Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Naustdalsvegen



Naustdal kommune hadde mange vegkrav rundt 1900. Eit av dei høgast prioriterte krava var ny veg i Naustdalen. Naustdalsvegen vart påbyrja i 1903, men var ikkje ferdig før i 1967.

Oversikt over Midtredalen i Naustdalen i 1930-åra.

Oversikt over Midtredalen i Naustdalen i 1930-åra.

Eigar: A. Løtuft.

Datering: 1930-1939.

Fotograf: I. Ingebrigtsen.

Ei dominerande bygdevegsak

I hovuddalføret Naustdalen, som var tettast utbygd, var det før hundreårsskiftet (1900) ein nokså dårleg og bratt kjerreveg til Nes, om lag 24 km frå Naustdalsfossen. Alt i 1871 føreslo veginspektøren å leggja om den dårlege vegen i Naustdalen. I 1897 bad kommunestyret om at vegsjefen måtte stikka og kalkulera veg frå Naustdal til Vonavatnet, nokre kilometer nord for Nes. Det var eit ønskje at staten skulle dekka halvdelen av kostnaden. Resten skulle delast mellom fylket, kommunen og interessentane (grunneigarane). I 1903 vart saka handsama i Fylkestinget, og arbeidet vart sett i gang. Saka var enno ikkje handsama i Stortinget.

Saka i Stortinget

I 1907 skreiv fylkesmann J. Utheim til vegdirektøren med utheva skrift at "der maa skaffes plads til paabegyndelse af Naustedalsveien". Også vegdirektøren fann anlegget svært berettiga, særleg av di kommunen sine bygdevegar elles var opparbeidde utan statsmidlar. Vegen i Naustdalen kom opp til handsaming i Stortinget i 1907. Grunngjevinga for å gi løyving, var at Naustdalen var eit av fylket sine lengste dalføre, rundt 30 km, og at vegen var svært dårleg og bakkete. Vegen ville vera til nytte for 170 gardsbruk.

Hovudveg gjennom Naustdalen til Hyen?

Alt i 1891 hadde Fylkestinget fått førelagt vegsamband mellom Førde og Florø med arm til Hyen. Vegsjefen skisserte to mogelege liner til Hyen, den eine over Ramsdalsheia med arm til Hyen over Fitje, den andre om Nes og Gjengedal. Til Gjengedal kom det bygdeveg frå Hyen i 1898. Frå Åmot i Naustdalen gjekk det frå gamalt ein rideveg til Hyedalen. Vegsamband med Hyen ville ha aktualisert kravet om hovudveg gjennom Naustdalen. Men Nes-Gjengedal vart ikkje aktuell, derimot ei tredje line, Hyen-Storebru. Heller ikkje dette anlegget vart bygd i rekordfart. Vegen Storebru-Hyen vart opna i 1962, berre fem år før Naustdalsvegen var ferdig.

Linevalet skapte vanskar

Men linevalet for Naustdalsvegen skapte ein del strid. Den opphavlege og kontraktfesta veglina gjekk på nordsida av elva Nausta frå Naustdal til Kalland, og frå Sunde til Bruflot. Etter kvart var det fleire som ville ha vegen på sørsida frå Indrekvam, men i 1913 var det framleis fleirtal for nordsidelina. Kommunestyret hevda at Åmot hadde så mange gardbrukarar, at det ikkje var mogeleg å leggja vegen på sørsida og lata desse greia seg med den gamle vegen.

To vegliner

Nokre år etter 1913 hadde kommunen endra standpunkt, og striden løyste seg. Ein ny avtale i 1917 fastsette at det skulle byggjast likeverdig veg på begge sider av elva mellom Indrekvam og Kalland. I løpet av 1920-åra vart vegen på sørsida ferdig, medan vegen på nordsida vart nedprioritert.

Meir strid og seint arbeid

Det vart og ein dragkamp om vidareføringa av Naustdalsvegen frå Styggelia. Etter planen skulle vegen gå på nordsida frå Espeland til Bruflot, men sterke interesser arbeidde for å få vegen lagt over Skaflestad på sørsida, der han og kom. I 1950-åra var vegen ferdig til den gamle Bøelvbrua. På 1950- og 60-talet vart bygdevegen bygd til Nes og vidare opp til gardane på Fimland i 1967. Det var slutten på over 60 års arbeid med omleggjing av Naustdalsvegen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt. Del II, Kristiania 1901.
Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger i Aaret 1907. Bergen 1907.
Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919. Bergen 1921.
Kommunalsoga for Førde Herad 1837-1937. Førde 1937.
Firda. Årgang 1937.
Nagell, Otto: Det norske vegvesenes historie med oversikt over statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940. Bd. III, Oslo 1950.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.
Veganlegget Førde-Naustdal 25 år gammelt. I Sogeblad frå Førde kommune, s. 18-19, hefte 4, 1986.
Søgnen, Arthur: Frå Båtruter og kjerreveg til Naustdalstunnelen. I Naustdal kommune 1896-1996: Jubileumsskrift, s. 29-41, Naustdal sogelag 1996.

PERMANENT IDENTIFIKATOR