Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 19. desember 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kristoffer Teige



I 2017 er det 130 år sidan kulturpersonlegdomen Kristoffer Teige (1887-1967) vart fødd, og 50 år sidan han fekk Kongens fortenestemedalje i sølv.

Kristoffer Teige med fela.

Kristoffer Teige med fela.

Fotograf: Ukjend

Kristoffer Teige er ein av dei utøvarane frå fylket som er breiast dokumentert i fylkesarkivet si tradisjonsmusikksamling; Heile 225 enkeltspor viser at han hadde eit stort repertoar av mellom anna bygdedans- og gammaldansslåttar, slåttestev, kjømeisterviser, skjemteviser, med meir.

Mykje av dette repertoaret hadde truleg gått tapt dersom ikkje folkemusikksamlaren Arne Bjørndal og NRK ved Rolf Myklebust gjorde innspelingar av Teige i perioden 1957-1964. Det var Teige sjølv som tok kontakt med desse to, då han forstod at han var ein av få, om ikkje den einaste, som framleis kjende og brukte desse slåttane og songane. Særleg Bjørndal fatta interesse for musikktradisjonane Teige forvalta, og han var fleire gongar på besøk i Skifjorden for å gjere innsamlingsarbeid.

Jubileumshelsing


I høve Teige sin 75-årsdag sende Arne Bjørndal følgjande helsing som stod på prent i Spelemannsbladet 1963, nr. 1:

«Det minkar på spelemenn av den gamle garde, men ikkje i like stor mun i alle bygdelag. Det er heller ikkje alle stader at dei har halde like godt på den forvitnelege kulturtradisjonen, knytt til den instrumentale folkemusikken vår. Men det er då sume som ser annleis på det nedervde og nasjonale i heimemål, musikk og song. Og ein av desse er spelemannen og folketonesongaren Kristoffer Teige, Hyllestad, Sogn. Den 21. oktober i fjor fylte han 75 år. 

Teige er ikkje berre ein spelemann av det gamle trauste slaget. Mange av dei som dyrkar nasjonalt felespel kan ikkje syngja slåttane sine, men her er Teige noko av eit undantak. Like lett og naturleg som han stryk slåttane på fela, tonar han dei ut i song. 

Kristoffer Teige har vore på ikkje so få kappleikar på Vestlandet og mellom dei eldste deltakarane fenge ikkje so få fyrstepremiar. Og som spelemann i brudlaup og festlege lag finn ein han framleis. 

Underskrivne har hatt den gleda å skrive ned og ta opp på lydband ei mengd med slåttar og folkemelodiar etter Kristoffer Teige, det er kring 80 nr. i alt. Verdfulle opplysningar om slåttar, spel og spelemenn har han ogso gjeve meg. Like eins om stadeigen og sermerkt songkultur, i viser, stev og sull. For alt dette skuldar vi folkemusikkveteranen Kristoffer Teige vår varmaste takk.
Eg sender han hermed vår beste helsing i høve av at han nyleg nådde sin tre fulle fjerdepartar av hundrad år.»

Kongens fortenestemedalje


Den 01.07.1967 vart Teige tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv. Sjølve medaljen skulle han få overrekt i samband med markering av 80-årsdagen 21.10.1967. Men den store æra av å ta i mot medaljen fekk Teige dessverre ikkje oppleve, då han døydde berre dagar før han skulle fylle år.

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bjørndal, Arne. «Kristoffer Teige», Spelemannsbladet, nr. 1, 1963


Myklebust, Rolf. Femti år med folkemusikk. Oslo, Det norske samlaget, 1982


Kongehuset.no. «Tildelinger av ordener og medaljer». (lesedato 17.10.2017)


Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: tradisjonsmusikksamlinga

PERMANENT IDENTIFIKATOR