Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 06. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Handelsstaden Vågsberget



På sørsida av Vågsøy, ved innløpet til Vågsfjorden ligg den gamle handels- og gjestgjevarstaden Vågsberget. Handelsstaden, med gjestgiveriet, ligg vakkert til ved leia, omkransa av store planta lauvtre. Her tok bergensborgarar til med handel på 1600-talet. Vågsberget er i dag av dei mest intakte handelsstadene på Vestlandet frå 1800-talet. I 1989 vart det bestemt at den gamle handelsstaden skulle restaurerast.

Dette biletet syner omtrent det same motivet som biletet ved sida av. Det er teke kring 1980, før Kystmuseet sette i gang restaureringsarbeidet her. På denne tida var alle bygningane kvitmåla.

Dette biletet syner omtrent det same motivet som biletet ved sida av. Det er teke kring 1980, før Kystmuseet sette i gang restaureringsarbeidet her. På denne tida var alle bygningane kvitmåla.

Eigar: I Handels- og gjestgiversteder på Vestlandet.

Datering: Ca. 1980.

Fotograf: Ukjend.

Låg lagleg til for handel med fisk

Opphavleg låg Vågsberget under garden Våge, men vart på 1700-talet skilt ut som eigen matrikkelgard. Vågsberget vart kremmarleie på byrjinga av 1600-talet. Staden ligg ute ved havet og særs lagleg til for handel slik forholda var på 1700- og 1800-talet. Ikkje minst ligg staden lagleg til i høve til fiskeplassane Kvalheimsvika og Torskangerpollen. Desse var dei beste fiskeplassane for vintertorskefisket i distriktet. Nesten årleg kom torsken inn i store mengder og folk frå heile Nordfjord kom hit for å delta i fisket.

Handelsstaden voks fram

I 1636 finn me handelsborgaren Didrik Fester frå Bergen som "udliggerborger" på Berget. Men handelsstaden er truleg eldre enn dette. Det er grunn til å tru at eigaren av garden Våge dreiv handel og gjestgiveri før Fester kom hit. Korleis Fester dreiv det på Vågsberget veit me ikkje sikkert. Då han døydde i 1675 arva kona Cathrine og borna, Aleksander og Margrethe, staden som vart verdsett til 200 riksdalar. Enkja og sonen dreiv handelssstaden vidare. I 1692 fekk Aleksander D. Fester kongebrev på handel på Vågsberget. Han var i tillegg kongeleg ombodsmann for inkrevjing av "konsumptionsskatten" i Nordfjord. I tingbøkene går det fram at Fester kjøpte fugleegg, skinn, smør, talg og fiskevarer hjå bøndene. Han selde malt, tobakk, brennevin og ein del andre varer. Då Aleksander D. Fester døydde i 1695 var det enkja, Karen Jensdotter Rafn, som overtok drifta. Ho dreiv også gjestgiveriet på Måløyna. I manntalet frå 1701 finn me henne og fem søner, i tillegg hadde ho tre døtrer. Karen Rafn gifta seg opp att i 1704 med Jakob O. Lammetun.

Modesta Fester, mor og dotter

Lammetun overtok drifta av verksemdene både på Vågsberget og i Måløy. I 1735 selde han alt til Karen R. Lindgaard, brordotter til Karen Rafn. Ho hadde alt to år før fått privilegium på å driva handel og gjestgiveri. Men det var ikkje lenge Karen Lindgaard dreiv her, for i 1740 skøytte ho handelsstaden over til den yngste dottera til Aleksender Fester og Karen Rafn, Modesta. Modesta Fester overtok ikkje berre handelsstaden og privilegiet til Vågsberget, men også gjestgiveriet på Måløyna, gardane Våge, Holevik, Færestrand, Husevåg og "Gautestrand" samt partar i gardane Vetvik, Indre Grotle og Reksta. Ho vart tidleg enkja og i 1744 selde ho alt til dottera Karen Kristine. Men det vart ei av dei andre døtrene som kom til å driva vidare på Vågsberget. Ho heitte det same som mora, Modesta Fester. I 1751 gifte ho seg med Peder P. Bang.

I 1757 vart det skrive at handelsstaden Vågsberget var nødvendig for allmugen, særs om vinteren då ein stor del av folket i Nordfjord forsøkte å tena nok til å betala sine skattar og til sitt levebrød ved fisket her.

Peder P. Tonning

Kring 1770 kjøpte Peder P. Tonning (1738-1811) Vågsberget, og i 1777 fekk han handelsløyve her og i 1779 gjestgjevarløyve. Tonning var son til lensmann Peder Tonning og bror til handelsmann Ole Tonning i Stryn.

I 1801 budde det 21 personar på Vågsberget. Peder Tonning var 63 år gammal og oppattgift med enkja Anne Laurentze Nagel Leganger. I lag med dei budde tre av døtrene hennar og Hans Høegh, bror til fyrste kona til Tonning. Det var åtte tenestefolk i huslyden, tre av dei var innrullerte matrosar. Ein målarmeister og to husmannsfamilar på respektive to og tre familiemedlemer, utgjorde resten av folket på Vågsberget.

Peder Tonning skal ha rive nokre dei gamle bygningane som stod på Vågsberget og bygd nye. Hovudbygningen som i dag står på Vågsberget skal vera bygd av Tonning i 1810. Ei sjøbu, krambua, drengestova og eldhuset skal også vera bygde same året.

Peder Tonning bygsla bort fleire tufter til sjøbuer i Torskangerpollen. Desse vart kalla "havstover" og vart ein omtykt skipnad av langvegsfarande fiskarar som hadde årvisst tilhald her i fisketida. Han dreiv sjølv aktivt fiske med ei mengd større og mindre fiskebåtar, mellom anna med ei fullt utrusta bomseiljekt.

Tonning låg ofte i krangel med handelsmannen på Måløyna om eineretten på handelen kring Ulvesundet og Vågsfjorden.

Johanne Marie Ravn

Bergensaren Hans Seehus Bronchorst (1765-1824) fekk i 1812 skøyte på Vågsberget. Han var losoldermann, handelsmann på Vågsberget og styrar for hospitalgodset i Nordfjord. Bronchorst skal ha arbeidd hjå Tonning før han tok over, og han heldt fram med å bygsla bort tufter til "havstover". Då Bronchorst døydde i 1824 tok Daniel Johan Ravn over drifta. Han var fødd i 1796 på Gjerde i Eid og var gift med ei av døtrene til Bronchorst, Johanne Marie. Det var ho som måtte driva handelsstaden, for Ravn døydde i 1830, berre 34 år gammal. Fru Ravn skal ha vore ei drivande og myndig dame. Ho førte sjølv kvart år byjekta til Bergen med tørrfisk, saltfisk og andre varer, og kjøpte inn og tok heim forsyningar for det komande året til handelsstaden sin. Ho slutta med brennevinnssalet på Vågsberget, enno dette var svært lønsamt, fordi ho meinte det ikkje følgde noka velsigning med denne handelen likevel.

Mot slutten som handelsstad

Fru Ravn selde i 1836 Vågsberget til Christopher Lausen Berg d.e. (1772-1861) for 3500 riksdalar. Han tok over som handelsmann og losoldermann etter Bronchorst. Sonen, Christopher Lausen Berg d.y. (1810-1878), fekk skøyte på laust og fast i 1841 og overtok som losoldermann. Dette embetet vart lagt ned her etter at Berg døydde i 1878. Enkja heldt fram handelen og gardsdifta til 1889, då ho selde og flytte til Nordfjordeid.

No var det telegrafstyrar P. A. Strømme og lensmann Arnoldus Lem som kjøpte staden. Handelsstaden hadde ikkje lenger korkje hospitalstyrar- eller losoldermannsembete å stø seg til. Dei nye eigarane dreiv ikkje den daglege verksemda her, men pakta bort eller leigde styrar til dette. Strømsøe skøytte i 1897 sin del over til Lem.

Krambuhandelen minka truleg etter kvart og tok heilt slutt kring hundreårskiftet. Noko som kan ha gjort utslaget til nedgangen for landhandelen på Vågsberget kan vera konkurransen med den nye landhandelen i Vågsvåg. Vågsvåg låg no laglegare til som handelsstad og berre ½ km frå Vågsberget. Alt i 1869 var det starta landhandel der og i 1871 ein gjestheim. Der kom det både post, telefonstasjon og dampskipsekspedisjon.

Fiskemjølfabrikk

Einar Lem starta i 1900 ei fiskeforretning på Vågsberget og dreiv denne til 1915. Då tok bror hans, Rolf, over. Rolf Lem starta like etter eit AS i lag med to av brørne sine. Han vart sjølv disponent for denne verksemda.

Fiskeverksemda i Vågsvåg vart i 1920 kjøpt av skipsreiar Jacob Kjøde. I 1928 skipa han om verksemda til eit anlegg for fiskemjøl, revefôr, røykesild, isesild, saltsild og hermetikk med namnet AS Vaagsberg. Seinare overtok svigersonen Johan Horn som direktør. Fabrikken sysselsette på byrjinga av 1950-talet om lag 100 arbeidarar. Under sildefisket i 1952 vart det isa, salta og spesialbehandla om lag 100 000 hektoliter sild.

Bilete av fiskemjølfabrikken på Vågsberget.

Bygningane

På Vågsberget står det i dag sju bygningar. Det staselege våningshuset er ein stor bygning i halvannan etasje med spissark og symmetrisk fasade. Huset fungerte som bustadhus for eigaren fram til 1959. Framfor våningshuset står ei sjøbu, ei krambu, ei drengestove og eit eldhus. Drengestova er på to og ein halv etasje og nokre delar av bygningen skal vera frå 1772. Krambua hadde også funksjon som båthus, verkstad, lager og arrest. Ho har ei lafta ramme med svalgang på begge langsidene. Sjøbua er bygd i bindingsverk og har delar av eine veggen felles med krambua. På austre sida av våningshuset ligg ein fin rektangulær hage med steingjerde rundt, og bak huset står stabburet og løa.

