Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. januar 2010

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Sogn og Fjordane fylke - Årlege fylkesting i fleire dagar



I meir enn hundre år var fylkestinget samansett av ordførarane i landkommunane. Fylkestinget samlast ordinært ein gong i året. Den årlege fylkestinggseta var ei stor og viktig hending i lokalstyringa. Tingsetene var først og fremst eit forum for formell handsaming av sakene på sakskartet. Men dei var mykje meir.

Fylkestinget 1918, fotografert i trappa til kommunehuset Heradsheimen, Måløy.

Fylkestinget 1918, fotografert i trappa til kommunehuset Heradsheimen, Måløy.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1918

Fotograf: Ukjend

Tre årstal: 1763 – 1837 - 1976
Sogn og Fjordane fylke si historie byrjar i 1763 då Bergenhus amt vart delt i Søndre og Nordre Bergenhus amt. Fylkeskommunen si historie byrjar med formannskapslovene av 1837.
Frå 1838 vart det halde årlege amtsformannskapsmøte, frå 1894 kalla amtsting, og frå 1919 fylkesting. I 1976 vart fylkeskommunen formelt sett ei sjølvstendig politisk og adminstrativ eining med særskilt valt fylkesting. Før 1976 var fylkeskommunen administrert av fylkesmannen og fylkestinget var samansett av ordførarane i kommunane. Fylkesmannen kalla inn til tingsete ein gong i året, alltid om sommaren. Staden skifte frå år til år.

Mange sider
Dei gamle fylkestinga varde lenger enn fylkestinga no. Heilt frå starten heldt fylkestinga på i fleire dagar, - i 1846 seks dagar, i 1894 ni dagar, i 1918 tolv dagar. I tillegg kom fleire reisedagar for fleire av tingmennene.

Tingsetene var først og fremst eit forum for formell handsaming av sakene på sakskartet.. Men dei var mykje meir. Tingseta var ein verdsett arena for den uformelle kontakten mellom ordførarane i fylket. Ein ordførarar frå Gaular er ein stad sitert nokolunde slik: - Var det ikkje for desse 14 dagane ”da man kan komme sammen med kollegaer, med kamerater og venner og utveksle meninger”, kunne det nesten vera med heile ordførarvervet.

Festar og turar
Vidare vart etter kvart to tilskipingar faste postar under tingsetene: festmiddag og utferd. Vertskommunen gav middag for fylkestinget og det vart skipa til tur i nærområdet. Utferdene var ikkje berre blott til lyst. Dei var ekskursjonar, deltakarane skulle få høve til å sjå og læra. Og turane var det ikkje minst viktige å synleggjera behov, t.d. for vegbyggjing, og på den måten påverka politisk.

God dekning i avisene
Elles var fylkestinga alltid ei storhending for media. Alle avisene hadde jamt over mykje stoff frå amtstinget/fylkestinget, både før og under tingseta, og lenge etterpå.

Fylkestinget i Måløy 1918
Som døme på eit årleg fylkesting, kan me sjå nærare på fylkestinget i 1918. Me brukar avisa Fjordenes Tidende og dei trykte fylkestingsforhandlingane om fylkestinget i 1918 som kjelder. Fylkesmannen opna tingseta måndag 10. juni, kl. 12.00 i kommunehuset (Heradsheim) i ”Moldøen”, og avslutta 22. juni. På denne tida var det berre så vidt stadnamnet Moldøen (seinare Måløy) var teke i bruk for strekninga Sæternes-Skram-Gotteberg, og det var ein nesten heilt ny kommune som var vertskap. Kyrkjesokna Nord-Vågsøy og Sør-Vågsøy vart skilde ut frå Selje som eigne kommunar i 1910.

To festar
Fylkestinget i 1918 var litt sværare enn fylkestinga til vanleg ved at fylkestingsmennene var gjester på to festar og reiste på to turar.

Handelsstanden i "Moldøen" skipa til den eine festen for tingmennene og andre innbedne, i alt "ca 100 damer og herrer". Den andre festen var vertskommunen sin "kommunefest" for fylkestinget. Ordførar Kr. Sunde heldt tale. Han var stolt av den nye Sør Vågsøy kommune og nemnde særskilt at kommunen hadde bygt seg nytt og tenleg kommunehus (ferdig 1914), og at kommunebudsjettet (fattigbudsjettet ikkje medrekna) hadde vokse frå 6000 kroner til 60 000 på dei første åtte åra. Det hadde visstnok ikkje skorta på åtvarande røyster då Vågsøy-kommunane vart utskilde frå Selje.

Tur til Bergen
Den eine turen gjekk til Bergen med fylkesbåten Framnæs etter at det var kome innbyding til å vera tilstades på Landmandsforbundet (seinare Norges Bondelag) sitt møte der. Under opphaldet i Bergen vart ein annan fylkesbåt, Nordfjord 1, nytta som losjibåt.

Tur i nærområdet
Den lokale turen gjekk med Ulf Lem sitt fiskedampskip Ruth til Vågsvåg og vidare på yttersida av Vågsøyna til Selje. I Vågsvåg gjekk dei fleste på land og tok seg fram til fots over eidet til Torskangerpollen der dei gjekk om bord att i skyssbåten.

I Torskangerpollen ”fekk amtsinget framifrå høve til å sjå kor balesamt fiskarålmenta hev det under vinterfiske”, skreiv Jacob Aaland, redaktør i Fjordabladet (han var med som guide). ”Her i amtet sitt største fiskevær, der det [om] vinteren er samla ikring 1200 fiskarar, og der det vert uppfiska to femtepartar av all fisk i amtet, lyt folk fara å kliva med kipe på ryggen eller springa frå stein til stein som geitebukkar. Det var eit godt grip, at ferdi vart skipa med denne avstikkaren. Amtstingmedlimarne - sjølv frå innste dalbygder lovde på tru og æra, at no skal det koma veg både kringum Vågsvågen, kringum Torskangerpollen (på båe sidor). Frå Uppedal gjennom Stalbrekka til Kvalheim og frå Vågsvåg til Måløyna. Me vonar at lovnaden vart halden”, skreiv Jakob Aaland.

Som merknad kan me leggja til at pr. 2007 var lovnaden ikkje heilt innfridd. Vegen Torskanger-Oppedalen vart ferdig i 1922, der er veg eit stykke utover på vestsida av Torskangerpollen, og Vågsvåg-Måløy vart teken i bruk i 1938. Derimot har det til denne tid ikkje kome veg mellom Oppedalen og Kvalheim.
 

kjelder:

Fylkestingsforhandlingane 1918
Fjordenes Tidende, fleire nummer, juni 1918.

PERMANENT IDENTIFIKATOR