Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 02. februar 2021

Sist oppdatert 04. februar 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Kleppavegen på Systrond – bygd sommaren 1963



KLEPPA – UTFART OG FRILUFTSLIV I GAMLE STØLSOMRÅDE, står som overskrift på eit informasjonssskilt, oppsett hausten 2020. Det var år 1963 dei første bilane køyrde til Kleppa, og det tok berre eit par månader å byggja dei siste 1660 metrane av vegen frå Røysa til Kleppa.

Informasjonsskilt på Kleppa, oppsett 2020, med overskrift: Kleppa – utfart og friluftsliv i gamle stølsområde.

Informasjonsskilt på Kleppa, oppsett 2020, med overskrift: Kleppa – utfart og friluftsliv i gamle stølsområde.

Datering: 2020

Fotograf: Hermund Kleppa

Sak: «Bygging av veg til Kleppa»

Det tok eitt år frå det første formelle møtet om å byggja bilvegen Skahaug-Kleppa til vegen var ferdig. Søndag 1. juli 1962 vart det halde allmannamøte i Tinghuset etter innkalling og kunngjering i lokalaviser. Ei sak stod på saklista; Bygging av veg til Kleppa, med underpunkt Vegline og Finansiering. Vidare stod at dersom det var interesse for saka, skulle møtet drøfta skiping av eit «interesselag» til å stå føre det vidare arbeidet.

Gunnar Olafson (amanuensis og tilsett på Statens forsøksgard på Njøs) og Egil Abrahamsen (vegsjef i Sogn og Fjordane) gjorde greier for kva som hadde skjedd i saka fram til no. Det hadde vore halde eit møte med representantar frå kommunen, idrettslaget Syril og Vegkontoret (Statens vegkontor i Sogn og Fjordane med sete på Leikanger), og i etterkant hadde det vorte ordna med at ei vegline var stukken og kostnadsrekna.

Tre vegline-alternativ hadde vore drøfta; frå Frækaland, frå Eggja, og frå Skahaug. Det siste var å føretrekkja. Det var alt under byggjing og bortimot ferdig ein gardsveg opp til Skahaug, og ny veg vidare frå Skahaug ville vera det beste alternativet; lengd 1660 meter, i trasè med to slynger, stigning 1:10, kostnadsrekna til 140 000 kroner.

Allmannamøtet slutta seg til, og det vart nedsett to nemnder, den eine til å ordna spørsmålet om grunn, den andre til å arbeida med finansiering. På eit nytt allmannamøte, 6. september, vart det skipa partslag, PL Kleppavegen, som no skulle stå føre det vidare arbeidet. Partslaget stod som «jurdisk person» for den påtenkte vegen pg byggjeprosjektet. Til styre vart valde: Gunnar Olafson (formann), Oddvar Rosenlund (nestformann) og Egil Abrahamsen (styremedlem), vidare, som varamenn: Einar Hauge og Arne Ekeberg, og revisorar: Torstein Holen og Sigurd P. Henjum.

Finansiering

Hausten og vinteren 1962/1963 arbeidde partslaget for fullt med å finansiera vegprosjektet. Oppgåva vart monaleg lettare då det etter ei tid synte seg at kostnaden kunne nedjusterast frå 140.000 kroner til under 100 000 kroner. Våren 1963 var finansieringa så og seia i orden; gjennom tre kjelder; pårekna statleg tilskot til veg som jordbruksveg, pårekna tilskot frå Vestlandske Kraftsamband i høve bygging av ny stamline, og sal av partsbrev a 100 kroner. I tillegg var det ordna med fri grunn på visse vilkår, og pårekna noko dugnadsarbeid.

Alt tyder på at det var brei oppslutning i bygda om ny veg til Kleppa. Folk kunne kjøpa partsbrev hjå Leikanger Sparebank, «Røysums sportsforretning» og «J. Svedal sportsforretning.» Fleire lag støtta og opp ved å kjøpa partsbrev, t.d. Leikanger lottelag og Leikanger husmorlag. Som kuriositet kan nemnast at det 2. påskedag vart halde dans i ungdomshuset Leikvang til inntekt for prosjektet. Ungdomshuset tok ikkje leige og spelemennene avstod frå honorar. Resultatet vart 450 kroner til Kleppavegen.

«Fullt arbeid på Kleppavegen …»

Fredag 5. juli melde Sogningen/Sogns Avis at arbeidet på Kleppavegen skulle ta til for fullt «førstkomande måndag». Heilt frå starten skulle arbeidet «vera mest mogeleg mekanisert for å vera ferdig med vegen på kortast mogleg tid». Målet var å ha ferdig veg «i løpet av sommaren eller tidleg på hausten.» Avisa hadde vegsjef Egil Abrahamsen som kjelde.

Det gjekk som vegsjefen sa. Fire veker seinare hadde avisa Sogn og Fjordane stort oppslag under overskrifta "Arbeidet på Kleppavegen går strykande». Det hadde vore fullt ut maskinell drift heile tida, med to kompressorar og fire boremaskinar til sprengingsarbeidet, og bulldosar og «traxcavator» til utgravings- og planeringsarbeidet. Vegen var no ferdig grovplanert heilt opp til «haldeplass» med plass for kring 100 bilar. Grusing var påbyrja. Det som stod att var noko finplanering, arbeid med «grøfter, stikkrenner og oppussing» Vegsjefen var godt nøgd. – Og nest siste helga i august 1963 køyrde mange privatbilar til Kleppa. Det vart ikkje halde nokon slags høgtideleg vegopning.

«gjekk fort» og «vart billeg»

Partslaget Kleppavegen heldt årsmøte 12. februar 1964. Heile styret vart attvald. I avisreferat går det fram at rekneskapet balanserte med 73.000 kroner, som vil seia at vegen Skahaug-Kleppa hadde kosta berre halvparten av det første kostnadsoverslaget. Dessutan viste rekneskapet gjeldfri veg og vel 2000 kroner i kassa. Kostnaden var dekka inn med tilskot frå Landbruksdepartementet (24.000), Vestlandske Kraftsamband (30,000), partsbrev (12.000) og resten gratisarbeid, o.a. På «inntektsida» kan det også i årsmelding eller rekneskap ha kome til uttrykk to litt spesielle postar; innsats frå Heimevernet og den militære skogrekruttskulen, som sommaren 1963 var stasjonert i Leikanger. Begge er nemnde eit par stader i avisene som moglege deltakarar i vegarbeidet. Heimevernet med sprengingsarbeid som øvingsaktivitet, og skogrekruttskulen med noko innsats med grunngjeving at vegen ville koma skogbruket til nytte.

Avisa Sogn og Fjordane avslutta oppslaget om årsmøtet med fylgjande sluttord: «Arbeidet med å byggja Kleppavegen gjekk fort og vart billeg noko ein kan takka flinke arbeidsfolk for og mykje maskinell drift» skreiv avisa Sogn og Fjordane. Som kommentar 2020 kan det trygt leggjast til at det ikkje minst var takka vere eit ressurssterkt styre at det kom ny veg frå Skahaug til Kleppa sommaren 1963.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fleire nummer av avisene:
- Sogn og Fjordane
- Sogningen/Sogns Avis

PERMANENT IDENTIFIKATOR