Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. september 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Balavika



Rundt vikane i Sognefjorden krøkjer husa seg. Vikane er lune buplassar og trygge hamner. Slik er det også i Balaviki. Der sat dei gamle strandsitjarane som hadde fjorden til stabbur, og her var den gamle handelsplassen.

Balavika sett frå Sognefjorden

Balavika sett frå Sognefjorden

Fotograf: Foto: Johs. B. Thue

Frå gamalt kalla dei visst nok Balaviki for Holmavollen. Der møttest ungdomane til leik og dans på jonsoknatta. Rundt vika spreidde busetnaden seg, og hus kom opp.

I dei framgangsrike 1890-åra sette Nils Johannesson Rendedal opp Balestrand Hotel her- med spir og bogar og tårn og vakre steinmurar mot sjøen. Engelsk-kyrkja blei vigsla på sommaren i 1897.

Frå Vangsnes

Men før det hadde Anders Hansson Balevik og kona Helga, som var fødd på Vangsnes, fått seg hustomt. Huset stod på Vangsnes. Det vart teke ned, rodd over fjorden og sett opp att i Balaviki. Huset rett ved sidan av - Fargarstova- blei også flytt dit det står i dag. Opphaveleg stod det i Ese. Fargaren heitte Valentinsen.

Anders var murar og fiskar, og Helga vaska klede for Kvikne`s Hotel i mange år. Ho stod ute i den vesle grova som rann forbi Fargarhuset og vaska der. Det blir fortalt at Anders song av lyst og overskot når han og broren fiska på Sandsflaten. Folk på land stogga opp og lydde. Ofte høyrde dei visa:
" Frå Monkjen til Botn
i dag er det fest!".

Jugendhus

Seinare sette Per Raunehaug og Olina Balevik seg opp eit kvitmåla jugend-hus i 1927. Per var bakar - først i lære hos Reinen i Fjærland. Deretter var han ei tid hos kjøpmann Thorsnes som dreiv handel og bakeri i Offerdalshuset på kaien. Så knadde han langebrød og kneipp og wittenberger på Kviknebakeriet før han for til Høyanger. Han bakte brød og bollar for Samvirkelaget ein liten mannsalder. Olina var på koldtkjøkenet på Kvikne. Å vera koldtjomfru var arbeid med ansvar og prestisje i hotellverda.

Lausholmen

Lausholmen er nes og tange og holme, der Balaviki byrjar frå aust. Det er denne holmen, som flaut fritt, som har namnesett heile Balestrand sentrum . - Holmen, seier vi i dag, og Balholm er brukt som båtnamn i Fylkesflåten. Balholm er eit nylaga ord.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR