Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 15. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Geita fyr



På Inste Geita, ei lita øy i Buefjorden, mellom Aralden og Værlandet, ligg Geita fyr. Inste Geita er ei av tre øyar; Ytste Geita, Medgeita og Inste Geita. Fyret vart tent i 1897 og var lenge betjent av fyrvaktarar, men vart i 1980 automatisert. Sidan 1982 har det ikkje budd fastbuande på fyret.

Geita fyr med hovudhuset og fyrlykta. I over hundre år har dei sjøfarande sett lyset herfrå. Takkonstruksjonen på sjølve fyrlykta skal vera den einaste i sitt slag.

Geita fyr med hovudhuset og fyrlykta. I over hundre år har dei sjøfarande sett lyset herfrå. Takkonstruksjonen på sjølve fyrlykta skal vera den einaste i sitt slag.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: Ca. 2001.

Fotograf: Ukjend.

Bygt i 1897

Geita fyr vart bygt i 1897 og den 6. oktober same året vart fyret tent for fyrste gong. Alt i 1891 var det kome fyr på Raudøy, litt lenger nordaust, på nordsida av innløpet til Vilnesfjorden.

Lyskjelda i Geita fyr var frå fyrst av ei petroleumslampe med tre veiker, ein utanpå den andre, for å få sterkt lys. 

Den fyrste fyrvaktaren var Hans Christian Andersen (1842-1903) frå Halden, gift med Hilma Caroline Terese, fødd 1845 i Stockholm. Andersen døydde i april 1803 og sonen hans (med same namnet) vikarierte fram til det vart tilsett ny fyrvaktar i november same året.

Ingvar Wetlesen overtok då som fyrvaktar og hadde denne i stillinga i nesten 25 år, til september 1928. I 1931, under den tredje fyrvaktaren, Martin Hjalmar Rønning, si tenestetid, vart den gamle petroleumslampa skifta ut med ein glødebrennar.

Glødebrennaren var som ei primuslykt i stort format. No fekk ein både sterkare og meir stabilt lys. Fyret fekk no ein lysstyrke på 18 nautiske mil.

Tørnsystem

Fram til Rønningen gjekk av som fyrvaktar i juli 1939 var Geita fyr betjent av ein fyrvaktar med husstand. Etter dette vart mannskapet utvida med ein reservebetjent seks månader i året. 

Det var vanleg at ein dreiv med jordbruk på dei fyra der det gjekk an, slik var det også på Geita. Her hadde dei kyr og sauer, og dei prøvde å få noko til å veksa i den karrige jorda.

Frå 1957 vart Geita fyr tørnstasjon, med fyrmeister, fyrbetjent og reservebetjent i ni månader. Familiane flytta i land og øya vart etter dette eit reint mannssamfunn. Tørnsystemet var lagt opp slik at ein hadde fire veker vakt og to veker fri.

Den 9. juli 1961 fekk fyret elektrisk straum og ei lampe på 500 W vart brukt til lysskjelde. Fyret vart endra frå å ha fast lys til okkulerande, med fem sekundar lys og eitt sekund mørke. Kraftkjelda var to aggregat på 4,5 kW kvar. Fyrvaktarbustaden, maskinhuset og båtnaustet fekk også innlagt elektrisk kraft, og ein fekk utelys så ein lett kunne ta seg fram mellom husa i mørket.

Sambandsutstyr

I november 1970 fekk fyrstasjonen VHF-samband med Florø Radio. Dette var eit svært godt samband samanlikna med den gamle radiotelefonen stasjonen hadde hatt sidan 1956. Radiotelefonen hadde hatt faste lyttetider kl. 9.30, 12.00 og 18.00. Dette gjekk over fiskeribølgja og var ope for dei som ville lytta på, medan det nye systemet var lukka. I februar 1978 fekk stasjonen vanleg telefonsamband.

