Naturen var raus med sildevågar og makrellvikar i Solund. Fjordarmar frå nord og sør var ideelle tilhaldsstader for åte i den lyse årstida. Dermed kunne sild og brisling bli ståande og beite i osar og sund. Gardsfolket følgde alt som vakte og stengde lynraskt når noko seig fram på kasteplassen.
Rundt vikane i Sognefjorden krøkjer husa seg. Vikane er lune buplassar og trygge hamner. Slik er det også i Balaviki. Der sat dei gamle strandsitjarane som hadde fjorden til stabbur, og her var den gamle handelsplassen.