Kulturhistorisk leksikon

Bygd (23)

  • Fylkesbaatane - stoppestaden Blaksæter

    Boka "Dampen og kaia" (1998) handlar om båtstoppestadene i Sogn og Fjordane i tida 1858-1998. Forfattaren, Finn B. Førsund, fortel kort om i alt 234 stoppestader. Blaksæter i Stryn har ein omtale på om lag 200 ord. Ei skildring i avisa "Fjordingen" (2009) er utfyllande lesnad. Vi får eit nyansert bilete av livet på bryggja i Blaksetbygda i 1950-åra. Denne artikkelen har tre deler, ein kort presentasjon av bygda Blakset, omtalen i "Dampen og kaia" og stykket i "Fjordingen".

  • Fylkesbaatane - Stoppestaden Berle

    Boka "Dampen og kaia" (1998) handlar om båtstoppestadene i Sogn og Fjordane i tida 1858-1998. Forfattaren, Finn B. Førsund, fortel kort og informativt om i alt 234 stoppestader. Berle i Bremanger har ein omtale på ca 150 ord. Ei skildring i Måløy-avisa "Fjordenes Tidende" (1984) er meir omfattande. Lesaren får eit større og meir nyansert bilete av stoppestaden Berle. Artikkelen her har tre deler: - ein kort presentasjon av bygda Berle, omtalen i "Dampen og kaia" og stykket i "Fjordenes Tidende".

  • Vadheim som trafikknutepunkt

    Tidlegare vart Vadheim rekna som ein av dei viktigaste stadane i fylket. Staden fungerte som eit knutepunkt for reisande frå Bergen som anten skulle nordover til Sunnfjord og Nordfjord, eller vidare innover Sognefjorden.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Høyanger
  • Ferjestaden Lavik

    Hovudferjesambandet over den ytre delen av Sognefjorden har sidan det kom i gang i 1955 hatt Lavik som ferjestad på nordsida av Sognefjorden. Lavik har vore ein sentral stad i ytre Sogn, men har etter kvart kome meir i skuggen av Høyanger. Når folk tenkjer på Lavik i dag, er det nettopp som ferjestad for eit av dei viktigaste sambanda i fylket.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Høyanger
  • Gamle Sande sentrum

    Fram til andre verdskrigen låg alle sentrumsfunksjonane på Sande nord for elva, det vil seie at både offentlege og private tenesteytingar låg på Skagen. I dag er alt vorte flytta til andre sida av elva, og staden er ikkje lenger så sentral som han var.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gaular
  • Handelsstaden Bryggja

    Bryggja ligg på nordsida av fjorden like aust for innløpet av Nordfjord. Staden vart skilt ut frå garden Runnshaug i 1838. Frå gamalt har Bryggja hatt samband til Vanylven over Maurstadeidet, og til Selje gjennom Rimstaddalen og over Berstadeidet. Bryggja har god hamn som ligg i ly av øyane og holmane utanfor. Staden høyrde tidlegare til Davik herad men vart overført til Vågsøy ved kommunereguleringa i 1964.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vågsøy
  • Kraft og industri i Svelgen

    I Bremanger gav kraftrikdomane grunnlag for oppbygginga av industristaden Svelgen. Det tok tid før det vart etablert industri som kunne nytte krafta, og det var først frå 1950-åra Svelgen utvikla seg til ein større industristad, med verksemda Elkem Bremanger som dominerande arbeidsplass. Etter kommunereguleringa i 1963, vart Svelgen senter i den nye Bremanger kommune.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Bremanger
  • Sjøhusmiljøet i Kalvåg

    Godt i ly for storhavet ligg Kalvåg på innsida av øya Frøya. Gjennom mange hundre år var dette ei god hamn for fiskarane, på jakt etter sild og torsk. Dei mange sjøbuene rundt vågen vitnar om at Kalvåg òg har hatt fiskehandel. Fiskeritilverking og handel går no føre seg i større bygningar. Kalvåg er såleis ingen bortgøymd væridyll, og gamle fiskebuer tener no som losji for turistar. Staden er eitt av dei få livskraftige sentra på kysten til Sogn og Fjordane.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Bremanger
  • Vangsnes som jektesenter

    Vangsnes var eitt av hovudseta for jektefarten i Sogn, rundt 1890 var det 17 sognejekter heimehøyrande på Vangsnes.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Vikøyri

    Vikøyri er namnet på området mellom elvane Vikja og Hopra i Vik. Her budde det mykje folk på eit lite område. Folka vart kalla strandsitjarar.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Handels- og gjestgjevarstaden Lærdalsøyri

    I ein av dei innerste sidearmane til Sognefjorden ligg tettstaden Lærdalsøyri. Jektene som kom til Lærdal la til ved Løytnantsbryggja. Frå denne bryggja var ikkje vegen lang til marknadsplassen, landhandlarane eller gjestgiveria. Mellom dei freda bygningane på Øyri ligg framleis dei gamle krambuene. Av dei gamle gjestgiveria er nokre enno i drift, medan andre er nedlagde for lenge sidan.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Lærdal
  • Handelsstaden Marifjøra

    På sørsida av Gaupnefjorden, ein sidearm av Lustrafjorden, ligg tettstaden Marifjøra. Riksveg 55 mellom Gaupne og Sogndal går utanom Marifjøra, men frå denne riksvegen går den stuttaste riksvegen i Noreg. Køyrer ein den 400 meter lange riksveg 603 kjem ein til Marifjøra. Bryggja ved fjorden var tidlegare det viktigaste bindeleddet med omverda, men trafikken på fjorden er ikkje lenger så viktig.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Handelsstaden Solvorn

    Inne i ei vik på vestsida av Lustrafjorden, midt imot Ornes på andre sida av fjorden, ligg den gamle idylliske strandstaden Solvorn. Bygda ligg bratt oppover lia og flatar ikkje ut før ved Øvrabø. Nede ved fjorden voks det fram ein tettstad der strandsitjarane budde. I Solvorn finn ein framleis dei gamle bygningane og bygningsstrukturen frå slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Funn av gjenstandar som skriv seg attende til 800-talet syner at Solvorn har hatt god kontakt med omverda frå tidlege tider.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Sogndalsfjøra

    Sogndalsfjøra var namnet på det tettbygde område ved fjorden, på nordsida av Dalaelvi, som var ein gamal "landsby". No vert gjerne heile sentrumsområdet i Sogndal kalla for Sogndalsfjøra, eller Fjøra.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogndal
  • Båtstoppestaden Innvik og dampskipsekspeditør Olaf Bennæs

    INDVIKEN stod det i mange år med store bokstavar på kaibygningen i Innvik. Huset vart bygt tidleg på 1900-talet, og var i bruk som dampskipsekspedisjon for Fylkesbaatane til 1986 då det var slutt på regelfaste anløp. Alle stoppestadene i Fylkesbaatane sitt rutenett hadde ekspeditør. Olaf Bennæs (1910-2006) var dampskipsekspeditør i Innvik over 40 år, frå 1942 til 1986.

  • Handel og gjestgiveri i Øvre Årdal

    Lengst inne i Sogn, ved Årdalsvatnet og med Jotunheimen like bak, ligg industristaden Øvre Årdal. Staden er den største tettstaden i Årdal kommune og er dominert av Hydro Aluminium sine fabrikkbygningar. På Farnes ligg dei fleste butikkane og handelsverksemdene, men ein finn også nokre på Ve-sida.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Årdal
  • Handel og gjestgiveri på Årdalstangen

    Lengst inne i Sognefjorden ligg Årdal kommune. Den gamle kyrkjestaden Årdalstangen ligg på eidet mellom Årdalsfjorden og Årdalsvatnet. I andre enden av vatnet ligg Øvre Årdal, som er den største tettstaden i kommunen. Begge stadene er dominerte av Hydro Aluminium sine fabrikkbygningar.

  • Gamle bygningsmiljøer på Lærdalsøyri - arkiv

    Lærdal har mange attraksjonar. Eitt av dei er Gamle Lærdalsøyri, eit særs godt bevart bygningsmiljø på ein typisk strandstad. I 1970 vart det oppretta eit arbeidsutval som hadde mål å arbeida for å styrkja og utvikla busetjinga, men samstundes verna om eigenarten. Fagleg leiar var arkitekt Claus Lindstrøm. Arbeidsutvalet var aktivt i meir enn 30 år. Arkivet etter utvalet er oppbevart hjå Lærdal kommune

  • Aurlandsvangen

    Omgrepet Aurlandsvangen femner her om eit stort område, tilsvarande Vangen sokn. Dette innbefattar gardane langs fjorden frå Skjerdal til Otternes, samt gardane fram til Vassbygedvatnet. Tradisjonelt har gardane frå Vangen og nordover vore rekna som ei eiga bygd, Utbygdi. Området som her nemnast Aurlandsvangen har ei variert soge som strekk seg langt attende i tid.

  • Bygda Flåm

    Bygda Flåm og Flåmsdalen, som til saman utgjer Flåm sokn, ligg i inste enden av Aurlandsfjorden. Frå å vere ei nokså typisk vestlandsbygd med større og mindre gardar, husmannsplassar og stølar, har bygda utvikla seg til det ein kan kalle ein turistmagnet. Dette skuldast i stor grad opninga av Bergensbana i 1909, og Flåmsbana i 1940.

  • Bygda Fresvik

    Bygda Fresvik ligg på sørsida av Sognefjorden like ved inngangen til Aurlandsfjorden. Bygda høyrer no til Vik kommune, men låg tidlegare under Leikanger. Bygda livnærer seg fyrst og fremst av tradisjonelt jordbruk og turisme basert på den vakre naturen, og har ei rik kulturhistorisk arv.

  • Bygda Frønningen

    Bygda Frønningen ligg mellom Revsnes og innløpet til Aurlandsfjorden, og høyrer til Lærdal kommune. Bygda grensar mot Kaupanger og Fresvik langs fjorden, og mot Aurland og Lærdal statsallmenning på land. Aust-søraust for bygda ligg fjellet Bleia, med ei høgd på over 1700 moh. Bleia naturreservat og skogen frå Indre Frønningen opp mot Bleia, er del av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap.

  • Bygda Undredal

    Undredal er ei særprega lita bygd, plassert om lag midvegs inn i Aurlandsfjorden. Fram til slutten av 1980-talet var einaste veg til bygdesenteret sjøvegen. I dag er det køyreveg både vestover til Voss og Bergen og austover til Lærdal og Oslo. Vegen leier heilt ned til fjorden, der ein kan oppleve den minste kyrkja i Norden og den berømte geitosten frå dei mange geitene i dalen.