Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Nordal kyrkje



Nordal kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på garden Nordalen sin grunn, langt nordaust i Flora kommune. Kyrkja, som har 200 sitjeplassar, vart vigsla 14. september 1898 av prost Andreas D. Jespersen. Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan laga teikningane. I dag er Nordal kyrkje soknekyrkje for Nordal sokn i Kinn prestegjeld. Nordal vart skilt ut frå Bru sokn 1. januar 1998.

Nordal kyrkje var den siste som vart bygd i fylket på 1800-talet. Ho vart teikna av Jacob Wilhelm Nordan, som i alt teikna ni kyrkjer i fylket.

Nordal kyrkje var den siste som vart bygd i fylket på 1800-talet. Ho vart teikna av Jacob Wilhelm Nordan, som i alt teikna ni kyrkjer i fylket.

Eigar: I Nordal kyrkje 100 år - "Glimt frå kvardag og helg".

Datering: 1998.

Fotograf: R. Aardals Foto.

Verdig punktum

Den store kyrkjebyggingsperioden på slutten av 1800-talet vart avslutta med bygginga av ny kyrkje i Nordalsfjorden i 1898. Den var kyrkje nummer 50 på 50 år i Sogn og Fjordane, og Nordal kyrkje likna dei fleste av dei. Ho er ei enkel langkyrkje i lafta tømmer, kledd med liggjande panel og kvitmåla. Kyrkja representerer såleis eit verdig punktum for den mest aktive kyrkjebyggingsperioden i Sogn og Fjordane i nyare tid. Ho representerer også slutten av ei hektisk tid med kyrkjebygging i Kinn prestegjeld. I 1866 kjøpte Kinn kommune Kinn kyrkje, i 1873 bygde dei ny kyrkje i Stavang, året etter vart Eikefjord kyrkje grundig ombygd, og i 1882 stod bykyrkja i Florø ladestad ferdig.

Lang kyrkjeferd

Frå gammalt av høyrde folket i Nordalsfjorden til Svanøy sokn, og hadde svært lang kyrkjeveg. Frå øvst i Grøndalen var det to mil ned til fjorden, og fem vatn måtte kryssast med båt. Frå Solheimsøyra til Svanøy var det fire nye mil, og rekna ei rotid på fire timar, om vêr og vind var lagleg. Kyrkjeferdene gjekk ikkje berre til høgmesse, men også ved dåp, bryllaup og gravferder.

Vegen opp til Grøndalen var ikkje ferdig før i 1954, i 1966 fekk nordalsfjordingane ferjesamband til Bjørnset, i 1977 veg til Haukå og dermed kortare ferjesamband, og så i 1987 vart Norddalsfjordbrua opna og bygda vart knytt til riksvegnettet.

Frå 1873 høyrde nordalsfjordingane til den nye kyrkja i Stavang, som låg litt nærare, men vegen var framleis lang. Eit lite framsteg var at det i samband med flyttinga av kyrkjestaden frå Svanøy til Stavang, vart vedteke at Nordalsfjorden skulle få eigen gravplass, på Floten, litt vest for dagens kyrkjestad. Gravplassen vart vigsla 17. november 1869. Seinare vart gravplassen utvida i 1912 og 1938.

Eiga kyrkje

Fyrste gong spørsmålet om eiga kyrkje i Nordalsfjorden kom opp var i 1887, og to år seinare vart det gjort vedtak om bygginge. Folket i dalen hadde samla inn 2000 kr, det same kom frå Stortinget og Kinn kommune, medan Kinns Sparebank stilte opp med 1500 kr, til saman 7500 kr, som var byggjesummen. Soknepresten var i prosessen litt motvillig til nytt kyrkjebygg, sidan han då ville få fleire reiser. Då kyrkja stod ferdig prøvde han dessutan å få lagt gudstenestene til sommarstid, men dette sa soknestyret nei til. I byrjinga var det høgmesse fem gonger i året, helst om vinteren. I våre dagar har kyrkja gudsteneste fjorten gonger i året.

Den nye kyrkjestaden i Nordalsfjorden kom på Nordalen, på den flate, grøne halvøya ved fjorden. Staden der gravplassen låg, vart sett på som lite høveleg til kyrkjestad. I dei dagar var det vanleg å halde gravferd i heimane, før kista vart frakta til kyrkjegarden. I seinare tid då kyrkja vart teken i bruk til gravferd, kom det bru over elva som skil kyrkjestaden og gravplassen.

Kyrkjebygningen

Arkitekt J. W. Nordan var ein mykje nytta kyrkjearkitekt og hadde m.a. teikna kyrkjene på Helgheim (1877), i Florø (1882) og i Førde (1885). Han vart kontakta og la fram teikningar, som i 1896 vart godkjende av Kyrkjedepartementet. Byggjearbeidet kom i gang året etter, med mykje dugnadsinnsats. Mellom anna skaffa bygdefolket stein til grunnmuren og henta materialar frå Høydalsfjorden. I kyrkja var det 250 sitjeplassar, som var mykje for ei bygd med 325 innbyggjarar. I våre dagar er det endå romslegare, med ein sitjeplass per innbyggjar.

Nordal kyrkje var kvitmåla frå fyrste dag. Innvendig hadde ho fyrst ein lys farge, seinare ein blåfarge, før dagens fargar kom på plass etter oppussinga i 1984. Veggene er beige og listverket brunt både i koret og skipet. Då vart det også fresa ut spor mellom kvar tømmerstokk for å unngå oppsprekking av maling. Elles kom elektrisk lys og varme på plass i 1964, og elektrisk ringing i 1994.
Om Nordal både er ei ung kyrkje og ein ung kyrkjestad, har dei i alle fall eitt lite minne om den gamle kyrkjestaden på Svanøy. Det er den vesle disken som framleis er i bruk. Han har kome over frå gamlekyrkja på Svanøy, som vart riven i 1872. Mykje av det andre gamle inventaret frå denne kyrkja gjekk tapt i brannen i Stavang kyrkje i 1951.

Orgelpengane forsvann

Nordal kyrkje fekk sitt fyrste orgel i 1937, og fram til 1970-talet var det berre vellæte om det gamle orgelet frå Jakob Knudsen orgelfabrikk i Bergen. Men i 1981 kom det i gang arbeid med innsamling til nytt orgel. Gjennom basarar, dør-til-døraksjonar m.m., kom det inn 135 000 kr, og i april 1983 bestilte soknerådet nytt orgel til 214 000 kr hjå Eystein Gangfløt orgelbyggeri i Fredrikstad. I god tru betalte soknerådet som avtalt inn 2/3 av summen, 170 000 kr. Men i oktober 1984 fortalde ein notis i Bergens Tidende at fabrikken hadde gått konkurs. Det skulle vise seg at alle pengane var tapt, og noko halvferdig orgel fanst heller ikkje.

Nordalsfjordingane sette straks i gang ny innsamling, og fekk ordna med kommunal garanti for eit lån på 150 000 kr. Alt 27. mai 1985 stod nytt orgel i kyrkja, levert av ein dansk orgelfabrikk.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.
Midtbø, Jostein: Nordal kyrkje 100 år - "Glimt frå kvardag og helg". Nordal sokneråd. Florø 1998.

PERMANENT IDENTIFIKATOR