Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. september 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hauge kyrkje



Hauge kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i kommunesenteret Lærdalsøyri i Lærdal kommune. Kyrkja, som har 500 sitjeplassar, vart vigsla 6. mai 1869 av biskop Peder Hersleb Graah Birkeland. Arkitekt Eilert Christian Brodtkorp Christie laga teikningane. Hauge kyrkje er soknekyrkje for Hauge sokn i Lærdal prestegjeld.

Hauge kyrkje vart ikkje bygd opp att på Hauge, der gamle-kyrkja stod, men på Øyramarki.

Hauge kyrkje vart ikkje bygd opp att på Hauge, der gamle-kyrkja stod, men på Øyramarki.

Eigar: Lærdal kyrkjekontor.

Datering: 2003.

Fotograf: Håkon Li, Borgund.

Monumentalt preg

Hauge kyrkje er den mest særmerkte av dei stavkyrkjeprega kyrkjene som vart reiste i 1860-åra. Ho er den einaste i fylket med to tårn, og det er nettopp tårna på kvar side i vestenden som gir kyrkja det uvanleg monumentale preget. Tårna har mønster etter den gamle stopulen, der øvste delen er smalare enn sjølve tårnfoten. Mellom tårna og inngangen er det innreidd svalgangar. Kyrkja er også utstyrt med takryttarar, men derimot ikkje med drakehovud. I staden er der sett krossar på alle gavlane. Tidlegare var Hauge kyrkje brungul, men i dag er ho kvitmåla med brungult listverk. Innvendig vart ho sist måla i 1998, og då tilbakeført til dei opphavlege fargane. Før hadde ho eit litt bleikare preg i fargane enn no.

Kløverbladforma går att på vindauga, som dekor på alteret, preikestolen og fleire andre stader. Vindauget i vestveggen bak orgelet merkar seg ut med den sterke raude og grøne fargen. Både i skip og kor finn ein dei heva midtromma, med skråvegger ut mot sidene. Øvst på korveggene er der to vindauge på kvar side. Bak altertavla er der eit utbygg som går opp i ein indre spissboge i koret. På kvar side av koret finn ein dei vanlege sakristia. Utforminga av interiøret elles er mykje likt dei andre kyrkjene som er teikna av arkitekt Christie. Våpenhuset er firkanta og nokså lite. På kvar side nedst i skipet er det trappeoppgang til galleriet, og på sørsida er det også innreidd toalett.

Kyrkje nærare Øyri

Soknet heiter framleis Hauge, trass i at dagens kyrkje står på ein annan stad enn dei to tidlegare kyrkjene i nedste delen av Lærdal. Namnet synest ikkje å ha vore noko diskusjonstema, men det var derimot sjølve saka som gjaldt bygging av ny kyrkje. Gjennom dei tiåra gamlekyrkja på Hauge var i forfall, voks folketalet på Lærdalsøyri sterkt. Rundt 1860 budde halvparten av soknelyden på 1500 menneske i og rundt Øyri, og 20 år tidlegare hadde det vore planar om å gjere Lærdalsøyri til den fyrste byen i fylket.

I Lærdal var det eit krav at kyrkja måtte byggjast opp at nærare Øyri, i staden for på Hauge. I 1866 kom det til avklaring omkring kva type kyrkje som skulle førast opp, nemleg ei reisverkskyrkje etter teikningar av arkitekt Christie. Byggmeister J. A. Øvsthus hadde laga utkast til ei lafta kyrkje, men desse teikningane vart vraka både av Stiftsdireksjonen og dei lokale styresmaktene.

Politikarane var med å forma kyrkja

Tomtespørsmålet løyste seg då eigarane av gardane Øye og Stødno gav kvar sitt mål jord til kyrkjetomt, like ved den gamle ekserserplassen i Lærdal. Kommunen kjøpte i tillegg eit mål jord i 1867, og året etter kom bygginga i gang. Folket på Lærdalsøyri var særleg ivrige med dugnaden, både med å klargjere tomta og få reist grunnmur. I tillegg hadde dei fleire år i førevegen starta pengeinnsamling til den nye kyrkja.

Det er interessant å sjå kor sterkt inne i saka heradsstyret i Lærdal var. Representantane hadde ei meining om det meste, og etter ei synfaring i Årdal skreiv dei nokre merknader som arkitekten måtte justere teikninga etter. Den eine merknaden var at dei ikkje var tilfreds med tårnet på kyrkjene i Årdal og i Sogndal. Slike tårn på ein stad som er svært utsett for vind ville gjera kyrkja dyrare. Tårnet måtte tilpassast lokale forhold. Ein annan merknad var at plassen under galleriet måtte få lys. Og ein tredje, at det ikkje vart heil kledning framfor galleriet, men eit rekkverk som det ved alteret.

Politikarane i bygda var altså sterkt medverkande til at kyrkja fekk den utforminga ho gjorde. Når det gjeld dei to tårna, var det soknepresten Henning Frimann Dahl som føreslo denne løysinga.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1874 er eit bilete måla av Nils Bergslien frå Voss. Motivet er Jesu bønekamp i Getsemane, med tre sovande læresveinar i bakgrunnen. Ein engel frå himmelen synte seg for han og styrkte han (Luk. 22,43). Som fleire andre kyrkjer frå andre halvdel av 1800-talet, vart det fyrst sett opp ein trekross som alterutsmykking.

På alteret står to lysestakar i sølvplett, truleg frå 1869, og ein trearma lysestake i sølv, frå 1970-åra. Nattverdsutstyret er ein kalk, ein disk, ei brødøskje og ei vinkanne, alle i sølv. Både preikestolen og døypefont er i tre og frå 1869. Dåpsfatet og dåpsmugga er i sølvplett.

Orgelet frå 1978 har sju stemmer, Spigseth. Her er to kyrkjeklokker. Den eine er frå før 1869 og vert kalla "Haugsklokka". Ho vart reparert i 1968. Den andre er frå 1968, og laga av O. Olsen & Søn, Nauen, Tønsberg.

Kyrkjetenaren som nekta å ringe

Etter mange år i tenesta og mykje kraftig klokkeklang i kyrkjetårnet byrja høyrsla til kyrkjetenar Hans Hagheim å svikte. Han meinte at løysinga på problemet måtte vere elektrisk ringing, men møtte motstand i kommuneleiinga. Som verneombod for kyrkjeleg sektor i kommunen, sette Hagheim til slutt foten ned og kravde støymåling. I mars 1995 kom Arbeidstilsynet for å måle støynivået i kyrkjetårnet. Det vart fastslått at støyen var på over 140 desibel, langt over smertegrensa. Trass i bruk av verneutstyr meinte fagfolka at støyen var skadeleg. Kyrkjetenaren stod fast på at løysinga måtte bli elektrisk ringjeanlegg i alle Lærdals-kyrkjene. Om ikkje det skjedde, ville han nekte å ringje.

Ordføraren meinte det måtte finnast rimelegare løysingar og var lite blid på kyrkjetenaren, som i ein periode gjorde alvor av trugsmålet om å nekte ringing. Hagheim på si side vurderte å klage til Arbeidsdirektoratet. Saka kunne bli ei prinsippsak med følgjer for alle kyrkjene i landet. Men etter at partane lokalt fekk i stand eit nytt møte, vart det semje om at taua til kyrkjeklokkene skulle forlengjast slik at kyrkjetenaren kunne stå nede på grunnplanet og ringje, i god avstand frå klokkene. Kommuneleiinga gjekk også med på å isolere golv og vegger i tårna for å dempe støyen. Hagheim var nøgd med utfallet av saka, men meinte framleis at den beste løysinga ville vore å modernisere kyrkjetårna med elektrisk ringjeapparat.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR