Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. juni 2005

Sist oppdatert 25. mars 2022

Kategori

Kommune

Rå-data

Vegen til Leikanger sjukeheim



I januar 2004 flytte pasientar og pleiarar inn i den nye Leikanger sjukeheim. Godt og vel eit år tidlegare var ein ny veg opp til sjukeheimen ferdig. Vegen er eit framifrå døme på bruk av naturstein som støttemur i skrånande terreng og eit vitnemål om dugleik i vegmuring med maskin.

Vegen til Leikanger sjukeheim syner godt att i landskapet ved Leikanger ungdomshus.

Vegen til Leikanger sjukeheim syner godt att i landskapet ved Leikanger ungdomshus.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2005.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Vegen høgtideleg opna

"Ein viktig veg", sa ordførar Rolf Nesheim då han fredag 1. november 2002 opna vegen opp til den nye sjukeheimen på Onstadhaugen. Han "klipte snora" med ein snedl. Folk frå byggjefirmaet Br. Lomheim A/S på Hafslo, fleire politikarar og nokre busette langs vegen var tilstades. "Svært bra," sa Jon Moberg.

Byggverk i stein

"Stein på stein i mur etter mur", skreiv Sogn Avis i reportasjen frå opninga. På den 650 meter lange vegstrekninga er det 400 lengdemeter mur med høgdesnitt på 4,5 meter. Den største muren er ved tunet til Nils Husum. Der måtte dei byggja to murar oppå kvarandre, den eine på fire meter, den andre på 11 meter. To mann stod føre muringa. I kvar si gravemaskin la Odd Ølnes og Arne Berg på plass 3000 kubikkmeter gråstein. Av og til hende det at forbipasserande stogga og såg på. Dei var imponerte over karane i gravemaskinane.

Firma frå Hafslo

Firmaet Br. Lomheim A/S fekk veganlegget etter anbod. Prosjektet var utarbeidd av teknisk etat i kommunen. Steinen tok dei ut i eit steinbrot hjå Rolf Li på Indre Hafslo.
Å byggja veg i skrånande terreng med naturstein kom for fullt på 1990-talet etter ein periode dei brukte mykje betong. Vegen opp til psykiatrisk klinikk i Sogndal vart óg bygd av Br. Lomheim.

Firmaet starta verksemda i april 1960 med bulldozar og traktor med gravar, ein Ford Dexta. Oppdraga var nydyrking og grøfting. I 1961-1962 var dei på Leikanger og grov grøfter på den gamle Røysavegen. Verksemda voks ved innkjøp av gravemaskina Brøyt frå Jæren. Firmaet reiste no ei tid rundt på anlegg. Etter avslutta oppdrag i Aalfoten i Nordfjord, brukte maskinkøyraren tre veker ned atte. Det var spurnad etter småoppdrag langs vegen heimover.

Gamle forseggjorde murar er vitnemål om godt handlag og folk som hadde særleg godt utvikla auga for stein og muring. Vegen til sjukeheimen på Hermansverk vitnar óg om "spisskompetanse", folk med blikk for muring og dugleik i å få steinane på plass med gravemaskin.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogn Avis 02.11.2002.


Munnleg informasjon frå: Dag Lomheim, Luster.

PERMANENT IDENTIFIKATOR