Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 18. april 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Rå-data

Slåttespel i Sunnfjord



"Når det gjeld slåttane i Sunnfjord er dei gjerne noko stutte, men rytmisk, karakteristisk og tonefriske; stundom naive, men jamnt friskdæmde og humørfyllte."


I Sunnfjord finn ein eit rikt repertoar av både bygdedans- og runddansslåttar. Mange av dei tradisjonelle slåttane i dette området er korte og har ei enkel melodioppbygging, noko som kan vere med på å gje slåttane eit noko arkaisk preg. Med unntak av dei mange brurslåttane, kan sunnfjordmusikken først og fremst karakteriserast som dansemusikk.

Folkemusikksamlaren Arne Bjørndal skreiv om Sunnfjord-slåttane i Gula Tidend 20. mars 1932:

Når det gjeld slåttane i Sunnfjord er dei gjerne noko stutte, men rytmisk, karakteristisk og tonefriske; stundom naive, men jamnt friskdæmde og humørfyllte. Dei hev jamnast ein egte gamalvoren svip, som syner at spelemennene hev vore noko konservativ når det galdt å byggja vidare på det gamle tilfanget”.

"Rare slåttar"

Slik formulerte NRK-mannen Rolf Myklebust seg så fortreffeleg i boka ”Femti år med folkemusikk”, etter å ha høyrt Johannes Holsen spele. For den ukjende lyttaren kan nokre av springarane i Sunnfjord kome til å skape litt av eit hovudbry. Og det Myklebust sikta til, var nettopp den noko uvanlege springartypen ein ofte finn i Sunnfjord.

Det er vanleg å rekne med fire ulike metrikktypar for springarar; Udelt takt og tre ulike typar av tredelt takt: symmetrisk tredelt takt, symmetrisk tredelt takt med taktbrot og asymmetrisk tredelt takt. Litt forenkla kan ein seie at det i dei austnorske hardingfeleområda som oftast er snakk om ei asymmetrisk tredelt takt, medan vi i dei vestnorske hardingfeleområda finn dei andre metrikktypane.

Særleg i Sunnfjord førekjem det springarar i sokalla udelt takt. Det vil seie slåttar som har ei motivoppbygging der det ikkje er naturleg å gruppere taktslaga i tre, men heller bruke sjølve pulsslaget som teljeeining. At desse slåttane blir kalla springar, forklarast først og fremst ut frå at dei blir spelt til springardansen.

Det fins ei ytterlegare gruppe slåttar som også blir spelt til denne dansen. Desse slåttane har ei melodioppbyggjing kor melodifrasene går over to taktslag, og isolert frå dansen kan desse slåttane lett gje inntrykk av å gå i todelt takt. Men også her gjeld prinsippet med å bruke sjølve pulsslaget som teljeeining.

 




kjelder:

TA19CD Slåttespel frå Sunnfjord

PERMANENT IDENTIFIKATOR