Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 07. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Handelsstaden Bryggja



Bryggja ligg på nordsida av fjorden like aust for innløpet av Nordfjord. Staden vart skilt ut frå garden Runnshaug i 1838. Frå gamalt har Bryggja hatt samband til Vanylven over Maurstadeidet, og til Selje gjennom Rimstaddalen og over Berstadeidet. Bryggja har god hamn som ligg i ly av øyane og holmane utanfor. Staden høyrde tidlegare til Davik herad men vart overført til Vågsøy ved kommunereguleringa i 1964.

Bryggja var frå 1600-talet eit av dei sentrale kremmarleiene i Nordfjord. Biletet syner staden før brannen i 1898. Det store våningshuset brann ned i lag med ein del andre bygningar.

Bryggja var frå 1600-talet eit av dei sentrale kremmarleiene i Nordfjord. Biletet syner staden før brannen i 1898. Det store våningshuset brann ned i lag med ein del andre bygningar.

Eigar: Kystmuseet i Sogn og Fjordane / Billedsamlingen UBB.

Datering: kring 1890.

Fotograf: K. Knudsen.

Handel på 1600-talet

Dei fyrste borgarane busette seg på Bryggja på 1600-talet. Handelsprivilegium fekk staden kring 1640. Ola Jacobsen, som er nemnd i 1682, skal ha vore den fyrste som dreiv handel her. Elles vert Peder Johnsen og Jens Paulsen nemnde. Frå 1706 hadde Hans Bang privilegium på handel. Han var samstundes forstandar for landeigedomane som høyrde under Sankt Jørgens Hospital i Bergen. Alt tre år etter selde Bang staden til Hans Larsen Glad. Både Bang, Glad og dei andre eigarane hadde gjennom heile 1700-talet einerett på handel i Davik og Hyen.

Fogdens Indberetning

I 1757, då Niels Pedersen Tonning eigde Bryggja, skreiv fogden ei melding om staden. Han fortel at staden er uforgjengeleg nødvendig for dei reisande og for allmugen. Bryggja var i tillegg til handels- og gjestgjevarstad også skysskiftestad. Her var ei framifrå hamn, meinte fogden.

Postopneri

Hans Nielsen Tonning overtok Bryggja etter faren i 1771. Han eigde samstundes halvdelen av kyrkjene i Selje prestegjeld. I 1801 budde Hans Tonning her i lag med kona, Sophie Widsteen, deira fire born, tre tenestefolk, mora og broren hans, samt "en gammel svag Pige". Tenestefolka hjelpte til med drifta av handelsstaden. Erik Nord, tingmann i 1814 og 1833, overtok Bryggja etter Tonning. På Nord si tid vart det opna postopneri her, i 1841. Lauritz Elstrand overtok handels- og gjestgjevarstaden i 1846. Dette året hadde heradsstyret vedteke å nekta gjestgjevaren brennevinsløyve, men snudde året etter. Elstrand var i tillegg til handelsmann og gjestgjevar også postopnar, og då dampbåten fekk fast rute her vart han dampskipsekspeditør.

Dampskipsruter, veg og kai

Bryggja vart på 1850-talet stoppestad for dampskipsrutene mellom Bergen og Trondheim. Staden var eit viktig trafikknutepunkt for ferdsla over til søre Sunnmøre. Fylkesbaatane tok Bryggja med som stoppestad frå 1858, sjølv om det ikkje var kai her. Lauritz Elstrand og Lars Eide hadde i 1858 sendt brev til det offentlege om å byggja veg over Berstadeidet. Stortinget vedtok å byggja veg mellom Bryggja og Åheim på Sunnmøre, slik at ein ikkje var nøydd til å reisa den vêrharde strekninga rundt Stad med båt. I 1863 var vegen over Maurstadeidet bygd ferdig, men det vart ikkje løyvd pengar til bygging av kai. Innløpet til hamna vart i 1877 gjort djupare. Heller ikkje i 1886 var her kai, men kaien må ha vorte bygd like etter dette. I 1907 er kaien omtalt som falleferdig.

