Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 16. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Gjestgjevarstaden Sauesund



I likskap med mange andre losjistader ligg Sauesund ved eit sund. Den gamle gjestgjevarstaden ligg på Atløy, i Askvoll kommune, med utsikt over det smale Sauesundet. Kommunesenteret Askvoll, på andre sida av Granesundet, har overteke all kommunikasjon som tidlegare gjekk over Sauesund.

Gjestgiveriet i Sauesund var tidleg ein sentral stad ved skipsleia. Det var eitt av dei eldste gjestgiveria i Sunnfjord. - Til høgre ligg krambua.

Gjestgiveriet i Sauesund var tidleg ein sentral stad ved skipsleia. Det var eitt av dei eldste gjestgiveria i Sunnfjord. - Til høgre ligg krambua.

Eigar: Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

Datering: før 1980.

Fotograf: Ukjend.

Gjestgjevarrett

Sauesund var ei tid husmannsplass under garden Kumle. Staden fekk gjestgjevarrett i 1622. Den fyrste gjestgjevaren var bergensborgaren Henrich Bloch. Fyrste gongen han er nemnd på Sauesund var i 1662. Etter at han døydde i 1685 gifta enkja seg med tyskaren Herman M. Uldrich. I 1712 tok Lars Bloch over som gjestgjevar, men overlet alt i 1713 drifta til tyskaren Fredrich Zitselau. Sauesund vart i 1723 omtalt som ein gamal og nødvendig privilegert gjestgjevarstad, som gav noko dårleg innkome. Futen omtalte i 1735 staden som ei høgst nødvending hamn for dei reisande, men ville ha fjerna huset der dei serverte øl og brennevin til kyrkjefolket. Fem år seinare var det framleis liten eller ingen handel her, men gjestgiveriet var nødvendig for dei sjøfarande og tente som skysskiftestad.

1700-talet

Hans Jensen Ryland, svigersonen til Zitzelau, tok i 1737 over etter svigermora. I tillegg til husa i Sauesund, følgde det med bygningar på Bulandet og i Askvoll. Ryland pantsette både Sauesund og andre av sine eigedomar for å skaffa pengar. Han tok opp lån hjå bergensborgaren Hans Schultz, men klarte ikkje å betala attende skulda. Schultz tok difor over Sauesund og selde staden til Hans Pedersen Hansen i 1748. Claus Frantzen Wulff kjøpte Sauesund hjå Hansen i 1776. Han var borgar i Bergen sidan 1760, og i tillegg skipskaptein. I samband med ei ny privilegieordning i 1778 søkte han og fekk løyve til å selja tobakk. I 1784 selde Wulff gjestgiveriet til Nils Martinussen Bøe. Bøe fekk året etter kongeleg løyve til å driva gjestgiveriet i Sauesund og krohald på Stavenes, men kroa på Askvollsøyra vart nekta vidare drift.

Kart som syner kor Sauesund ligg.

Sorenskrivar Hans Arentz fortel i 1785 at gjestgiveriet hadde to "Øltappesteder" under seg der gjestgjevaren omsette "Kroholdsvarer". Det eine var Stavenes, og det andre var Øren ved Askvoll prestegard. Øren skulle vera til teneste for folk som skulle til kyrkjes.

1800-talet

Nils Martinussen Bøe måtte i 1792 selja eigedomane sine til Hilbrandt Harmens. Han skulda Harmens pengar og vart tvungen til å selja. Harmens selde Sauesund vidare til Elias Mathiasen Zitzelau same året for 900 riksdalar. Med i handelen følgde bygningane i Sauesund, Stavenes, Bulandet og på Ask. Zitzelau eigde og dreiv gjestgiveria på Sauesund og Stavenes til han omkom på sjøen i 1806. Enkja, Berte Susanne, dreiv vidare åleine til 1812, då gifte ho seg opp att med Ole Eliassen Kaland. Ho dreiv gjestgiveriet fram til 1839.

I 1840 selde ho staden til Wilhelm Conrad Herford. På denne tida kom det nye reglar for handelsverksemd, det vart slutt på handelsprivilegia. Anders Matland kjøpte Sauesund i 1874. Han fekk løyve til å driva landhandel. Landhandelen var i drift til slutten av 1950-talet.
I 1865 var det bergensaren Henrich Paasche som dreiv landhandelen her, medan Oscar Christian Svanøe var landhandlar og gardbrukar i Sauesund på slutten av 1800-talet.

Stoppestad for Fylkesbaatane

Då Fylkesbaatane starta rutetrafikk på Sunnfjord og Nordfjord i 1859 vart Sauesund sett på som ein sjølvsagt stoppestad. Staden hadde i over to hundre år vore skysskiftestad. Fiskarbøndene i distriktet hadde hatt plikt til å stilla opp med ein større robåt og skyssa dei reisande til neste skysskifte. Dampskipsrutene mellom Bergen og Trondheim hadde alt i 1850-åra nytta Sauesund til stoppestad. Då var det ikkje kai her, så dampskipet vart borda. Etter fire-fem år flytta Fylkesbaatane stoppestaden frå Sauesund til Prestøya. I 1899 vart det vurdert å leggja ruter til Sauesund, men Kumle vart vald i staden. Frå 1912 ser det ut til at Kumle har overteke som stoppestad, Sauesund står berre som ein parentes bak Kumle i ruteheftet. Etter andre verdskrigen var begge stadene med i Fylkesbaatane sine ruter.

I 1958 var det berre ei lasterute innom Sauesund. Det vart då nytta ein privat kai, men hausten same året vart rutebåten nekta å landa der. Fylkesbaatane øydela kaien, vart det påstått. Bryggjepengane gav ikkje nok til at dei kunne reparere kaien, ein måtte gå over til bording ute på vika.

Bilete av det gamle våningshuset med sin pultark både framme og bak.

Bygningane

I samband med at Hans Pedersen Hansen overtok Sauesund i 1748 vart det halde synfaring på staden. Husa som stod der då var ei daglegstove og ei storstove med ein jarnkakkelomn i kvar av dei, og med to kammer og to kjøken, - alt under same taket. I tillegg var der ei borgarstove med ein bakaromn, og på bryggja ei lita fiskebu med sval. Ei sjøbu, eit stavnaust, eit eldhus med tilbygg, ei gamal høyløe og fjøs under same taket og ei gamal smie. Nesten alle bygningane vart omtalte som "brøstfeldige".

I 1980 vart Sauesund omtalt slik: Fire av dei gamle bygningane frå handelsstaden står enno: våningshuset, krambua, borgstova og driftsbygningen. Bustaden vart fråflytt i 1967 og har stått tom sidan. På 1970-talet var han i dårleg stand og kunne ikkje reddast. Butikken var i bruk fram til 1955-56. Borgstova, eller annekset, er i god stand. Driftsbygningen ligg bak dei andre husa, og bak denne igjen ligg det nye våningshuset.

Bilete av det gamle våningshuset.

1900-talet

I 1899 starta Abraham Mathias Sørensen Høvik opp som landhandlar i Sauesund, A. Høvik - Ass. Landhandel. Han handla med mjøl og kolonialvarer, manufaktur og steintøy. Kol, ved, olje og salt kunne ein òg få kjøpt. Forretninga vart driven i Sauesund i 30 år, då vart han flytta til Skaret under Nedre Grov. Då Høvik døydde dreiv enkja vidare i lag med sonen Jim.

På midten av 1900-talet heldt Sætre og Sauesund AS hermetikkfabrikk til i Sauesund, dei hermetiserte krabbe.

Eit sentrum på Atløy

Sauesund har i år 2001 ei fin båthamn og liggekai for fraktebåtar. I småbåthamna kan ein tinga gjesteplassar om ein fer forbi. Det vert satsa ein del på småbåtturisme. Den gamle handels- og gjestgjevarstaden er det berre tuftene att etter. Sauesund har etter kvart vorte utvida vestover. Her ligg eit nytt bustadfelt, ein barnehage, skule, kulturhus og idrettsplass. Sauesund har mange av dei institusjonane eit sentrum i ei bygd har. Sjølv om staden ikkje lenger er eit sentrum for handel eller trafikk på sjøen ser framtida lys ut.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munksgaard, Jan Henrik: Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet, Del 3. Sogn og Fjordane. Utgjeve av Kystmuseet i Sogn og Fjordane - Historisk Museum. Bergen 1980.
Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaia, Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998, Selja Forlag. Førde 1998.
Loftheim, Abraham: Askvoll bygdebok, Folket II B, Ættarbok frå det 16. århundrad til 1969. Utgjeve av Askvoll sogenemnd. Førde 1972.
Hovland, Annas: Gjestgjevarstaden Sauesund, i Sogeskrift for Askvoll kommune, hefte 2, 1984. Utgjeve av Askvoll sogenemnd. Førde 1984.
Sætherskar, Johs.: Det norske næringsliv, Sogn og Fjordane fylkesleksikon. Det norske næringsliv forlag. Bergen 1953.
Stiftinga Jensbua:
Reisemål Ytre Sognefjord & Dalsfjord.
www.jensbua.no/
http://museet.posten.no/:
Poststeder en historisk oversikt: Saudesund / Sauesund i Askvoll.

PERMANENT IDENTIFIKATOR