Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 18. november 2019

Sist oppdatert 18. november 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fyrlykta på Nokkaneset



«To ganger i året kom fyrbåten med tønner med fyrolje. Desse blei oppbevarte nede i 1. etasje. Ca kvar 14 dag var vi nede. Tappa olje over på ei stålkanne og klatra opp på toppen. Fylte på fatet oppe som var ganske tungt.» Det er Magnar Stadheim som fortel dette. Han var ikkje gamle karen då han kunne gjera jobben for far sin, Bjarne Stadheim, som i mange år var tilsynsmann for fyrlykta på Nokkaneset.

Fyrlykta på Nokkaneset mai 2006. Kystverket på rutinemessig kontroll og vedlikehald med fartøyet «Oljevern 01».

Fyrlykta på Nokkaneset mai 2006. Kystverket på rutinemessig kontroll og vedlikehald med fartøyet «Oljevern 01».

Datering: 2006

Fotograf: Hermund Kleppa

Først oljefat så solcellepanel

Tysdag 30. mai 2006 styrde Kystverket sitt spesialskip «Oljevern 01» inn til på Nokkaneset. Fartøyet la seg til med baugen mot ein pynt som stikk litt ut i sjøen. Frå nedfelt landgang gjekk fyrfolk i land og opp til fyrlykta, låste seg inn i underbygningen (rommet under sjølve lykta) og gjekk i gang med rutinemessig kontroll og vedlikehald av heile anlegget. Pr. 2006 var Nokkanes fyrlykt sjølvgåande kan ein seia, automatisert.

Slik var det ikkje i starten, frå hausten 1938, då det fyrste gongen lyste raudt og grønt og kvitt frå den nye fyrlykta på Nokkaneset. Arne Stadheim (1874-1953) som budde like, var den fyrste fyrvaktaren. Han fekk klårt definerte oppgåver, m.a. å føra på liste når det blei fylt på olje, pussa glas, m.m. Etter Arne Stadheim tok sonen Bjarne over (1924-2003). Han var ansvarleg fyrvaktar i mange år, men sonen Magnar lærde seg snøgt kva ein fyrvaktar hadde å passa på. Det vart slutt med lokal tilsynsmann i 1994 då fyrlykta blei automatisert.

Faste gjeremål til faste tider

Magnar Stadheim, fortel:

«Ja, bestefar Arne som døde i 1953 var fyrvaktar. Far min tok over etter han. Då eg blei vaksen nok (var nok ikkje gamle karen) gjorde eg jobben for far min. Var stas å få nokre kroner. To ganger i året fekk eg lønn. Kjell [bror] og mor mi [Hallfrid] hadde nokre turar inn i mellom og. Far min stod som fyrvaktar heilt til det blei installert solpanel [1994].

To gonger i året kom fyrbåten med tønner med fyrolje. Desse blei oppbevarte nede i 1. etasje. Ca kva 14 dag var vi nede. Tappa olje over på ei stålkanne og klatra opp på toppen. Fylte på fatet oppe som var ganske tungt. Det måtte løftast av festet og ned på golvet. Fylte olje til den tanken var full og same vegen opp att i festet. Frå den tanken gjekk eit røyr til veken som ga lys i fyret. Vi måtte sjå ned kvar dag å passa på at det ikkje slokna. Hugsar det skjedde eit par gonger.

Vidare var jobben å halde fyret reint. Eg slurva no litt med da, men vindauga måtte pussast, med fyrsprit som dei kalla det. Det var stas på mange måtar. Om sommaren var eg ute på altan og såg utover vakre Sognefjorden. Når eg skriv dette føler eg på lukta av fyrolje som eg minnes sat lenge i nasa og lukta sette seg i klærne. Tykte det lukta godt eg. Ja, det var litt historie. Det var vel ikkje so mykje jobb, men utruleg viktig for skipsfarten.»

Ombygging til solcelledrift 1994

Våren 1994 var to spesialskip frå Kystverket i fart på fjorden, «Oljevern 01» og «Bjørnøy». Nitten fyrlykter skulle få ny energiforsyning; solenergi i staden for olje. Arbeidet skulle vera ferdig midtsommars. Kaptein Sven Velsvik skreiv arbeidsrapport om montering av solpanelet, datert «Oljevern 01», 15. april 1994:

«NOKKANES (…) Bygget om lykta til solcelledrift. 4 stk. MSX 60 er montert på to søylerør som er stativ i underbygningen. 2 stk PSV 12/10, samt blåboks og batterisikring er plassert på ei plate under linsebordet.»

Sogn Avis hadde fleire oppslag om omleggingsarbeidet. I heilsidesoppslag laurdag 25. juni var overskrifta «Solcellene har teke over.» Dagen før hadde lampen i fyrlykta på Nokkaneset blitt kopla til batteri med straum frå solcellepanelet festa i berget like ved. Bjarne Stadheim, fyrvaktar i over førti år, var ein tur nedom; eit møte mellom gamal og ny tid, på ein måte.

Fyrlykter i over hundre år

Fyrlykter vil seia fyrlamper utan kontinuerleg vakthald, imotsetning til fyr/fyrstasjonar. «De fleste som har reist langs kysten har nok set disse smaa hvitmalte kioskene som sitter som maaker paa nes og holmer.» Overingeniør C.F.Rode fortel om historikken i verket Norsk Sjøfartshistorie , 1926-1929. Den første fyrlykta blei sett opp i 1883 i Bergensleia (fellesnamn på sjøleiene inn til Bergen hamn). I 1884 kom det etter kvart velkjende, åttekanta fyrlykt-huset laga av jern. Kring 1920 var talet kome opp i over 1200. Dei står montert på fleire slags underlag: på ei underbygning (som på Nokkaneset), på fundament utan underbygning (som t.d. Øksneset i Bremanger), eller på stativ, på land eller i sjøen.

Omfattande utskifting pågår

År 2019 syng dei klassiske fyrlyktene på siste verset. Ved utskifting brukar Kystverket no ein annan type. Fyrmuseet i Dalsfjorden på Sunnmøre har ei utskifta fyrlykt på strandområdet sitt. I Kalvåg står det ei «til pynt» på Amtskaia, sameleis står det ei fyrlykt ved rutebåt-terminalen i Måløy. Kystverket held på med omfattande omlegging av fyrlyktsystemet frå ein særnorsk standard til den internasjonale IALA-standarden (International Association of Lighthous Authorities) Arbeidet er planlagt ferdig år 2025. Sogn og Fjordane står for tur frå 2020, men det betyr ikkje at dei tradisjonelle fyrlyktene vil forsvinna. Kystverket opplyste i epost, 05.09.2019:

Omleggingen av fyrlykter til ny standard har planlagt utførelse neste år i Sognefjorden [2020]. Det er ikke sånn at alle fyrlyktene blir fornyet/byttet ut, men de mest vedlikeholdskrevende og da også gjerne værutsatte.

Nokkaneset fyrlykt er vurdert til å være i relativ god stand og ligger skjermet og fint til inne i Sognefjorden, planene for denne er å fornye lyskilde (LED) også en mindre justering av lyssektorene (farger og grenser) for å etterkomme ny standard på fyrlyktene. Ellers blir den gamle lykten som før og vedlikeholdes etter planen i 2020 og deretter ca. hvert 5 år.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Rune Kristiansen i Kystverket: Opplysningar i epost 2019


Norsk sjøfartshistorie – fra de ældste tider til i dag. 1926-1929. bind 3.


Bygnes, Per : Smilden lykt


Totland, Egil: Fyrlykter rundt Kalvåg og Frøya


Kleppa, Hermund: Om Øksneset fyrlykt på Bremangerlandet

PERMANENT IDENTIFIKATOR