Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. mars 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Sildevågar og notaberg



Naturen var raus med sildevågar og makrellvikar i Solund. Fjordarmar frå nord og sør var ideelle tilhaldsstader for åte i den lyse årstida. Dermed kunne sild og brisling bli ståande og beite i osar og sund. Gardsfolket følgde alt som vakte og stengde lynraskt når noko seig fram på kasteplassen.

Nothella ved Drengenesbua var ein mykje brukt tørkeplass for gardane kring Tverangspollen. Sidan årvisse kastevågar var innrekna i landskylda, var dei garden si eige også slik at andre bruk heldt seg vekke, iallfall om dei følgde tradisjon og folkeskikk.

Nothella ved Drengenesbua var ein mykje brukt tørkeplass for gardane kring Tverangspollen. Sidan årvisse kastevågar var innrekna i landskylda, var dei garden si eige også slik at andre bruk heldt seg vekke, iallfall om dei følgde tradisjon og folkeskikk.

Eigar: Magne Hamre.

Datering: 2001.

Fotograf: Magne Hamre.

Med sildenot sat dei betre i det

Alt tyder på at sildevågar som låg til einskilde gardar, har vore røkta frå aralds tid. I bygselbrev finst døme på at landeigaren, endå om han sat i Bergen, åtte storparten i sildenota, og leiglendingen åtte resten. Leiglendingen hadde plikt til å halde uvedkommande borte, og elles melde ifrå når sild vart kasta. Årvisse sildevågar betalte dei nokre skilling i skatt for, dei var også innrekna i landskylda. Regelen var at dei som åtte sildevåg, også åtte not. Men sjølvsagt fanst andre notbruk i tillegg. Sildenota var gjerne grunnlaget for at dei på enkelte gardar sat litt betre i det økonomisk.

Nytt og gammalt i same not

Til vanleg var det fleire eigarar om eit notbruk. Kvar eigar hadde sine merka bolkar som han heldt i stand. Dermed vart det nytt og gammalt om einannan. Ulempene var at nota vart etter kva eigaren var god for, dette kunne skape ugreie. Vart det skade på nota, bar kvar sin skade. Alle notpengane vart delt etter eiga.
Til notbruket høyrde gjerne stornot, médnot og eit par låsnøter. Stundom hadde eigarane mortenøter også, av slik maskevidd at dei kunne brukast til stengje- og orkastnøter. Notbåt høyrde med, og ein spelbåt. 120 kroner kosta den nybygde handangernotbåten til Buskøybruket i 1904.

 

Laga tønner sjølve

Dei kunne vere 15-16 menneske på nota. Tenestjenter var alltid med. Gutpøykar rekna dei to for ein når dei var 13-14 år gamle. Kårmannen stilte, kona òg dersom ho greidde. Tenarane sin lott hadde husbonden. Bytet var halvt på not og halvt på folk og basen hadde same lotten som dei andre. Det var skikk å betale varskulott til den som varsla om sild og det vart fangst.
Jenter og unggutar salta, anten på sjøhusa, eller om bord i farty oppkjøparar i Bergen sende heim. Tomtønneprisen kunne vere 3 kroner, men hendige folk kjøpte stroken stav og laga tønner sjølv.

Tungt arbeid i notaberget

Iallfall delar av dei eldre nøtene var bundne av heimespunnen hamp. Bomull var òg vanleg. Stod nøtene for lenge i sjøen, eller vart liggjande våte i båten, tok dei skade. Derfor måtte dei på land for reingjering og tørking. Det tok ein føremiddag å vaske ei stengjenot. Tørkeplassar var flate, glatte berg ved sjøkanten, der sol og vind kom til. Først drog dei nota på land i ei såte. Så gjekk mann etter mann med eit par meters avstand, med notagrunnen over skuldra, oppover berget så langt det var buss og plass. Slik vart nota liggjande med flåen nærast sjøen.

Kastevågar og notaberg historie

Enno viser det godt i berga som vart brukte til å tørke nøter på. På meir kjende kasteplassar var fleire tørkeberg i bruk. I Tverangspollen var Nothella ein veleigna stad, likeins Skoraberget ved Stølen. Kalvikneset brukte dei til mortenota. Gardar som hadde lakseverpe, tørka laksenøtene på same måten. Då vart steinen teken av nota, men ikkje den mindre av landgarnet. Feste i berga vart kakka varsamt bort med ein hammar, ein evigvarande prosess!
På fleire gardar sette dei etter kvart opp nothengjer til å tørke reiskapar på. No er sommarsildenøtene og hengjene historie. Men berga vert liggjande om ingen øver vald der.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Nedteikningar av Sigmund Tveranger.
Solund kommune, kommunearkivet, artikkelSommarsildnot av Alf Steinsøy.
Færøyvik, Bernhard red.:Fiskarsoga for Sogn og Fjordane,Band 1. Bergen 1939.
Johansen, Karl Egil:Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1860-1980.Bergen 1982.

PERMANENT IDENTIFIKATOR