Automatisert

I perioden frå 1942 til 1967 var det ikkje mindre enn 29 grunnstøytingar i nærleiken av Geita. Tre av båtane totalforliste, medan dei andre kunne bergast. Mannskapet på to av dei totalforliste båtane kom seg i land på Geita og vart tekne hand om av betjeninga der. Om morgonen den 6. oktober 1977 vart Geita fyr råka av eit lynnedslag som sette fyret ut av drift. Mykje av det elekstriske anlegget vart øydelagt, og VHF-sambandet fall ut. Heldigvis kom ingen av mannskapet til skade. 

Olav Oddekalv vart den siste fyrmeisteren på Geita. Han tok over stillinga i 1979, men året etter vart fyret automatisert. Frå 1982 har det ikkje budd folk fast på fyret.
No er det ingen fyrmeister som går faste rundar dag og natt for å sjekka at alt fungerer. Alt fungerer automatisk.

Freda feriebustad

Fyret vart i 1999 freda av Riksantikvaren. Fredinga omfattar fyrtårnet, bustaden, uthuset, maskinhuset, fjøset og naustet, og eit område rundt som tilsvarar heile øya som fyrstasjonen ligg på. Assistentbustaden vart riven i 1960-åra. 

I dag er det mogleg for folk å få overnatta eller feriera på fyret. Hovudhuset på fyret vert leigt ut, og med i leiga kan ein få ein vaktmeister eller båtførar. Det er mogleg å fiska frå land på Geita, eller ein kan dra ut på havet i båt. Dykking er også mogleg. Frå Geita har ein utsikt vidt om kring, både mot Askvoll og Solund.

Havfrua frå Geita

Bilete av Grete Wittrich, "Havfrua på Geita" (nr. 2 frå venstre).

Om morgonen den 8. juli 1933 fann Agnes Rønning (kona til fyrvaktaren) ei ukjend kvinne som låg og sov på noko høy. Ho trudde fyrst at det var nokre omstreifarar som hadde overnatta her, men dette skulle syna seg å vera feil. Kvinna var mykje medteken, var oppskrapa på kroppen og kjolen hennar var berre filler. Ho snakka ikkje norsk, men fru Rønning kunne litt engelsk og forstod at kvinna hadde kome med ein båt. Ho skulle ha hoppa frå ein tysk turistbåt og sumt i land på Geita.

Dei to sønene til Rønning rodde inn til lensmannen i Askvoll. Lensmannen kunne fortelja at kvinna var frå Brno i Tsjekkoslovakia og bar namnet Grete Wittrich. Ho hadde i sinne og påverka av alkohol hoppa over bord. Fyrst hadde ho gått i land på Engaskjeret, derfrå sumt til Bunesholmen og så over til Geita. Ein lang symjetur som det er ganske utruleg at ho overlevde.

Grete Wittrich fekk opphaldsløyve i Norge i to månader. Ho oppheldt seg då på Geita og på Aralden, og deltok i husarbeid og gardsarbeid som ei vanleg tenestejente. På denne tida var det kvart år høgmesse ved steinkrossen i Korssund søndagen nærast olsok. Dette året var det ekstra mange som tok turen berre for å få sjå "Havfrua frå Geita." Folk kom heilt frå Eivindvik, Solund og Hyllestad.

Fräulein Wittrich vart seinare på sommaren henta av nokre familiemedlemer. Med desse reiste ho heim til Tsjekkoslovakia.

Bilete av folk ved fyret.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Oddekalv, Olav: Litt historie om Geita fyr. Artikkel i Sogeskrift for Askvoll kommune, Hefte 1, 1981. Askvoll 1981.
Einen, Anton: Havfrua på Geita. Artikkel i Sogeskrift for Askvoll kommune nr. 7 1994.
Loftheim, Abraham: Askvoll Bygdebok, Folket II B. Ættarbok frå det 16. århundrad til 1969. Førde 1972.
Firdaposten. 27.02.1999.
Adventure Travel: Hytte og fyrferie. Internettsider: http://www.adventure.infosenter.com/geita.html.
Riksantikvaren - Direktoratet for kulturminneforvaltning: Fredninger 1999. Internettsider: http://www.ra.no/nyheter/fredninger/fred99.htm.

PERMANENT IDENTIFIKATOR