Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 16. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Handelsstaden Kjempenes



Bulandet ligg ytst mot havet i Askvoll kommune, og omfattar ti små øyar. Handelsstaden Kjempenes, der gjestgiveriet og kremmarleiet var, ligg på Musøya. Øya ligg mellom Hillersøy i sørvest og Nikøy i nordaust. Elles ligg dei andre øyane tett samla i nordvestleg lei frå Kjempenes.

Kjempenes slik det såg ut ved byrjinga av 1900-talet. Handelsstaden i framgrunnen. Bulandet kapell i bakgrunnen til venstre. Biletet er teke etter 1913, då kom klokka og tårnet på kapellet på plass.

Kjempenes slik det såg ut ved byrjinga av 1900-talet. Handelsstaden i framgrunnen. Bulandet kapell i bakgrunnen til venstre. Biletet er teke etter 1913, då kom klokka og tårnet på kapellet på plass.

Eigar: Hildegunn Nilsen Andal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: Kring 1900.

Fotograf: Ukjend.

Tidleg historie

Alt på 1400-talet vart det bygt eit kapell på Musøya, Bue Capel. Det vart truleg reist fordi det var lang veg til soknekyrkja på Vilnes for folket på desse øyane ytst i havet. I sesongar med godt fiske samla det seg mykje folk her. Dei trengde å høyra Guds ord, meinte presten. Han såg det som si plikt å sjå til at det gjekk sømeleg føre seg her.

Ettersom fisket auka i omfang og fleire og fleire folk tok del i det, vart det trong for overnattingsstader på Bulandet. Ein del hadde fått privat losji, men mengda av folk som kom hit under vårsildfisket gjorde trongen for meir faste overnattingsstader aktuell. Difor vart det skipa eit privilegert gjestgiveri på Kjempenes. Her vart det òg råd å få kjøpa seg både øl og brennevin. Kremmarleiet tok i mot den fisken bøndene sjølv ikkje trong og selde korn, salt, tauverk, fiskereiskapar og andre nødvendige varer.

Handel og vandel

Frå gamalt av var det gjestgjevaren i Korssund som hadde rett til å forsyne bøndene på Bulandet med varer i fiskesesongen. Men i 1740 fekk Jan Anderssen Luth kremmarprivilegium her. Han kom fort i strid med gjestgjevaren i Korssund. Svigersonen til Luth, Didric Ellertsen, overtok drifta i 1766. I desember 1781, då Madame Ellertsen eigde staden, la eit fransk kaperskip seg til i Bulandet. Då kapteinen reiste til Bergen gjorde mannskapet livet vanskeleg for gjestgjevaren og andre bulendingar. Gesellen, Per Abrahamsen, hadde vorte truga på livet med kniv til å gje dei gratis øl og brennevin. Dei skal ha skote tre sauer på Nikøy og like mange på Gjelsa. Eit større beist skaut og såra dei med hagl. Vindauge vart knust og hus raserte. Bulendingane sende folk til futen etter hjelp. Skipet skal ha vore innom Husøy i Solund og herja på same måten der.

1800-talet

I 1786 tok Jan Ellertsen over Kjempenes etter mora. Han budde i Bergen og overlet drifta til ein gesell. I 1801 var Knud Amundsen gesell. I lag med han arbeidde fire tenarar og ei tenestejente. Frå 1811 til 1824 dreiv Morten Görbitz Kjempenes, og etter han tok Madame Erpecom over. Petter Rosendahl kjøpte handelsstaden i 1834 og dreiv som landhandlar og bondehandlar til 1852.

Mariamessesøndagen i 1813 vart siste gudstenesta halden i Bue Capel. Eigaren var Johannes Mossesen i Korssund. Han fann at kapellet var i så dårleg stand at det var farleg. Mossesen reiv det utan lov og det vart rettssak av det. Meininga hans var å byggje nytt, sa han, men tømmeret og taksteinen frakta han til Korssund og sette opp som sjøbu der. Ikkje før i 1896 vart arbeidet med å få sett opp eit nytt kapell sett i gang. I 1906 var det meste på plass, men klokka til tårnet måtte dei venta på til 1913.

Rutebåtstopp og postopneri

I mange år venta bulendingane før dei endeleg kom med i Fylkesbaatane sine ruter. Fyrst berre med ekstra stopp i fisketida. I 1880-åra er Kjempenes nemnt i rutetabellen. Eit stopp i ytre Bulandet vart avvist av direksjonen, men eit ekstra stopp i sildefisket kunne lata seg gjera. I samband med at det i 1900 var planar om å opna postopneri på Kjempenes vart faste stopp meir aktuelle. Men det drygde, så bulendingane måtte stå på for å få dette gjennomført. I 1902 er Bulandet kome med i nordfjordruta. - Tala for 1904 syner at 141 passasjerar reiste over Bulandet med Fylkesbaatane sine ruter.

Bilete av båtar som ofte blei brukt til sildefiske.

Søndagsfri

I 1952 hadde bulendingane sendt krav til FSF om betre ruter. Sigurd Løkeland vart sendt til Bergen for å tala deira sak. Mellom anna ville dei ha ruta som kom til Bulandet laurdagskvelden skyvd eit døger fram, slik at ein unngjekk lossing på søndagar. Denne ruta førte med seg at ein måtte halda butikkar og post opne på søndagane. Om FSF ikkje kunne få til dette ville bulendingane få private til å overta frakta av varer dit. Direktør Otto Røsberg i FSF fekk snart gjennomført endringane som bulendingane hadde kravd. No fekk dei søndagsfri på Bulandet.

Bygningane

Bygningsmiljøet har endra seg sterkt på Kjempenes. Berre drengestova står slik ho gjorde den gongen det var handelsstad. Våningshuset og sjøhuset er tekne vare på, men begge er sterkt ombygde. Restar etter grunnmurane til bygningar som tidlegare stod her er i dag eit markant trekk ved Kjempenes.

I nyare tid

Handelen og gjestgiveriet tok slutt på Kjempenes på 1800-talet. Ingen er nemnt som handelsmenn eller gjestgjevarar på Bulandet i folketeljingane frå 1865 og 1900. I 1903 vart Nikøy AS landhandel starta. Verksemda omfatta landhandel, barkeri, fiskepakkeri og oljelager. I tillegg var det kvalstasjon. Firmaet er, 98 år seinare, framleis i drift både som landhandel og fiskemottak. S. Gjørøy landhandel vart starta i 1939, men er seinare lagd ned.

Fiske og fiskeindustri er hovudnæringane på Bulandet og har gitt folket der ei trygg inntekt. Litt etter kvart er det blitt satsa på turisme. Hytteutleige og fiskeferie, Bulandsferie, er nye satsingsområde. - Bulandet temapark er eit museum der daglegliv og fiske i fortid og notid vert skildra.

Det bur om lag 250 menneske på øyane som vert rekna til Bulandet. Av kommunale institusjonar finst her både barnehage og skule. Straumtilførsla til øyane har til tider vore dårleg. Somme gonger har kabelen som går hit ut vorte kutta. Eit anna problem er ferskvatn. I periodar med lite nedbør kan det bli lite, og ein må spara på det. Dette kan gå ut over fiskeindustrien som er svært avhengig av både straum og ferskvatn i sin produksjon.
 

Om fisket ikkje dett heilt i hop vil folk framleis bu og ha det godt på Bulandet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munksgaard, Jan Henrik: Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet, Del 3. Sogn og Fjordane. Utgjeve av Kystmuseet i Sogn og Fjordane - Historisk Museum. Bergen 1980.
Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaia, Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998, Selja Forlag. Førde 1998.
Loftheim, Abraham: Askvoll bygdebok, Folket II B, Ættarbok frå det 16. århundrad til 1969. Utgjeve av Askvoll sogenemnd. Førde 1972.
Landøy, Sverre: Kaperskip i Bulandet i 1781, i Sogeskrift for Askvoll kommune, nr. 10, 1997. Utgjeve av Askvoll Sogenemnd. Førde 1997.
Melvær, Jardar: Litt historie omkring Bulandet / Bue kapell, i Sogeskrift for Askvoll kommune, nr. 10, 1997. Utgjeve av Askvoll Sogenemnd. Førde 1997.
Sætherskar, Johs.: Det norske næringsliv, Sogn og Fjordane Fylkesleksikon. Det Norske Næringsliv Forlag. Bergen 1953.

PERMANENT IDENTIFIKATOR