Bryggja brenn

Lauritz Elstrand dreiv Bryggja fram til 1887. I 1865 budde han her i lag med kona, Amalie, deira fire born, seks tenestefolk og ein huslærar frå Bergen. I tillegg budde vegstyrar H. H. Rosenquist med frue og tre born, samt to tenestefolk her. Henrik Elstrand tok i 1887 over drifta etter faren. Den 23. oktober 1898 brann det store våningshuset og nokre andre bygningar ned. Etter brannen vart eit nytt våningshus i sveitserstil sett opp.

Bilete av bryggja før brannen i 1898.

Bilete av våningshus i sveitserstil.

I 1900 dreiv Elstrand postopneri og fiskeforretning på Bryggja. Her budde det òg ein sakførar med huslyden sin og ein privat lækjar med sin. Då Elstrand i 1909 selde Bryggja og flytte til Ytre Nore tok han med seg postopneriet dit. Bryggja vart seld til Per Gjesdal. Reidar Gjesdal selde huset og hagen til dyrlækjar Asgaut Bleie. I denne bygningen starta Davik herad opp gamleheim.

Bygningane

På grunn av brannen i 1898 er det lite att av bygningane frå den gamle handelsstaden. Etter brannen stod berre eit naust, ei sjøbu og ei drengestove att. Den store sjøbua i to høgder vart seinare flytta. Våningshuset i sveitserstil, som vart bygt etter brannen, vart ei stund nytta til gamleheim, men er no rive.

Nye verksemder

Utover på 1900-talet har fleire drive ulike former for forretningsdrift her. I 1924 starta Bernhard Tunold bakeri i leigde lokale. Eit eige bakeri vart bygt i 1929. Verksemda omfatta seinare også sal av kolonialvarer. Alv Aalen Ass. Landhandel vart skipa i 1926. Handelen har omfatta sal av mjøl, kolonialvarer, skotøy, steintøy, manufaktur, kortevarer, jernvarer, målarvarer, sement og byggjeplater. I tillegg har det vore bensinstasjon. Ein annan landhandel vart skipa i 1930, - Johan Lothe Ass. Landhandel. I 1942 starta Ola Kassen produksjon av trebotnar til trekloggar og trebotnstøvlar. Her fanst òg ein bil- og mekanisk verkstad, M. Krikens mek. verksted.

Bilete av landhandelen til Alv Aalen frå 1926.

Bryggja i nyare tid

Mange av verksemdene som vart starta her i byrjinga og midten av 1900-talet er framleis i drift ved tusenårsskiftet, andre har kome til. Etter siste krig var Bryggja med i Fylkesbaatane sine ruter mellom Nordfjord og Bergen, men vart etter kvart mindre brukt og er no ikkje lenger stoppestad. Staden har på den andre sida nytt godt av at han ligg ved hovudferdselsåra i Nordfjord, riksveg 15. Vegen på nordsida av fjorden og sambandet med Sunnmøre er det viktigaste, ikkje trafikken på sjøen.
Bryggja er vorte eit lite lokalsamfunn med fleire ulike institusjonar. Her finn ein både aldersheim, skule og barnehage - og eigen bankfilial.

Bilete av bryggja i 2000.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munksgaard, Jan Henrik: Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet, Del 3. Sogn og Fjordane. Utgjeve av Kystmuseet i Sogn og Fjordane - Historisk Museum. Bergen 1980.
Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaia, Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998, Selja Forlag. Førde 1998.
Sætherskar, Johs.: Det norske næringsliv, Sogn og Fjordane Fylkesleksikon. Det Norske Næringsliv Forlag. Bergen 1953.
Hessevik, Dagfinn:
Gamle Bryggja, notat. Vågsøy 1998.
Informasjon frå:
Asgaut Bleie, Vågsøy.
Per Johan Gjesdal, Vågsøy.
http://museet.posten.no/:
Poststeder en historisk oversikt: Bryggen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR