Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 14. november 2018

Sist oppdatert 16. august 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Elling Sørensen – frå Sunnfjord til Lofoten 1852



Den 9. juli 1852 noterte soknepresten i Ytre Holmedal prestegjeld (frå 1912 Fjaler) ei utflytting: Elling Sørensen Nordal, fødd 8. april 1831, til «Nusefjord i Nordland». Nokså nøyaktig 60 år seinare noterte soknepresten i Buksnes prestegjeld i Lofoten ei innførsle om den same personen: «Kaarmand Elling Sørensen», død 15.03.1912, «bopel»: Berg. Eit langt liv var slutt, og til sine tider hardt; først og fremst bortimot 20 år på Æsholmane, der ingen hadde budd fast før han.

Utsyn mot grenda Utakleiv og Æsholmane.

Utsyn mot grenda Utakleiv og Æsholmane.

Eigar: Bodil Marie Nordnes

Datering: 2021

Fotograf: Bodil Marie Nordnes


Sunnfjord og Lofoten

Elling Sørensen er etter måten godt kjent. Det står litt om livet hans nordpå i fleire nordnorske publikasjonar. Dessutan har han på ein måte fått sin eigen dokumentarroman; Henning på Holmen. Grunnen er nok først og fremst ein prestasjon han er åleine om, til alle tider. Elling Sørensen budde fast i rorværet (sesongfiskevær utan fast busetjing) Æsholmane i nær 20 år, med familie og mange ungar. Men det står lite om Elling Sørensen før han «utvandra» til Lofoten. Dette stykket er todelt. Den eine delen har med nokre avsnitt om Elling Sørensen i trykte kjelder. Den andre delen handlar om Elling Sørensen i Sunnfjord.  

Æsholmane

Utakleiv er namnet på ei lita bygd mot opne havet på yttersida av Vestvågøy i Lofoten. Det er herifrå det er kortast strekning frå «fastlandet» til Æsholmane. Fiskeribladet for Nord Norge, 30. april 1952, har ein interessant artikkel under tittelen Fiskeværet som ikke fikk havnebeskyttelse. Og som ble avfolket og lagt øde. Forfattaren skildrar naturen og fortel om rorværet Æsholmane, om liv og røre når vinterfisket gjekk føre seg, og om endringar. Mot slutten nemner han noko han «glemte». Her følgjer to avsnitt frå stykket:

«en kvart mils vei eller så fra land, ligger det en liten samling av øyer og holmer og et dryss med skjær og (…) båer. Æsholmene kalles de alle sammen med et felles navn. Da det er godt fiskehav utafor her både til vest og til øst, var det bare rimelig at fiskerne der i distriktet fant det høvelig for seg å «ro» vinterfiske her. (…)»

«Jeg glemte visst å fortelle (…) at i 1870-årene bodde det en kortere tid også et par familier her, så det er da noen ennå (…) levende mennesker som i følge kirkeboka er født på Æsholmene (…) Men det er vel forresten nå en eneste igjen av disse innfødte fra havsholmene. Og han bor i Hol i Lofoten.»

Tvangsauksjon

Fiskeribladet har ikkje namn og presis tidfesting. Ein annan artikkel i ei anna avis har meir om den første familien som tok fast bustad på Æsholmane, Elling Sørensen og huslyden hans. Det står og noko om grunnen til at familien hamna på Æsholmane, sjølv om noko i den historia neppe er sanning.

«Gården deres på Sund i Buksnes kom på tvangsauksjon. Sørensen var da nokså fortvilt. Han gikk i båten med sin hustru og barn og de få eiendelene de åtte og lot vinden avgjøre om de skulle på land i Verøy eller på Æsholmene. Det ble altså Æsholmene.» 

Tre familiar – og drukningsulukke

Sogeskriftet Lofotboka 2003 har ein artikkel med omtrent same tittel som Fiskeribladet 1952, Fiskeværet Æsholmene, og her står det meir. Tre familiar budde ei tid på Æsholmane. Elling Sørensen var den første som kom og den siste som flytte derifrå. Dei to andre familiane budde på Æsholmane i kortare tid. Den eine familien blei råka av ei fælsleg drukningsulukke. Far og to søner omkom. Nedanfor følgjer to avsnitt frå artikkelen, og nokre merknader til innhaldet.

«I 1868 flyttet folk med familie til Æsholmene. Elling Sørensen fra Nordal i Sunnfjord født i 1836, reiste som 17-åring til Bergen og reiste derfra til Nusfjord med en Nordlandsjekt. Han kom senere til Uttakleiv. I 1860 giftet han seg med Ingeborg Marie. I 1868 reiste han med sin familie fra Sund i Buksnes der han hadde bodd i ett år til Æsholmene. I 1870 kom Erik og Dorthea Israelsen med sønnene Erik og Israel og datteren Ovidia utover til Æsholmene. De var fra Folla. På denne tiden kom også Kristine og Sivert Nilsen fra Haukland. Men de bodde bare ett år på Æsholmene.

Fiskeværet Æsholmene var ikke det beste stedet for fastboende. Det ble mange vanskeligheter når uveret kunne vare i flere uker og de dermed var avskåret fra resten av omverdenen i flere uker. Høsten 1873 hadde uværet vart nesten hele etteråret. Det led mot jul uten at været hadde vært slik at de fikk handlet inn varer til jul. Elling Sørensen og Erik Israelsen ble enige om at de skulle dra til Mærvoll der nærmeste handel var, for å handle inn de nødvendige varene til jula. Om morgenen den 22. desember var været noenlunde bra. Erik sendte sønnen avgårde til Elling for å spørre om de skulle dra avgårde til Mærvoll denne dagen. Elling var kjent for å ha god greie på været. Han gikk ut for å studere forholdene og fant at de ikke burde dra avgårde denne dagen likevel. Erik Israelsen og sønnene Erik og Israel reiste da allikevel alene. De forliste inne på Steinefjorden på tur til Mærvoll.

Alle tre satte livet til. Eldste sønnen - han het Erik - var også gift. Dermed satt det to enker og en farløs datter igjen ute på holmene. Det ble stort oppstyr i det lille samfunnet på Æsholmene da de ble klar over at 3 mann var omkommet på Steinefjorden. Ingeborg Marie, som var fruktsommelig, ble barselsyk, og sønnen Justus (5) kom 4 uker for tidlig – 23. desember 1873

Merknader til denne trykte kjelda: Elling vart fødd 9. april 1831, og døypt den 17. same månad. 21 år gammal, den 9. juli 1852, er han oppført i kyrkjeboka som utflytt «til Nusefjord i Nordland. I folketeljinga 1865 er han busett på Sund som gardbrukar og sjølveigar. Dersom han flytte til Æsholmane år 1868, må han ha budd minst 3 år på Sund, eller annan stad. Vidare er det feil at Erik og sønene rodde til Mærvoll 22. desember 1873. I ministerialboka for Buksnes står dei innført som drukna den 11. desember. Namnet på guten som blei fødd for tidleg har fått namnet Elias Julius Eggen i kyrkjeboka. Presten må ha skrive Julius i stadenfor Justus, eller namnet må ha vorte endra. Han vart dessutan fødd 20. desember 1873, og ikkje vesle julaftan.

Boka - Henning på Holmen

«Det var just ikkje noka Kaanaan Vårherre hadde ført dei til, tenkte Henning. Han hadde lagt alt i Guds hand og bedd at Gud måtte føre han dit han ville han skulle slå seg ned. Dette var ein liten holme ute ved havet.» Med desse orda byrjar Dagmar Blix kapittel to i boka Henning på Holmen (1978). Boka er ei dokumentarforteljing. Forfattaren byggjer på ei faktisk hending i verkeleg landskap, men forfattaren skildrar personane i oppdikta/skjønnlittererær form.

Modellen til Henning på Holmen er Elling Sørensen. Det er tydeleg at forfattaren kjenner området der handlinga føregår; natur, målføre og historie, og at forteljinga byggjer på ei verkeleg livssoge. Henning tek valet å gå frå gard og grunn i Sund, slår seg ned på Holmen (rorværet Æsholmane), bur der i mange år og blir «velsignet» med fleire born. Ein gong er det berre så vidt dei bergar livet då springflo og uvêr valdar stor skade. Ein annan familie bur der og nokre år. Denne familien blir hardt råka av ei drukningsulukke. Henning er læstadianar; ein djupt kvardagskristen. Livsløpet til Henning stemmer eit stykke på veg med soga til Elling Sørensen, og boka Henning på Holmen medverkar til å formidla ei verkeleg livssoge, - ei livssoge som tok til ein heilt annan stad i verda, på ein avsides gard i Sunnfjord. 

Einbølt og avsides

Elling Sørensen, var «frå Nordal i Sunnfjord», med nærare adresse Ytre Holmdal prestegjeld, eller Ytre Holmedal kommune (år 1912 vart Ytre Holmedal endra til Fjaler). Garden Norddal i Fjaler ligg kring 10 km sør-aust frå Dale sentrum, ved søre enden av Norddals-vatnet. År 2018 møter tilreisande eit velhalde gardstun, med mange bygningar, av ulik alder. Det største huset er ein ny, moderne driftsbygning. Einbølt og avsides har vore brukt som karakteriserande ord om gardar som denne; ein einskild gard, langt unna sentrum, - her, tettstaden Dale, med kyrkje, handel og fjorden med dampskipsstoppestad frå 1858. Folketeljinga 1865 fortel om ein heller stor gard mælt etter mengde utsådd korn og sette poteter (utsæd) og husdyrhald (hest, kyr, sauer, geiter og gris). På denne garden var det Elling Sørensen vart fødd og voks opp. Foreldra var tenestefolk.

Fødd 1831

Elling Sørensen vart fødd 9. april 1831. Han var son til Søren Ellingsen (kring 1808 - 1875) og Marta Ellingsdotter. I soknepresten sin ministerialprotokoll står foreldra oppførde som tenestefolk. Seinare, etter at Elling var reist heimefrå, hadde familien status som husmannsfolk, på plassen Bruahaugen under same garden. Elling hadde fleire søsken.

Konfirmert 1847

Elling vart konfirmert i Dale kyrkje, søndag 3. oktober 1847. Han var då 16 år gammal. Soknepresten gav han ein svært god attest, om enn med eit lite minus, «ikke synderlig flittig» (akkurat det skulle han få rikeleg med høve til å retta opp seinare i livet). Heile attesten står skriven slik:

«Af meget godt Næmme [gode evner, til å læra]. Han læser godt i Bog [ei forkorting, som tyder: kan?] Forklaringen godt og Bibelhistorien særdeles vel, skriver og regner»

Registrert utflytt 1852 og 1859

Seinare reiste Elling Sørensen ut i verda, truleg til Bergen, og derifrå nordover i landet. I presten sitt utflytte-register er han år 1852 oppført utflytt «til Nusefjord» (Nusfjord - kjent fiskevær i Lofoten, Flakstad prestegjeld). I Flakstad sokneprestembete sitt innflytteregister finn me Elling Sørensen notert innflytta, med opphaldsstad «Næsland». Han blei ikkje buande i Flakstad. Det kan sjå ut som Elling farta litt omkring. År 1858 finn me han i Tromsø, og, av ein eller annan grunn, står han året etter for andre gong notert i utflytteregisteret til soknepresten i Ytre Holmedal: «Søren Ellingsen, 1.7.1859 opgiven Datum», fødd 9.4.1831, «til Buksnæs Prestegjæld». Buksnes prestegjeld var naboprestegjeld til Flakstad.

Gift 1860 - «Grdmd» - gardbrukar 1861

År 1860, den 4. juni, gifta han seg med «Pige Ingeborg Marie Jentoft Jakobsdtr. Ytreklev [Utakleiv)». Brudgommen var 29 år, brura 23, og 4. april året etter kom dottera Haagine til verda. Elling Sørensen frå Nordal, ytre, i Ytre Holmedal prestegjeld i Sunnfjord, står no med tittel «Grdmd»; gardbrukar på Utakleiv.

Om ein etterkomar

Elling Sørensen og kona Ingeborg fekk mange born. Ein av dei var Harry, fødd år 1879 medan ekteparet budde på Æsholmane. I kyrkjeboka kjem fram følgjande opplysningar: Fødd 1.11.1879, heimedøypt av «Faderen» med «Barnets Moder» og Petrine Ellingsen som vitne. Stadfesta («Bekr.») 23.5.1880. Foreldre: Strandsitjar Elling Sørensen «Æsholmene» og Ingeborg Marie Jentoft Hansdotter. 6 fadrar.

Då Harry Ellingsen runda 90 år, i 1969, stod det stykke om han i Nordlandsposten:

«90 år. (…) Ellingsen er født på de for lengst forlatte Æsholmene som ligger langt ut i havet utenfor Uttakleiv. Da han var ett og et halvt år lå han i halvannet døgn i en bergrevne sammen med sine foreldre og søsken mens uvær med springflo tok med seg husene og skyllet over holmen. (…). Han bor i huset sitt og steller godt for seg selv til tross for sin høye alder, men hans nærmeste bor dør i dør og besøker han mange ganger om dagen. Særlig barnebarna liker seg godt hos bestefar (…). Fra barndommen har Ellingsen tilhørt den læstadianske bevegelse, hvor han er en kjent taler. (…)»

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fjaler sokneprestembete, fleire ministerialprotokollar


Busknes sokneprestembete, fleire ministerialprotokollar


Folketeljing 1865


Folketeljing 1875


Wiik, Alsing: Fiskeværet Æsholmene


Nordlandsposten 30.04.1952


Nordlandsposten 30.10.1968


Lofoten Tidende 30.12.2015


Blix, Dagmar: Henning på Holmen. 1978.

PERMANENT IDENTIFIKATOR