Kulturhistorisk leksikon

Politikk (2)

  • Fire fylkesmenn på flyttefot i perioden 1840 – 1862

    Nordre Bergenhus Amt (frå 1919 Sogn og Fjordane fylke) blei oppretta i 1763. I åra 1763-1939 var fylkesmannsembetet sin administrasjon nært knytt til fylkesmannen sin bustad. Den første fylkesmannen budde på Kaupanger. I åra 1771-1843 hadde Nordre Bergenhus amt adresse Bergen. Deretter følgde ein periode med skiftande adresser i Sogn og Fjordane før fylkesmannsembetet fekk adresse Nybø, Leikanger, frå 27. september 1862. Men kvar heldt fylkesmannsembetet til i perioden 1840-1862? Kva var adressa til Nordre Bergenhus amt? Oversynet her byggjer på gjennomgang av innkomen post til Nordre Bergenhus Amt.

  • Sogn og Fjordane fylke - Årlege fylkesting i fleire dagar

    I meir enn hundre år var fylkestinget samansett av ordførarane i landkommunane. Fylkestinget samlast ordinært ein gong i året. Den årlege fylkestinggseta var ei stor og viktig hending i lokalstyringa. Tingsetene var først og fremst eit forum for formell handsaming av sakene på sakskartet. Men dei var mykje meir.