Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. november 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Randabygd kyrkje



Randabygd kyrkje er ei langkyrkje i tre som står like oppom kaien i Randabygda. Kyrkja, som har 240 sitjeplassar, vart vigsla 29. august 1916 av biskop Peter Hognestad. Arkitekt Jens Sølvberg frå Bryggja i Nordfjord laga teikningane. Kyrkja hadde lenge berre status som kapell under Utvik sokn i Innvik prestegjeld og frå 1967 under Hornidal, men har sidan 1. januar 1981 vore soknekyrkje for Randabygd sokn i Hornindal prestegjeld.

Den brunbeisa kyrkja i Randabygda har eit ekstra høgreist preg på grunn av kjellaren som er bygt oppe på bakken.

Den brunbeisa kyrkja i Randabygda har eit ekstra høgreist preg på grunn av kjellaren som er bygt oppe på bakken.

Eigar: I Årbok for Nordfjord 1992.

Datering: 1992.

Fotograf: Petter Eide.

Ønskje om eiga kyrkje

Kyrkje i Randabygda var ein draum hjå mange, lenge før ho vart reist. Dei drøymde om å få samlast på den sida av fjorden der dei høyrde heime, og sleppe å leggje ut på dei til tider strabasiøse kyrkjeferdene over til Utvik - eller til Gloppen for dei bruka på garden Hopland som sokna til Vereide kyrkje.

Dei drøymde, men det mest realistiske alternativet folk flest såg, var å få kyrkja i Utvik flytta til Tistam, 7 km lenger ute ved Nordfjorden. Det ville i alle fall vere eit framsteg, meinte dei. Turen over fjorden var kortare til Tistam. Kravet vart fremja fleire gonger, men utan at det fekk gjennomslag. Siste gongen det var oppe, var då Utvik kyrkje stod framfor store reparasjonar på slutten av 1800-talet. Tistam-folket fekk støtte både frå Randabygda og Fjelli om at kyrkja skulle flyttast dit. Men endå ein gong enda diskusjonen med at framlegget vart nedstemt. Likevel kom det eit viktig resultat ut av diskusjonane, Randabygda fekk lovnad om hjelpegravplass. Det tok nokre år, men i 1910 vart gravplassen endeleg vigsla.

På den tida var ei gruppe frå kyrkjelyden i Randabygda alt i gang med å planlegge kapell for eiga rekning. Ein viktig del av arbeidet var å samle inn pengar, og etter tre år med jamnlege basarar og kyrkjemarknader byrja det å monne. Då var det innbetalt og gitt lovnader om i alt 3000 kr. Tretti personar i Randabygda garanterte for dei resterande midlane som trongst til fullføringa.
I 1915 kom byggjearbeidet i gang, og halvtanna år seinare stod Randabygd kapell ferdig.

Kapell i bratt lende

Det er få heile flater å ta av i Randabygda, terrenget er stort sett svært bratt. Kyrkja står på ein avsats med berre nokre få meter tomt utanfor på sørsida. På oppsida, nord for kyrkja, ligg gravplassen, som vel må vere den brattaste i heile fylket. Han er inndelt i tre oppmurar terrassar. På grunn av det vanskelege terrenget er det nesten uråd for ein person åleine å lage i stand graver. Difor har kyrkjelyden valt å halde fast på den gamle ordninga med at naboane til avdøde tek gravearbeidet på dugnad. Men om tomta er brattlendt, ligg kyrkja likevel flott plassert i terrenget eit stykke ovanfor kaia og butikken i bygda, med fritt utsyn over store delar av Nordfjorden.

Nemninga kapell følgde dette gudshuset like fram til 1981, då Randabygda vart eige sokn. Då vart namnet endra til Randabygd kyrkje. Etter grensereguleringa i prestegjeldet i 1967 vart kyrkja og kyrkjelyden ein del av Hornindal prestegjeld, men huset og folket høyrer som før til Stryn kommune.
Grensereguleringa skjedde same året som det vart lagt inn elektrisk varme i kyrkja. Og på same tid vart det også gjort ein stor jobb med å grave ut delar av kjellaren til toalett, bårerom og reiskapsrom. I 1998 vart det bygt bårerom i eit eige bygg like ved kyrkja.

Kyrkjebygningen

Randabygd kyrkje er ei tradisjonell langkyrkje i forma, men med eit kor i austenden som har fem av sidene i den symbolske åttekanten. På oppsida er der eit sakristi som vert nytta både av dåpsfolk og presten. Tårnfoten i vestenden er våpenhus med trappeoppgang på kvar side. Tårnet er bygt opp med ein firkanta tårnhals og skifertekt spir. Kyrkja var frå fyrst av tjørebreidd, men er seinare beisa brun. Karmar og lister er kvitmåla.

Då kyrkja skulle vigslast, var det mange som påpeika det uvanleg sterke fargevalet. Veggene i skipet var gule, i koret var dei mørk raude, taka var himmelblå og interiøret elles gjekk i grønt, kvitt og oransje. På bilete frå denne tida kan ein også skimta ei blåfiolett brystning langs veggene. Det var kunstmålar Ferdinand Kjerulf Tranaas som valde ut fargane. Same mannen måla alterbiletet. Då kyrkja skulle målast om i 1970, vart det valt meir dempa og lysare fargar, i grønt og grått. Det er elles ikkje gjort endringar i sjølve interiøret. Galleriet er romsleg og har heil front med tilsvarande felt som på preikestolen. Det er støtta opp av fire søyler. På kvar side i skipet er der tre spissboga vindauge, og det bakerste gir også lys til galleriet. I koret er der vindauge berre på sørsida.

Inventar

Både preikestolen og døypefonten er like gamle som kyrkja. Det same gjeld det eine dåpsfatet i messing og den eine dåpsmugga i sølv. Det andre dåpsfatet er frå 2000 og den andre dåpsmugga er udatert. Nattverdsutstyret er ein kalk, ein disk og ei brødøskje, alle udaterte.

Eit veggteppe frå 1983, teikna av Johanna Nygjerd, illustrerer barnet som syner veg: "Vegen mot krossen". Eit relieff i tre som framstiller "Jesus i Getsemane" er laga av Rolf Taraldset i 1977.
Orgelet er frå 1927 og har ni stemmer. Pengane til orgelet vart testamentert til kyrkja. Her er to kyrkjeklokker, den største er frå 1970 med innskrifta: "Fred. Ring med fryd over fjell og fjord om gleda frå Gud som kom til jorda." Den andre er frå 1978 og har innskrifta: "Glede. Av Guds nåde til Guds ære."

 

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.
Djuvstein, Else: Randabygda kyrkje. Artikkel i Årbok for Nordfjord 1992. Sandane 1992.

PERMANENT IDENTIFIKATOR