Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. august 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Handelsstaden Gåsvær



Øya Gåsvær ligg heilt vest i havet mellom Lågøyfjorden og Gåsværosen i Solund. Frå Lågøyfjorden ser den vel ein kilometer lange øya ut som ei låg landstripe. Gåsvær vert rekna som det vestlegaste gardsbruket i landet. Trass i at det ligg vêrhardt til er hamna god. Nokre av dei gamle bygningane står framleis nede ved sjøen.

Gåsvær sett mot nordaust. Bustadhuset ligg godt skjerma for vêr og vind.

Gåsvær sett mot nordaust. Bustadhuset ligg godt skjerma for vêr og vind.

Eigar: Solund Sogenemnd.

Datering: før 1980.

Fotograf: Ukjend.

Frå fiskevær til kremmarleie

Gåsvær har i mange hundre år vore eit utgangspunkt for fisket. Her har vore fiskevær lenge før borgarane tok til med å driva handel. Frå 1755 vart Gåsvær eit kremmarleie med handelsprivilegium. Jørgen Petter Møller, frå Bergen, var den fyrste som fekk handelsprivilegium her. I ein rapport frå 1757 står det at det på grunn av fisket var skipa eit kremmarleie på Gåsvær til nytte og føremon for allmugen.

Lexau kjøper Gåsvær

På 1760-talet vart Gåsvær kjøpt av Vilhelm Lexau, systerson til Møller. Han kjøpte òg kremmarleiet på Husøy. I 1767 fekk Lexau rett til å driva kro og gjestgiveri i tillegg til handel. Han vart pålagd å bryggja sitt eige øl, men måtte kjøpa brennevinet frå Bergen.
Lexau sjølv budde i Bergen, slik at handelsstaden vart driven av handelsbetjentar, såkalla gesellar.

1800-talet

I 1801 var Johannes Larssen Gloppe gesell på Gåsvær. Han hadde tilsynet både med handelsverksemda og gjestgiveriet. I tillegg var han bonde og fastbuande. På denne tida budde det 15 personar på øya, av desse arbeidde to vaksne drengar og to tenestejenter hjå Gloppe.
Firmaet 'Lyder W. Nicolaysen og Søn' kjøpte Gåsvær av Lexau kring 1800. Dei hadde kjøpt både Utvær, Stokkevåg og Husøy i same distriktet. I 1812 overtok Nicolay Nicolaysen drifta etter faren. Han var gift med Bolette Lexau, dotter til Vilhelm Lexau. I 1839 selde Bolette, som då var enkje, handelsstaden til Lars Møldrup Gjertsen Lervåg.
Det ser ut som kremmarleiet på Gåsvær tok slutt like før 1850. På tinget i 1842 vart det opplyst at gjestgiveriet var nedlagt. Noko av forklaringa kan vera at landhandlarstaden på Buskøy ekspanderte sterk på denne tida.

Fiske og jordbruk

Etter at handelsstaden og gjestgiveriet vart nedlagt har folket på Gåsvær livnært seg av kombinasjonen jordbruk og fiske. Gåsvær har vore ein sjølvstendig gard med to til tre husmannsplassar. Folketeljinga i 1865 syner at det var tre huslydar her, med i alt 21 personar. Berent Hansson og kona Britha Johannesdotter hadde to pleieborn, to tenestedrengar, to tenestejenter og kårfolka Lars Gjertsen og Oline Berentsdotter, med ein tenestedreng, i sin huslyd. Berent vart kalla gardbrukar, sjølveigar og fiskar. Huslyden til Knut Olsen og kona Hylleborg Hertzberg Olsdotter talde deira tre døtrer og eine son, samt kona sin uekte son. Knut vart kalla husmann og fiskar. Den tredje huslyden talde berre tre personar; Johannes Olsen og kona Marie Jørgensdotter samt den losjerande Jørgen Mathiasson. Johannes er kalla husmann og fiskar, medan Jørgen var fiskar.

Bygningane

Det lange smale våningshuset er bygd i fleire etappar, tre hus skal vera bygde saman. Den eldste delen er truleg frå 1700-talet. Bygningen inneheld mellom anna fire stover etter kvarandre, samt kjøken og gangar. Huset har stått tomt og har berre vore nytta til å lagra fiskereiskap i. Det er plassert så tett ned til sjøen at det har hendt at springfloa har gått inn i den lågaste delen av bygningen. Den store sjøbua er bygd i 1904. Tidlegare sto det to buer med gavlen mot sjøen her.
Om den sørlegaste stova i huset vert det fortalt at ho er oppbygd av restane etter ei seglskute som forliste her. Dei bøygde takbjelkane skal stamma frå ruffen av seglskuta. Stova er av solid tømmer og er tjørebreidd utvendig. Ho må vera frå tida før 1830 og står der framleis.

Gåsvær i dag

Gåsvær har ikkje vore med i Fylkesbaatane sine rutetabellar, og ikkje vore fast stoppestad for båtruter før i 1990-åra. Trass i dette bur det framleis 17 personar her - per mars 2001. Medan den gamle handelsstaden Husøy manglar fast busetnad, har Gåsvær klart å halda oppe sin. Frå 1900 til 1970 var det laksefisket som var den viktigaste inntektskjelda. Seinare har ein gått til innkjøp av kystnotbåtar, som vert sett på som ei ny vekstnæring. På 1970-talet tok dei til med utleige til turistar, fiskeferie. I samarbeid med Fylkesbaatane driv nokre med skyssbåt. Ein del pendlar til andre delar av kommunen. Mange har arbeidet sitt i Hardbakke, kommunesenteret i Solund.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munksgaard, Jan Henrik:Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet, Del 3. Sogn og Fjordane. Utgjeve av Kystmuseet i Sogn og Fjordane - Historisk Museum. Bergen 1980.
Steinsøy, Alf:Solund,Gards- og ættesoge til 1980, Band 1. Bergen 1982.
Skulen på Hardbakke:Huset og garden. Lokalhistorie frå Solund, side 5. Utgjeve av skulen i Hardbakke. Solund 1980.
Gåsvær, Hans:
Informasjon om Gåsvær i dag.

PERMANENT IDENTIFIKATOR