Hovudbygningen er frå 1810 og syner liv- og levemåten til væreigaren og drengestova syner korleis dei reisande og tenestefolket budde. Alle bygningane er på kvart sitt vis vitnemål på arbeidet og arbeidstilhøva som var her på Vågsberget.

Vart nesten oljebase

På 1970-talet tok Vågsøy kommune over forvaltninga av Vågsberget med tanke på vern av dei gamle bygningane. I den verste oljefeberen midt på 1970-talet, då kommunane langs kysten kappast om å få oljebasar, baud Vågsøy kommune ut Vågsberget som stad for oljebase - utan å få napp.

Det kan nemnast at Vågsberget i 1987 vart nytta i innspelinga av filmen "Landstrykere", basert på ei bok av Knut Hamsun. Skodespelet "Sunnivas dagar" av Rolf Losnegård vart fyrste gong spelt i 1978. Dette skodespelet vart sommaren 2000 sett opp på Vågsberget Friluftsteater.

Kystmuseet set i gang med restaurering

I mai 1989 vart Vågsøy kommunestyre sitt vedtak om å kjøpa den gamle handelsstaden på Vågsberget godkjent av Fylkesmannen. Det vart vedteke at Kystmuseet i Sogn og Fjordane skulle overta ansvaret for drifta av eigedommen. Kystmuseet starta arbeidet med ein plan for utbetring og restaurering av staden. Museet ville skapa eit levande kultur- og museumssenter på Vågsberget.

Torsdag 21. september same året melde avisa Firdaposten at restaureringarbeidet var kome i gang. Åtte personar var då i full sving med arbeidet, under leiing av konservator Bjørn Fjellheim ved Kystmuseet. Den gamle sjøbua var den fyrste bygningen som det vart sett i gang restaureringsarbeid på. Ein vidare restaureringsplan var under utarbeiding. Vern gjennom bruk vart filosofien i planen.
Utover på 1990-talet skulle det syna seg at restaureringsarbeidet gjekk tregt, både på grunn av mangel på pengar og arbeidskraft. Prosjektet fekk pengar frå ein del ulike institusjonar og stiftingar, men det var nokre 100 000 her og nokre 100 000 der - ikkje dei heilt store løyvingane. SND-midlar og løyvingar frå det lokale næringslivet har det ikkje lukkast å få tak i. Ved utgangen av 1999 var det til då brukt 6 millioner på restaureringa, rehabilitering og modernisering av bygningane og framleis stod det att arbeid for om lag 4 millionar.

Status ved inngangen til 2002

I dag er sjøbua, krambua og stabburet ferdig restaurert. Gjestgiveri-bygningen, også kalla drengestova, skal etter planen nyttast til overnattingsstad. Denne bygningen er ferdig restaurert utvendig og har fått montert sprinkleranlegg innvendig. Ein manglar no midlar til å få installert eit moderne interiør, elektrisk anlegg og kjøkenutstyr. Eldhuset er også ferdig restaurert utvendig. I denne bygningen er det planlagt at det skal installerast eit dusj-anlegg.

Driftsbygningen er ombygd til møtelokale, galleri, kafe m.m. Det står att å installera eit moderne kjøken. Bygningen vart teken i bruk sommaren 2000. Her har det vore kunstutstillingar, bryllaup, kulturminnedagar og fleire andre aktivitetar. Frå sommaren 2000 har det også vore guida omvising på Vågsberget.

Våren 2002 er planen at ein skal ta til med restaureringa av hovudbygningen. Denne bygningen var den av dei sju bygningane på Vågsberget som var i best stand då restaureringsarbeidet tok til i 1989. No skal ein starta med å reparera taket og deretter skal ytterveggene restaurerast. Seinare vil ein gå i gang med den innvendige oppussinga av bygningen.

Bilete av interiøret i driftsbygningen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Os, Edvard: Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Oslo, 1957.
Munksgaard, Jan Henrik: Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet, Del 3. Sogn og Fjordane. Utgjeve av Kystmuseet i Sogn og Fjordane - Historisk Museum. Bergen 1980.
Vold, Svein L.: Handelsstaden på Vågsvåg - fiskeværet i Torskangerpollen. Artikkel i Jul i Nordfjord, 1973.
Avisa Firdaposten, 13.08.1988, 13.03.1989, 16.05.1989, 20.05.1989 og 21.09.1989.
Telefonsamtale med Bjørn Fjellheim, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Florø.
Kystmuseet i Sogn og Fjordane: Årsmøtereferat 1990.

PERMANENT IDENTIFIKATOR