Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Handelsstaden Husøy



Husøy er ei av øyane som ligg lengst vest i Ytre Sogn. Landskapet her er skjær, holmar og øyar. Blått hav og grått berg. Tre finst det lite av, men område med grønt gras fortel at det har vore drive husdyrhald her. Handelsstaden ligg på sørvestsida av øya, i sundet mellom Husøy og Kirkøy. På Kirkøy stod Husøy kapell frå 1717 til 1900.

Borgarhuset som vart rive i 1975.

Borgarhuset som vart rive i 1975.

Eigar: Solund Sogenemnd

Datering: byrjinga av 1900-talet

Fotograf: Ukjend.

Handel på 1600-talet

Husøy har frå gamalt av vore ein stad der fiskarane samla seg til vårsildfisket. Alt på 1600-talet vart det drive handel her. Frå ei klagesak på skattetinget i 1686 går det fram at det var heile seks borgarar som dreiv handel på staden. Nokre av desse hadde starta med handel på Husøy alt før 1650. I 1742 var det Christen Møller som budde på Husøy og dreiv garden. Futen i Sogn skreiv i ei melding frå same året om Husøy, at staden var naudsynt for folk som reiste på fiske nokre veker om våren, og som trengde litt øl og brennevin til å leske seg på. - Møller vart seinare frådømd borgarrettane sine.

Vekst

Kring midten av 1700-talet ser det ut for at det korkje vart drive handel eller gjestgjevarstad på Husøy. Vilhelm Lexau kjøpte handelsstaden på slutten av 1760-talet og byrja med kremmarhandel. I ein periode selde den rike kjøpmannen frå Bergen fisk til utlandet for om lag 10 000 riksdalar i året. Noko av denne fisken kom frå dei to kremmarleiene hans i dette distriktet, Husøy og Gåsvær. På desse stadene leverte fiskarane fangsten sin. Fangsten vart sendt vidare av handelsbetjenten med jekter til Bergen.

Fransk herjing

Ved årsskiftet 1781-82 kom det eit fransk krigsskip, som hadde vorte jaga frå Bergen, til Husøy. Mannskapet skulle etter kvart oppføra seg som reine sjørøvarar. Dei herja i land både dag og natt. Gesellen, Frants Tønsberg, måtte nesten bøta med livet, men fekk redda seg og sine ved å røma til Straumen. Det franske mannskapet slakta to kyr, ein gris, fire engelske og ein norsk sau. Dei drakk opp mengder med øl og brennevin, og stal mykje innbu og klede. Hus vart øydelagde då dei braut seg inn hjå folk. Noko av det same skulle ha skjedd på Bulandet.

1800-talet

I 1801 var det Carl Frid. Lindseth som var handelsbetjent og gjestgjevar på Husøy. Han budde her saman med kona, tre born og fire tenestefolk. På 1780-talet vart handelsstaden kjøpt av firmaet 'Lyder Wentzel og Sønn', eigd av Lyder W. Nicolaysen. Desse eigde og dreiv Husøy fram til midten av 1800-talet. Då var det ein ny Lexau som kjøpte handelsstaden Husøy, Hans Andreas Lexau frå Bremanger. Dette var i høgste sildeperioden og Lexau kjøpte og salta sild. Han dreiv handel med fleire typar varer, både fisk og krambuvarer. Lexau bryggja øl og selde ut i pottevis. Han vart ein rik mann etter si tid. Det ser ut som han tok vare på og fekk noko ut av alt. Då han døydde i 1884 leigde enkja ut landhandelen til Karl Hauge.

1900-talet

Ivar Henriksen tok over handelen i 1899 og fekk etter kvart kjøpt handelsstaden. Fylkesbaatane avslo søknaden til Husøy om å bli stoppestad både i 1903 og 1906. I 1910 fekk Husøy postkontor, og året etter sette Ivar Henriksen fram krav om at staden måtte få like mange stopp som Rognsvåg på Fedje. I 1912 hadde begge desse stoppestadene tre stopp i veka.
Betongkaia i Husøy vart bygd i 1951, og staden var med i lokalrutene mellom Bergen, Solund og Gulafjordane. Oppfor kaia bygde Harald Henriksen huset sitt i 1954 med butikk i kjellarhøgda. Harald tok over handelen og halve gardsbruket i 1949. Peter Henriksen tok over fiskemottaket og dreiv dette fram til 1959. Landhandelen vart lagt ned i 1977.

Bygningane

Hovudbygningen, borgarhuset, som Lyder W. Nicolaysen bygde om lag 1787, vart rive i 1975. Etter tradisjonen skal det gamle borgarhuset ha kome frå Kinn, og der ha vore prestegard. Av dei gamle bygningane er det berre eit sjøhus og ei sjøbu med krambu som står att. Eit nytt våningshus vart bygd i 1954. Handelen vart då overført frå krambua til kjellarhøgda i det nye huset. Det finst restar etter grunnmurane til det gamle våningshuset, eit par naust, ei skjenkestove, eit eldhus og lita stove.

Borgarhuset vart rive

På Ivar Henriksen si tid stod det gamle borgarhuset. Det stod midt framme ved vågen. Det var ein 21 meter lang tømmerbygning. På oppsida gjekk ein svalgang langs heile huset, på denne sida var det torvtak til etter 1900. Der var tre stover i huset og to kammers i nordre enden. Kjøkenet låg på baksida og det var ein gang på framsida. Framfor sørenden stod skjenkestova, som var krambu i gamle dagar, og gamlenaustet. Nyebua som vart sett opp i 1910 og innreidd til krambu, står tvers på gamlenaustet. Vidare framme ved vågen stod saltbua, godsbua og notbua, og fremst stod storenaustet. Ytst i vågen står storebua. Ho er tømra og oppsett av Nicolaysen på slutten av 1700-talet.

Husøy i dag

I dag i år 2001, bur det ingen fastbuande på Husøy. Staden er framleis eigd av familien Henriksen, men dei nyttar han berre til fritidsbustad.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munksgaard, Jan Henrik:Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet, Del 3. Sogn og Fjordane. Utgjeve av Kystmuseet i Sogn og Fjordane - Historisk Museum. Bergen 1980.
Steinsøy, Alf:Solund, Gards- og ættesoge til 1980, Band 1. Bergen 1982.
Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaia, Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998, Selja Forlag. Førde 1998.
Kultur- og næringskontoret i Solund:
Informasjon om Husøy i dag.
http://museet.posten.no/
Poststeder en historisk oversikt: Husøen i Sogn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR