Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 14. februar 2021

Sist oppdatert 16. februar 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Jens Andreas Friis – «opptegnelser» i dagbok 1841



På kyrkjegarden ved Førde kyrkje i Sunnfjord kan kyrkjegardsvandrarar sjå eit gravminne over sokneprest Søren Hjelm Friis og «hustru» Charlotte Lovise Cammermeyer. «I deres ægteskab skjænkede Gud dem 11 børn, 5 sønner og 6 døttre.» Ein av sønene var Jens Andreas Friis; professor i samisk og kvensk, vitskapsmann og forfattar, friluftsmann, jeger og fiskar.

Sokneprest Søren Hjelm Friis og Sofie Lovise Cammermeyer. Gravminne på kyrkjegarden ved Førde kyrkje. Det står: 
HER HVILER STØVET AF (-) SØREN HJELM FRIIS (-) FØD PAA NÆRSTRANDS PRÆSTEGAARD (-) D: 21. AUG. 1781, (-) DØD SOM SOGNEPRÆST (-) D: 26. 1856. (-) 

HAN BLEV UDNÆVNT TIL PRÆST (-) D: 29. AUG. 1806 (-) OG VIRKEDE SOM SAADAN (-) 7 AAR  SOM PERS: CAPEL: TIL HAFSLO (-) 5 AAR SOM RESID: CAPEL: TIL HOUGS. (-) 5 AAR SOM SOGNEPRÆST TIL SOGNDAL OG (-) 32 AAR SOM SOGNEPRÆST TIL FØRDE (-) 
D: 19. AUG. 1810. (-) INDTRAADTE HAN I ÆGTESKAB MED (-) CHARLOTTE LOVISE (-) CAMMERMEYER. (-) I DERES ÆGTESKAB SKJÆNKEDE GUD DEM (-) 11 BØRN, 5 SØNNER OG 6 DØTTRE. (-) HUSTRU OG 9 BØRN OVERLEVEDE HAM. (-) 

SALIGE ERE DE DØDE SOM DØ I HERREN. (-) AABENB. 14.13.

Sokneprest Søren Hjelm Friis og Sofie Lovise Cammermeyer. Gravminne på kyrkjegarden ved Førde kyrkje. Det står: HER HVILER STØVET AF (-) SØREN HJELM FRIIS (-) FØD PAA NÆRSTRANDS PRÆSTEGAARD (-) D: 21. AUG. 1781, (-) DØD SOM SOGNEPRÆST (-) D: 26. 1856. (-) HAN BLEV UDNÆVNT TIL PRÆST (-) D: 29. AUG. 1806 (-) OG VIRKEDE SOM SAADAN (-) 7 AAR SOM PERS: CAPEL: TIL HAFSLO (-) 5 AAR SOM RESID: CAPEL: TIL HOUGS. (-) 5 AAR SOM SOGNEPRÆST TIL SOGNDAL OG (-) 32 AAR SOM SOGNEPRÆST TIL FØRDE (-) D: 19. AUG. 1810. (-) INDTRAADTE HAN I ÆGTESKAB MED (-) CHARLOTTE LOVISE (-) CAMMERMEYER. (-) I DERES ÆGTESKAB SKJÆNKEDE GUD DEM (-) 11 BØRN, 5 SØNNER OG 6 DØTTRE. (-) HUSTRU OG 9 BØRN OVERLEVEDE HAM. (-) SALIGE ERE DE DØDE SOM DØ I HERREN. (-) AABENB. 14.13.

Eigar: Hermund Kleppa

Datering: 2020

Jens Andreas Friis var fødd 1821 i Sogndal og voks opp i Førde. Ei dagbok frå ungdomsåra 1840-1843 fortel om studieår i Kristiania og tilhøve heime i Førde, mellom anna om ei byferd til Bergen, om friluftsliv, jakt og fiske, og om utstopping av fuglar.

1841 - 1843

Dagboka er lett tilgjengeleg, i Nasjonalbiblioteket sitt Nettbibliotek. Ho kom i trykt versjon i 1943, saman med brev o.a. som høyrde til faren, Søren Hjelm Friis. Boka er tilrettelagd av statsarkivar Jakob Friis, og har tittelen Sokneprest S.H. Friis’ opptegnelser og brev [-] og Professor J.A. Friis’ dagbok. Dagboka er ikkje gjennomgåande førd dag for deg, men meir periodevis og oppsamlande. Hendingar er fleire gonger tidfesta i romslege vendingar som t.d. «over en maaned hjemme», «sidste gang jeg var der», «nogle dage senere» og «nogen tid efter» Det er difor uråd å datofesta mange hendingar.

«Schreuder» - student på same tid

Friis fortel om fleire medstudentar. Ein av dei er «Schreuder». Dei to kjende kvarandre godt. Våren 1841 gjekk Friis og Schreuder opp til kvar sin eksamen, Friis til andre studenteksamen, Schreuder til teologisk embetseksamen. Eksamensresultata går fram av notis i Den Norske Rigstidende, 18. juni. Begge fekk godt resultat. J.A. Friis: Laudabilis. Schreuder eit hakk betre: Laudabilis, med følgjande tillegg: «Af de, der have erholdt Laudabilis, har H.P.S. Schreuder lagt saadanne Kundskaber og Talenter for Dagen, at han vil blive Gjenstand for Indstilling til Regjeringen.» Schreuder var såleis ingen kven-som-helst. Hans Paludan Schmith Schreuder var mannen som to år seinare, sommaren 1843, reiste tll Afrika som Norges første misjonær frå Det Norske Misjonsselskap, skipa 1842.

Jens Andreas Friis og Hans Paludan Schmith Schreuder var om lag jamgamle (Schreuder tre år eldre), begge var fødde i Sogndal i Sogn, begge voks opp i Sogn og Fjordane, begge studerte teologi i Christiania, begge gjorde banebrytane språkarbeid på kvar sitt område i verda; Friis på Nordkalotten, Schreuder i Zantalistan i Sør-Afrika.

Juni – september 1841

I tida juni – september 1841 fortel dagboka om to, for si tid, lange reiser. Den eine var heimreisa til Førde: Christiania – Lærdal – Vadheim – Førde (9. juni – 21. juni); den andre, byreisa Førde – Bergen – Førde (byrjinga av august – midten av september).

Lærdalsøyri – «tvertimod hvad jeg havde forestillet mig»

Friis reiste Christiania – Lærdal med det offentleg ordna skysstellet, frå skysskifte til skysskifte, nord gjennom Valdres og vidare over Filefjell og ned Lærdalsdalen. Sidan han ikkje hadde tinga skyss på førehand og han somme stader vitja slektningar, blei reisetida noko lenger enn han nok hadde tenkt seg.

Friis reiste frå Kristiania 9. juni og kom til Lærdalsøyri om kvelden 20. juni. Han hadde då lag med to kjenningar. Dei tok inn hjå gjestgjevar Høier. Etter kveldsmaten tok Friis seg ein tur på strandstaden. Inntrykket var langt frå det han hadde venta seg. (Det kan sjå som det var første gong han var på Lærdalsøyri, som i så fall vil seia at han reiste ein annan veg frå Førde til Christiania fem år før.)

«Vi toge ind hos gjestgiver Høier» (…) Da vi saaledes havde sørget tilbørlig for vore mager, gik vi ud for at bese os. Jeg fandt Leirdalsøren langt fra saaledes som jeg havde forstillet mig den. I stedet for smaa nette hvidmalede huuse og for en deel anlagte gader, det er jo nu en kjøbstad [Lærdalsøyri vart aldri kjøpstad; det kom aldri lenger enn til planar], som jeg her ventede at finde, fandt jeg kun en hoben afskyelige smaa sammenstuvede rottehuller, svinehuse, hestestalde, sildehytter og kun to elendige høkkerboder. Alt tvertimod hvad jeg havde forestillet mig. Skid og lort og sildestank mødte jeg overalt hvor jeg gik, og desforuden en hel deel fulde bønder, der var nemlig den tid hestemarked.»

Heim til Førde prestegard 

Neste morgon, kl. 6, laurdag 21. juni, tok Friis fatt på reisa ut Sognefjorden mot Vadheim.

«I begyndelsen havde vi deiligt stille veir, men snart begyndte det at blæse op en god bør, og vi forsømte ikke leiligheten, men heisede seil og foer raskt av sted. Men denne gode bør blev til slutning alt for god med os; thi den blæste op til storm. Og enden blev at trøstede os for at seile den, men maatte efter den dag at have reist 7 mil lægge i land paa en gaard paa den søndre side af fjorden.»

Neste dag gjekk turen så vidare til Vadheim, og derifrå med skysstellet heim til Førde. Etter fem år borte, kom sonen Jens Andreas «uforvarende ind gjennom kjøkkendøren» til prestegarden og barndomsheimen, om ettermiddagen, søndag, 22. juni 1841. Mora kjende han ikkje att med det same.

Over ein månad heime – skaut ein lom

Dagboka fortel om folk på reise til og frå på prestegarden, sommaren 1841, - om utflukter i lag med andre og om turar på eiga hand, på fiske og jakt.

«Sidste gang (…) skjød jeg en lom i flugten som veiede 12 m[erker] [ca 3 kg] og af hvis skind jeg tænke at faae mig en skjøn jagttaske. Den var frygtelig seiglivet, og tror aldri meer jeg vil skyde nogen lom. For ikke at see hvordan den pines. Skjøndt den ved første skud laa aldeles qvar og ikke kunde røre sig, kunde jeg dog paa ingen maade faae ganske livet af ham. Endelig fandt jeg paa at qværke den ved at knytte en snor om halsen og lykkedes derved endelig at faa livet af den. Vi prøvde at spise dens kjød, og fandt det bedre end vi havde ventet.»

Til Bergen med «smørbaaden» - ca 6 døgn

Alt før reisa heim frå Christiania hadde Friis tenkt å gjera ei reise frå Førde til Bergen for å vitja ei syster der og mannen hennar. Planen var å vera med den årlege bergensturen med prestegarden sin «smørbaad». (Merknad: Noko av sokneprestembetet sine inntekter kom frå bøndene i form av smør. Smøret vart samla opp, frakta til Bergen og omgjort i pengar ved sal.)

Ein dag i byrjinga av august 1841, tidleg om morgonen, kasta «smørbaaden» loss ved prestegarden og navigerte ned elva Jølstra til fjorden. Dei var fire rorskarar om bord. Klokka 8 var dei framme i Naustdal der dei tok om bord meir smør, sameleis i Vevring, litt lenger ute i fjorden. Dei hadde no 50 våger smør, som vil seia ca 720 kg. Det betyr at båten var bra lasta. Eit stykke utom Vevring fekk dei motbør og måtte leggja til lands, men takka vere assistanse av ein annan båt, kom dei seg over Stavfjorden til Stavenes. Ferda vidare gjekk greitt, og dei kom fram til sjøskyss-stasjonen Sauesund, i nærleiken av Askvoll, om kvelden, der dei overnatta.

Dagen etter blæs det såpass friskt at dei venta med å leggja ut på «Einarsfjorden», sjøstykket som pr. 2020 er kjent som Vilnesfjorden. I eitt-tida opplevde dei noko interessant, då «kom dampbaaden fra Bergen, lagde bi her for at afgive og modtage passagere, og reiste videre til Trondhjem.» (Meir om dampbåten lenger nede). Ut på ettermiddagen spakna vinden slik at dei tok ut og kom fram til neste stoppestad, Skjerjehamn. Herifrå og til Bergen blei det mykje roing. Dei nådde Bergen og Sandviken etter 6 døgn, som vil seia, rundt 15. – 20. august.

Etter fem veker i Bergen tok dei fatt på heimturen. Med god bør tok det no berre eitt døgn til Skjerjehamn, og dei var heime i Førde etter vel fire døgn.

Møtte hjuldampskipet «Nordcap» tre gonger

Våren 1841, laurdag 3. april, byrja staten og postverket regelmessig skipsrute Kristiansand – Bergen – Trondheim med avgang frå Kristiansand tredje kvar laurdag. På denne måten hadde dåverande Nordre Bergenhus Amt (Sogn og Fjordane) anløp av hjuldampskipet «Nordcap» to gonger i kvar trevekers-periode, på nord og på sør. Friis nemner tre møte med «Nordcap», i Sauesund då dei var på veg til Bergen, medan dei var i Bergen, og ved Skjerjehamn då dei var på veg heimatt frå Bergen.

(Sauesund): «Da klokken var 1, kom dampbaaden fra Bergen, lagde bi her for at afgive og modtage passagere, og reiste videre til Trondhjem.»

Bergen): «Nogle dage efterat vi var ankomne til Sandvigen kom dampbaaden Nordcap tilbage nordenfra.»

(Skjerjehamn): «Næste eftermiddag saae vi dampbaaden komme nordenfra, og det var rikgtig et stolt syn at see hvordan denne gik uhindret frem mod den rasende søndenvind.»

Taksidermist – hausten 1842

Dagboka vitnar om ein ivrig sportsfiskar og jeger, men ikkje berre det, unge Jens Andreas Friis prøvde seg også på utstopping. Han blei taksidermist. «I forgaars skjød jeg en fugl som jeg ikke før har seet, jeg veed [ikke] enten det er en dumpap eller en sidensvantz, kanske ingen af delene, imidlertid har jeg stoppet den ud og saaledes opbevaret denne sjeldenhed for efterverdenen.» Kan henda var dette første utstoppingsarbeidet hans. Og han var motivert for meir, han ville «forsøge med flere og saaledes med tiden at faae et helt fugle-regimente på mit værelse.» Utover hausten handlar dagboka meir om jakt og fangst enn om heimestudier i hebraisk. Ved årsskiftet oppsummerer han med 16 «komplett utstoppede fugle», utan opplisting. I dagboka siste halvår 1841 førekjem minst følgjande fuglar: bekkasin, kråke, kjøtmeis, sidensvans, dompap, lom, teist, alke, alkekonge, stokkand, rype, breidnebba and, stare, lom med sjeldne streker på fjørene, borkand, skarv og ærfugl.

Om dagboka

Jens Andreas Friis heldt seg heime i Førde frå sommaren 1841 til hausten 1842, då han reiste tilbake til Kristiania og heldt fram med teologi-studiet ved universitetet. Siste innførsla er datert 15. april 1843. Dagboka vart seinare ei kjelde til soga til/om Jens Andreas Friis og livsverket hans. Hans Lindkjølen nemner dagboka i boka J.A. Friis og samene (1982).

«[I dagboka] gir Friis et bilde av seg selv. Vi møter der en ung mann med sans for humor og med sterk tilknytning til naturen, der jakt- og fisketurer ofte blir en viktig del av livet. Men vi møter også en ung mann med sterke lengsler og følelser (..) et menneske som lar seg rive med så vel i begeistring som i sorg.»

«Et hundreaarsminde.» - 1921

Jens Andreas Friis døydde 16. februar 1896, nær 75 år gamal. Nekrologar stod å lesa i aviser og tidsskrift. Sameleis hadde aviser i heile landet omtale ved hundreårsjubileet 2. mai 1921. Gyldendal forlag hadde jubileumsutgåve, femte utgåve, av den mest kjende boka hans, Lajla (Fra Finmarken. Fortællinger. 1881).

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sokneprest S. H. Friis' erindringer, Cammermeyer forlag, Oslo (1943)


Norsk Jæger- og fiskeforenings tidsskrift 1896


Nordlandsposten 10.03.1934


Jol i Sunnfjord, 1937


Forfattarar i Sogn og Fjordane


Hans Lindkjølen: Jens A Friis og samene


Informasjon frå: Lars Olav Rylandsholm, Bremanger

PERMANENT IDENTIFIKATOR