Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vevring kyrkje



Vevring kyrkje er ei langkyrkje i tre som ligg i bygda Vevring, langt ute på nordsida av Førdefjorden. Kyrkja, som har 225 sitjeplassar, vart vigsla den 16. september 1846 av prost Johan Grønn Lund. Artkitekt var same mann som teikna slottet i Oslo, Hans Ditlev Franciscus Linstow (1787-1851). Vevring kyrkje er soknekyrkje for Vevring sokn i Førde prestegjeld.

Dagens kyrkje i Vevring står på same tuft som dei tidlegare kyrkjene, og er i alle fall den tredje på kyrkjestaden ytst i Førdefjorden.

Dagens kyrkje i Vevring står på same tuft som dei tidlegare kyrkjene, og er i alle fall den tredje på kyrkjestaden ytst i Førdefjorden.

Eigar: NRK, Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Arild Nybø.

Rakel Grytten skaffa trevyrke

Det var dei private eigarane, Jakob Høyvik og Bendix Johannesen Grytten, som var byggherrar for Vevring kyrkje. Det er fortalt at det var Rakel Olsdotter Grytten, kona til Bendix, som sytte for ein god del av materialane til kyrkja. Ho var enkje etter ein bonde på Sunde i Førde. Sunde var rekna som ein av dei beste skoggardane i området, og her hadde Rakel teke unna retten til å hente seg tømmer frå skogen. Slik gjekk det til at Vevring kyrkje fekk tømmeret frå Førde. Det skal ha vorte frakta frå Sunde til Førde på slede vinterstid, og så fløytt ut fjorden.

Bygd i minste laget

Vevring kyrkje står på eit høgdedrag med praktfullt utsyn mot fjorden og fjellheimen på sørsida. Sjølve kyrkjebygget har ei klassisk framtoning, enkelt i forma med heller små vindauge i skipet. Tårnet er ein romsleg firkant som går i eitt frå inngangen i våpenhuset opp til tårnhjelmen. Frå fyrst av var kyrkjeskipet og koret eit stort rom berre med eit lite gelender på kvar side som korskilje. Kyrkja vart bygd i minste laget rekna ut frå kor mange som budde i Vevring sokn då ho stod ferdig, men fyrst rundt 1900 starta kyrkjetilsynet arbeidet med utvidinga. Det var nødvendig å utvide sjølve kyrkjerommet, og i tillegg var der trong for sakristi.

I 1944 kom arbeidet i gang, og då vart galleriet bygt om for å gi plass til orgelet, som tidlegare hadde stått nede på nordsida av koret. Golvet i kyrkjeskipet vart restaurert og kyrkjebenkene vart omarbeidde til den fasongen dei har i dag. Etter kvart vart arkitekt Lindstrøm og Riksantikvaren samde om kva endringar som elles skulle gjerast i kyrkja. Det vart bygt til eige kor, og laga ei heller vid koropning. På teikningane var opninga ein del mindre, men prost Helland insisterte på at han måtte vere størst mogleg. Saka kunne nok ha utvikla seg til ein intern strid i kyrkjelyden, men byggjenemnda ville unngå bråk og valde difor å følgje instruksen frå presten. Sakristiet vart bygt ut på nordsida av koret. Etter dette vart lengda på sjølve kyrkjeskipet 16,8 m og breidda 9,5 m. Koret er vel 5 m langt og 6,5 m breitt.

Lenge utan oppvarming

Frå kyrkja vart bygd gjekk det 55 år før ho fekk oppvarming, og fyrst i 1904 kom der omnar. Elektrisk lys vart montert i 1948 i samband med oppussinga. To år seinare vart det sett inn nokre elektriske varmeomnar, men fyrst i 1969 fekk Vevring kyrkje full elektrisk oppvarming. Seinare er det bygt til toalett på sørsida av våpenhuset og kjøken på nordsida. Desse romma og den tidlegare omtala kyrkjestova stod ferdig i 1988.

Fargane i kyrkja er dempa og går hovudsakleg i beige. Endane på kyrkjebenkene er blå med lyse felt. Dei boga taka både i skip og kor er lysegrå. I interiøret som t.d. på korbogen og dørene er det måla markeringar i ein rustraud farge.

Brukarvenleg kyrkje

Få kyrkjer frå 1800-talet er så brukarvenlege som kyrkja i Vevring. Her er den nedste delen av skipet gjort om til eit rom med småbord og stolar. Under søndagpreika får dei minste nytte rommet til leik og teikne-aktivitetar. Det er nemleg ikkje lenger slik at borna må tole å sitje lenge i ro, om ikkje anna så i respekt for presten. Mange vil at at borna skal få delta i gudstenesta på eigne premissar. Nettopp difor er det så oppløftande å kome til ein stad der kyrkjelyden har lagt forholda til rette for at borna får styre på med aktivitetar dei har glede av, når det som skjer i kyrkjerommet vert for stilleståande for dei.

Altertavla

Altertavla frå kring 1510 er eit alterskåp med to dører, kombinert med eit (seinare laga) krusifiks plassert over skåpet. Korleis alterskåpet hamna i Vevring veit ein lite om, men truleg har det kome frå Lübeck i Tyskland til Bergen med ein av dei mange hansa-koggane som frakta varer til og frå. Det er ei Maria-tavle, kombinert med St. Kristoffer, og eit klart før-reformatorisk trusuttrykk, som elles ikkje finst att i kyrkjene i fylket. Det finst heller ikkje mange av dette slaget att i landet.

Når dørene er attlatne viser to personar. Den venstre er St. Georg, martyr i 303, vist med sine vanlege attributt: sverdet og draken, symbol for den vonde, som han vinn over. Til høgre St. Mauritius martyr i 302, m.a. skytshelgen for soldatar, vevarar, fargarar og kjøpmenn. Den mørke hudfargen hans svarar til dei tre venene hans som er avbilda på skjoldet.

Hovudfeltet viser Maria med Jesusbarnet, deretter St. Kristoffer med Jesusbarnet, og til sist Anna med Maria og Jesusbarnet. Dei tre skulpturane vart fjerna ein gong før 1830, og er kopiar frå 1950 laga av Maja Refsum, og måla av Finn Kraft i samsvar med målemåten i mellomalderen. Krusifikset vart i den tida plassert midt i tavla.

Maria er framstilt som himmeldronning, med krone, raud kjole og blå kappe. Innskrifta i glorien er AWE. MARIA. GRA-, ei forkorta latinsk utgåve av Luk. 1,28: "Ver helsa, du som har fått nåde!" St. Kristoffer ber Jesusbarnet på skuldrane, i samsvar med legenda om at han bar Jesus over ei strid elv. Innskrifta i glorien hans er S. CHRISTAFER-IHESWS.MA. Truleg er dei to siste bokstavane tilvising til Maria, Jesu mor. Den tredje skulpturen har innskrifta SACTA. ANNA. SVLF dR-MARIA. IHS, som tyder Den heilage Anna sjølv tredje - Maria - Jesus. Dette er den vanlege nemninga frå mellomalderen. Anna, mor til Maria, var også rekna som heilag.

Innsida av dørene er delte i to felt. Øvst t.v. St. Katharina av Alexandria, martyr i 305, saman med Heilag-Olav, med krone, rikseple og øks. Olav trakkar på ein drake med mannshovud, likt hans eige. Tradisjonelt er dette tolka som avvisinga av fortida hans som heidning. Nedst t.v. står St. Laurentius, martyr i år 258, avbilda med symbolet sitt, ei rist, i samsvar med at han vart avretta, brend på ei rist. Saman med han står St. Barbara, martyr tidleg på 300-talet. Døra t.h. viser øvst ein uidentifisert biskop med bispestav saman med St. Margareta av Kortona. Nedst står den svenske St. Birgitta (1303-1373), kanonisert til helgen i 1391, saman med ein ukjend helgen eller kanskje abbed Marinus.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.
Stendal, Olav: Vevring - kyrkjer og kyrkjelyd. Vevring sokneråd. Naustdal 1996.

PERMANENT IDENTIFIKATOR