Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fitjestøylen



Fitjestøylen (sommarstøl) ligg ca. 382 m o.h. Stølen ligg på ei flate i indre enden av Langedalsvatnet. Det var gnr. 5, Fitje indre, og gnr. 6, Fitje ytre, som bruka stølen. Det vart slutt med tradisjonell stølsdrift i 1949.

Fitjestølen ved Langedalsvatnet.

Fitjestølen ved Langedalsvatnet.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Det er no bilveg opp til Fitjevårstøylen. Siste del er bomveg. Vidare går det merka sti over inste skardet og innover langs vatnet til stølen. Stien går vidare mot Hyen og Jølster. Restaurerte gamle gjetarhytter finn vi på Stoda, Fagredalen og Blådalen. Stølseigarane brukar stien over ydste skardet til båtnaustet og ror til stølen.

I eldre tider jaga dei storfeet over ydste skardet mot "Sumet" ved Arnestadstøylen. Der sumde dyra over den smalaste delen av vatnet og vart drivne vidare innover langs vatnet mot stølen.

Bruk av stølen

Vi finn tufter etter ein tidlegare støl noko lenger oppe. Fitjestøylen vart flytta i 1850-åra på grunn av rasfare. Husa er tett plassert på graskledd stølsvoll, ikkje gjerde. 8 sel er i god stand. Fleire av desse er nye eller fornya, delvis med hyttepreg. 3 fjøs er haldne i orden. I dag er stølen fint istandsett og mykje brukt av gardsfolket. Stølen er brukt ved tilsyn av beitedyr - samlekvie for sau, rekreasjon med turgåing, fiske og jakt.

Stølsdrifta tidlegare var i tida ca 20. juni - ca 25. september. Først var dyra 2-3 veker på vårstølen, deretter på sommarstølen og så 2-3 veker på vårstølen om hausten. Husa ligg på felles grunn, men utanfor var slåttekvie der kvar hadde sine teigar. Alle slo samtidig og høyet vart lagt inn på fjøslemmen. Høyet vart kjørt heim på isen over Langedalsvatnet og vidare via Gimmestad. Dette vart samordna med andre stølar som brukte same vintervegen, slik at vegane vart brøyta samtidig.

Karoline Fitje fekk det levande fram då ho skulle skildre kva som var verst/best med stølslivet.

"Kva var verst? Jau når regnet og stormen huja i dalen. Når det rauk frå vatnet so drivet stod mest opp i fjellet, og storeskreskyttaren skaut, når båten måtte dragast opp millom fjøsane, og vatnet rennde fleire meter over hellene, so vi fekk fulle skonor. Då var det verst.

Eg likte alltid å gå til støyls på Langedalen. Fin natur og godt selskap var der alltid. Men best likte eg meg når det var fint veir, når vatnet låg heilt stillt, når det var klårt og sola kom nedetter bakkane. Då det rauk ifrå alle sæl, og det var søndag. Då gjekk kyrne i bakkane ovanfor støylen og ein gjætte kvar sine. - Slik ein godversdag kunne ingen stad vere finare enn i Langedalen. Då lika eg meg best".

Nokre fakta

Fitje indre, gnr 5, Gloppen prestegjeld, hadde 8 bruk i 1890. Fitje ytre, gnr 6, hadde då 2 bruk. Folketalet på dei to gardane var samla på 65 i 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 3, side 38. Sandane 1988.
Knut Fitje har vore kontaktperson og har gjeve opplysningar om Fitjestølen.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR