Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. januar 2013

Sist oppdatert 21. august 2019

Kategori

Rå-data

Fire fylkesmenn på flyttefot i perioden 1840 – 1862



Nordre Bergenhus Amt (frå 1919 Sogn og Fjordane fylke) blei oppretta i 1763. I åra 1763-1939 var fylkesmannsembetet sin administrasjon nært knytt til fylkesmannen sin bustad. Den første fylkesmannen budde på Kaupanger. I åra 1771-1843 hadde Nordre Bergenhus amt adresse Bergen. Deretter følgde ein periode med skiftande adresser i Sogn og Fjordane før fylkesmannsembetet fekk adresse Nybø, Leikanger, frå 27. september 1862. Men kvar heldt fylkesmannsembetet til i perioden 1840-1862? Kva var adressa til Nordre Bergenhus amt? Oversynet her byggjer på gjennomgang av innkomen post til Nordre Bergenhus Amt.

Framside på brev til Nordre Bergenhuus Amt, poststempla Bergen 15.3.1852, adressert til «Kopanger» (Kaupanger).

Framside på brev til Nordre Bergenhuus Amt, poststempla Bergen 15.3.1852, adressert til «Kopanger» (Kaupanger).

Eigar: Fylkesarkivet

Datering: 1852

Fotograf: Faksimile

Lite i trykte kjelder

Sogn og Fjordane hadde fire fylkesmenn i åra 1840- 1862/1863. Trykte kjelder har lite informasjon om kvar dei budde. Boka Engesæter og Thue: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år (1987): I ein tekst til eit bilete som viser Lærdalsøyri står det: «Frå 1840 til 1862 budde dei fleste fylkesmennene (..) her.». Boka Hans Seip: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. (1958): «Amtmann Kastrup (…) vart buande i Bergen til 1840, då han flutte til Lærdal. I Lærdal budde so han, amtmann Tostrup (1844-1852) og amtmann Aubert.» Bygdeboka for Sogndal har bustad-opplysningar om to av dei fire fylkesmennene, Kastrup og Aubert; bygdeboka for Lærdal om ein, Aubert.

Om kjeldene til dette oversynet

Oversynet i denne artikkelen byggjer på førstehandskjelder: 1) Arkivet til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, a) arkivserie kontorarkiv, åra 1840-1862, b) arkivboks med dokument vedkomande statleg embetsbustad for fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Arkivserien inneheld mange brev/dokument med påført adresse. Biografiske opplysningar byggjer på boka til Hans Seip.

Christian Ulrik Kastrup (1784-1850)

Fylkesmann i åra 1833 - 1844. I hans embetsperiode hadde amtet desse postadressene: 1) 1833-1840: Bergen. Heile 1840: Bergen. Vidare i åra 1841 og 1842, til hausten 1843: Bergen. 2) Frå hausten 1843: Lærdal, garden Einemo (fleire skrivemåtar: t.d. Enemoe, pr. Leirdalsøren).  Det står mange stader at Fylkesmannen flytte frå Bergen til Sogn og Fjordane i 1840. Adressene på inkomen post til embetet tyder på at det rette årstalet er 1843.

Biografiske opplysningar:
Kastrup vart fødd i Stavanger 1784. Han vart fenrik ved 1. trondhjemske infanteriregiment 1808, tok juridisk eksamen i språk 1808, tok avskil som offiser (løytnant) 1811, vart regimentskvartermeister og auditør på Vardøhus festning 1811 og samstundes tollkontrollør i Vardø 1813-1814. Han vart fut i Nordhordland og Voss 1917, fylkesmann i Finmarkens amt 1828, i Stavanger amt 1829 og i Nordre Bergenhus amt 1833-1844. Han var gift med Erika Kristine Stalin. Christian Ulrik Kastrup døydde på Rostad, Inderøya, i 1850.

Hans Tostrup (1799-1856)

Fylkesmann i åra 1844 - 1852. I Tostrup sin periode hadde embetet desse adressene: 1) 1844 - til hausten 1846: Lærdal, Einemo. 2) Frå hausten 1846: Sogndal, Kaupanger (fleire skrivemåtar, t.d. «Kopanger pr. Leirdalsøren») til han gjekk av 1852.

Biografiske opplysningar:
Tostrup vart fødd i Hjelmeland, Rogaland, 20. oktober 1799. Han var først landkadett i militæret, deretter tilsett på sorenskrivarkontoret i Ryfylke. Tok norsk juridisk embetseksamen 1824, kopist i Kyrkjedepartementet 1825, student 1826, fullmektig i Kyrkjedepartementet 1829, cand. jur 1830, universitetssekretær 1832, auditør ved Fredriksvern verft 1836, konstituert fylkesmann i Jarlsberg og Larvik amt 1843, fylkesmann i Nordre Bergenhus amt 1844, i Kristians amt 1852. Tok avskil 1854. Han var stortingsmann frå Nordre Bergenhus amt 1848. I 1844 var han medlem av ein kongeleg kommisjon om rekneskapsstellet i marinen. Han var gift med Fredrikke Christine Schaft. Hans Tostrup døydde i Christiania 1856, mest blind.

Michael Conrad Sophus Emil Aubert (1811-1872)

Fylkesmann i åra 1852 – 1860. I Aubert sin periode hadde embetet desse adressene: 1) Frå 1852 til hausten 1855: Sogndal, Kaupanger, 2) Frå hausten 1855 til hausten 1860: Lærdal, Lærdalsøyri.

Fylkesmann Aubert arbeidde iherdig for å skaffa embetet fast bustad (adresse). Han skreiv fleire brev til Indredepartementet. Sommaren 1859 fekk han tilbod om eigedommen Skorpen i Førde. I brevet står m.a.:

«I Forbindelse med min Skr af 13de fm [13.07.1859] betræffende min Udsigelse [oppseiing] frå den Huusleilighed, jeg hidindtil har beboet paa Lærdalsøren skulde jeg herved give mig den ære at indberette, at Landhandler Schultz i Førde under det nys sluttede Amtsformandskabsmøde gjorde mig Tilbud om at sælge sin Eiendom Skorpen for en Priis af 5000 Spd til vordende Amtmandsbolig. Dette er visstnok dyrt, men jeg frygter for, at intet fordeelagtigere Arrangement nogensinde vil blive at erholde, men at heller Vanskelighederne ved at tilveiebringe en passende Bolig for Amtmanden i N.B. Amt Aar for Aar ville hengaae, og jeg troer derfor at kunde anbefale, at dette Tilbud antages.»

Biografiske opplysningar:
Aubert vart fødd i Christiania 2. juli 1811. Han vart student 1828, cand. jur. 1835, kopist 1830-1836. I 1836 vart han sorenskrivarfullmektig, stiftsoverprokurator i Bergen 1841, sorenskrivar i Lofoten og Vesterålen 1847, fylkesmann i Nordre Bergenhus amt 1852, borgarmeister i Trondhjem 1860, sorenskrivar i Nordre Jarlsberg 1866. I 1858 var han formann i ein kongeleg kommisjon om verneplikt og utskriving. Han var 3. varamann til Stortinget for Nordre Bergenhus amt i 1857. Aubert var sterkt medverkande i skipinga av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858. Han var gift 3 gonger: 1) med Inger Christine Baade, 2) med Gjertrud Sophie Løberg, og 3) med Caroline Johanne Marie Løberg. Dei siste var systrer. Michael C.S.E. Aubert døydde i Sande 8. november 1872.»

John Collett Falsen (1817-1879)

Fylkesmann, 1861 – 1869.
Futen Landmark i Balestrand var konstituert fylkesmann frå Aubert slutta i november 1860 til Falsen tok over i 1861. Landmark møtte som konstituert fylkesmann på fylkestinget juli 1861.

Biografiske opplysningar:
John Collett Falsen vart fødd 9. september 1817. Falsen vart cand. jur. i 1841 og arbeidde m.a. som sorenskrivarfullmektig og sakførar i Trondheim og Drammen til 1861. I Drammen var han ordførar 1853-1959 og 1861, varamann til Stortinget 1857 og fast representant frå Drammen 1859-1860. Medlem av jurykommisjonen 1860. Amtmann i Sogn og Fjordane frå 1861 til 1869. Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane (Nordre Bergenhus) 1865-1866 og 1869-1869. Han slutta i stillinga som amtmann då han vart utnemnd til justisminister i 1869 - eit verv han sat i til han døydde i 1879. (Allkunne) Falsen var gift med Henriette Falck.

I Falsen sin periode hadde amtet desse adressene: 1) August – september 1861: Sogndal (Loftesnes). 2) Frå månadsskiftet september/oktober 1861 til 27. september 1862: Bergen, samt diverse pt-adresser, 3) Frå 27. september 1862: Leikanger (garden Nybø). I 1863 vart Nybø statleg fylkesmannsgard/bustad.

Korrespondanse mellom Falsen og Indredepartementet inneheld informasjon om bustad. Nedanfor følgjer to døme, det eine frå brev (konsept), september 1861, det andre frå september 1862:

1) «De to foregaaende Amtmænd [Tostrup og Aubert] boede i længre Tid paa Kaupanger i Sogndal i Indre Sogn, indtil min Formand [Aubert], da han ikke længre kunde beholde denne Bolig, saa sig nødsaget til at flytte til Leirdalsøren [hausten 1855], hvor han boede til Leie i et Huus, der i fleire Henseende efterlod mange Savn.»

«Den Bolig jeg for Tiden benytter paa Gaarden Loftesnes i Sogndal, blev mig tilbuden alene for Sommeren, da den ikke antages tjenlig for Vinteren og kan, efter nu at have beboet den en Maaned, tilføie at den ikke engang afgiver tilstrækkelig Beskyttelse i et saa koldt og fugtigt Efteraar, som nu haves. (overstreka: Jeg kan saalede ikke forblive her (overstreka slutt) Idet jeg saaledes ikke havde ventet at kunne og heller ikke kan forblive i denne Bolig, har jeg forsøgt at skaffe mig en anden, uden at det har lykkedes mig at erholde bogen saadan i Sogn.»

2) «Ved Kgl. Resol af 28 Septbr 1861 blev det mig naadigst tilladt at tage Bopæl i Bergen for et Tidsrum af eet Aar frå samme Aars Høst at regne. I Skrivelse 18de d.M til det Kgl. Dept. har eg givet mig den Ære at indberette, at jeg den 27de (overstreka: d.M. tager Bopæl paa Gaarden Nybø (overstreka slutt) tilflytter Distriktet og tager paa (sic) Bopæl paa Gaarden Nybø i Lekanger Præstegjeld i Sogn Fogderi; som jeg ifølge vedlagte Affskrifft af Contrakt med Sorenskriver Hjorth har indkjøbt enten til Embedsgaard eller til privat Eiendom for mig.»

Oppsummering

Nordre Bergenhus Amt hadde i åra 1840-1862 følgjande postadresser:

1839-1843: Bergen (fylkesmann Kastrup)
1843-1846: Lærdal, garden Einemo (fylkesmann Kastrup og fylkesmann Tostrup)
1846-1855: Sogndal, Kaupanger (fylkesmann Tostrup og fylkesmann Aubert)
1855-1860: Lærdal, Lærdalsøyri (fylkesmann Aubert)
1860, i første halvår: Balestrand, Askelund (konstituert fylkesmann, fut Landmark)
1860, august-september: Sogndal, Loftesnes (fylkesmann Falsen)
1860-1861: Bergen (fylkesmann Falsen)
1862, frå 27. september: Leikanger, Nybø (fylkesmann Falsen)

kjelder:

Engesæter Aage og Thue, Johs B.: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. (1987).
Seip, Hans: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. 1958

Statsarkivet i Bergen: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Arkivserie G. Kontorarkiv.

PERMANENT IDENTIFIKATOR