format. Dette skuldast truleg påverknaden frå dei såkalla ''düsseldorfarane''. Desse bileta manglar noko av den eigenarten hans tildlege bilete har.

Av produksjonen hans kjenner ein til om lag 200 måleri, forutan akvarellar og teikningar. Mange av bileta hans gjekk tapt i bybrannen i Bergen i 1916. Dei fleste av dei som framleis er bevarte er i privat eige. Sonen hans, Cornelius Jæger, hadde ei stor samling av faren sine bilete. Elles har nokre institusjonar i Bergen hatt nokre bilete i si eige. Nasjonalgalleriet i Oslo har måleriet "Urnes kirke", måla i 1853, i sine samlingar.

Engasjert i lokale saker

I formannskapsprotokollane for Leikanger kommune finn ein at landskapsmålar Jæger var ein flittig innsendar av framlegg til kommunestyret. 14. februar 1862 var eit framlegg frå Jæger om endring av grunnlaget for betaling av tingstadpengar oppe til behandling. Til møtet 16. desember 1862 var det kome inn tre nye framlegg frå Jæger. Han synest møta til forlikskommisjonen bør haldast skiftesvis i skulestovene i hovudsoknet, formannskapsmøta bør haldast skiftesvis i skulestovene i kommunen, og betalinga av tingstadpengar burde reduserast frå tre til to dagar. I sak nr. 8 i same møte går det fram at Jæger har selt eit grustak på eigedommen sin i Feios til vegvesenet.

På denne tida vart det halde hyppige møte i Feios soknestyre i samband med at kyrkjelyden ville kjøpa den gamle kyrkja. Dei hadde planar om å riva ho og setja opp ei ny. Då Feios soknestyre møttest den 26. januar 1863, i lag med kyrkjeeigarane og fleire av kyrkjelyden, var også landskapsmålar T. C. Jæger til stades. Det var oppnådd semje med kyrkjeeigarane om overtaking av kyrkja. No ville dei setja i gang med planlegging av ny kyrkje. Jæger la fram teikningar han hadde laga til ny kyrkje, men det skulle visa seg at desse ikkje vart godkjende av Stiftsdireksjonen i Bergen.

Selde øl utan løyve

I 1869 kom Jæger med framlegg om flytting av postopneriet frå Hermansverk til dampskipsstoppestaden Hanehaug. Då ville folk i Feios få kortare veg til postopneriet. Seinare same året går det fram at landkapsmålar Jæger frå årskiftet ville byrja å selja øl og vin til ''de finere Sorter''.

17. desember 1869 vart utlikninga av skatt for skjenking av brennevin, vin og øl behandla. Jæger er ikkje med mellom dei som vert skattelagt, men det vart gjort merknad om at han dreiv med sal av vin utan at kommunestyret har gitt han løyve.
Våren 1870 skriv fogden at Jæger har rett til å skjenka både øl og vin i følgje lov av 12. juni 1869. Kommunestyret meinte at Jæger hadde drive med ulovleg sal av vin før denne lova tredde i kraft, og hadde difor meldt frå om dette til fogderiet.

Gjestgiveri

I ein søknad datert 3. mars 1884 ber Jæger om løyve til å driva gjestgiveri i Feios. Kommunestyret var samrøystes i å seia nei til søknaden. Christen Offerdal hadde eit halvt år tidlegare fått løyve som gjestgjevar i Feios. I tillegg fanst det gjestgjevarar både på Hanehaug og Hermansverk. Det var difor neppe trong for fleire gjestgjevarar i Feios og omland.

Gravlagd to gonger?

Landskapsmålar Tycho Christoffer Jæger døydde i 1889. Det vert fortalt at han fyrst vart gravlagd i Feios, men seinare graven opp att og flytta til familien sin gravstad i Bergen. Om dette verkeleg har hendt har ikkje vore mogleg å få stadfesta i kyrkjebøkene. Ingen T. C. Jæger er registrert gravlagd i Bergen mellom 1881 og 1911.

kjelder:

Brøgger, A. W. Og Einar Jansen: Norsk Biografisk Leksikon. Bind VII. H. Aschehoug & Co., Oslo 1936.
Formannskapsprotokollar for Leikanger kommune 1857-1865, 1866-1884 og 1884-1902.