Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 01. desember 2019

Sist oppdatert 02. desember 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gamlevegen på utsida av Tusvik-tunellen



«Det styggaste stykket på gamlevegen var gjennom Tusvikberget. Der vart vegen sprengd og mura opp, med rekkverk av jern. Vegen vart nytta heilt fram til ny veg vart bygd mellom Kvamsøy og Kongsnes 1961-67. (…) Framleis ligg vegstykket der og minner om at gode vegar ikkje alltid har vore sjølvsagde for folk.» (Ese, Kristin: På god veg. Veghistorie i Sogn og Fjordane. 2007.)

Gamlevegen i Tusvikberget, 2019: utsprengd i berget, stabbesteinar, jernrekkverk, telefonstolpar, og velgjorde murar, dessutan interessant planteliv med fleire slags vokstrar.

Gamlevegen i Tusvikberget, 2019: utsprengd i berget, stabbesteinar, jernrekkverk, telefonstolpar, og velgjorde murar, dessutan interessant planteliv med fleire slags vokstrar.

Datering: 2016

Fotograf: Hermund Kleppa

«Gamlevegen» i Tusvikberget - 2019

Ein rusletur på gamlevegen på utsida av den 520 meter lange Tusvik-tunellen har mykje å by på, - utsyn over fjorden, planteliv og landskap, men framfor alt veghistorie. Den vel to meter breie vegen fylgjer det stadvis hengjebratte berget, utsprengd og fint oppmura. Fleire stader syner spor etter mineboren. Stabbesteinar, jernrekkverk og nettverksgjerde syner sikringstiltak i tidlegare tider. Og fleire stolpar langs vegen «minner om» telefonlina som gjekk her. Dessutan er det heile vegen mange planteslag å leggja merke til. Gamlevegen i Tusvikberget var i bruk til det kom tunell i 1966.

«Det hadde teke 30 år»

Kvamsøy sokn høyrde til Vik kommune til 1964, og i bygdebok for Vik, bind 2, 1967, står det noko om vegen frå Balestrand til Lånefjorden. Folket på  «nordsida» fekk gjennomgåande veg år 1889. Det hadde då teke 30 år frå nokre bønder i Kvamsøy sende skriv til amtet om å få opparbeidd «en 2 a 3 Alens Ridevei» frå Flesje til Lånefjorden. Det kan sjå ut som vegarbeid stykkevis etter kvart kom i gang for alvor frå 1867. Det siste stykket, mellom «Engum og Målsnes», var ferdig i år 1889.  Me kjenner ikkje til når arbeidet i Tusvikberget var ferdig. Vegbyggjarane ser ikkje ut til å ha signert arbeide sitt med innhogge årstal, men truleg var vegen ferdig til bruk i 1880-åra. Elles står fylgjende om vegen i Tusvikberget:

«Styggaste stykket [på vegen Balestrand – Lånefjorden] var gjennom Tusvik-berget, der vart det gjort godt arbeid [på andre stykke var det så som så], der er vegen minert ut og det er rekkverk (handred) av jarn og vel forseg-gjorde vegmurar millom stygge bergufser. Vegen er i bruk den dag i dag [1956] for skuleborn og andre.»

Veg før og no

Få stader i Sogn og Fjordane finn ein gamal og ny veg side om side som i Tusvikberget. Det er berre å ta turen, parkera ved den austre tunellopninga og rusla gamlevegen på utsida tilendes og tilbake. Gje seg god tid, sjå og ta med seg, og så setja seg i bilen og takka for turen.

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ese, Kristin: På god veg. Veghistorie i Sogn og Fjordane. Selja Forlag 2007.


Hoprekstad, Olav: Bygdabok for Vik i Sogn, bind II, 1956

PERMANENT IDENTIFIKATOR