Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Shetlandsfart - gavlar og skøyter på vest



Kort veg over til Shetland, og ein sundskoren kystnatur med gode hamner og glimrande gøymeplassar for folk og farty var grunnlaget for at Solund kom til å stå såpass sentralt i Englandsfarten under 2. verdskrigen. I alt 70 - 80 kvinner og menn frå Solund kom seg over til Shetland på denne måten.

M/K <i>Fremad II,</i> 63 fot, frå Pollen, reiste over i oktober 1941 med i alt 10 personar. Eit døgn etter var dei framme på Nord-Shetland. 22 år gamle Sverre Pollen førte båten, som kom att 1946 med seglføring.

M/K Fremad II, 63 fot, frå Pollen, reiste over i oktober 1941 med i alt 10 personar. Eit døgn etter var dei framme på Nord-Shetland. 22 år gamle Sverre Pollen førte båten, som kom att 1946 med seglføring.

Eigar: Fylkesarkivet, SFFf-89064.0002.

Datering: 1946.

Fotograf: Elisabeth Pollen.

Storparten var ungdommar

Ingen kontaktar dreiv og organiserte fluktruter ut frå Solund, men her var sakte dei som tipsa. Sjølv om reisene oppstod nokså spontant og i største løynd, var det nøgda av sulingar og framande under dekk den seinkvelden dei fyrste la frå land. Fleire hadde lege lenge i dekning og venta på reisehøve. Både opne og dekka farty la ut på den vågale ferda, og 70 - 80 kvinner og menn frå Solund kom seg over til Shetland på denne måten. Det største utreiseåret var 1941, på haustparten før vinterstormane sette inn.

I mørke netter

Tilhøva låg og bra til rette for å ta "i retur" radiofolk, sabotørar, våpen og ammunisjon. Mykje av dette måtte gøymast bort, til vidare transport inn Sognefjorden kunne ordnast. Kjende skøyter og "subbar" frå Englandsfarten seig i mørke netter innom og sette på land eller henta ut nøkkelpersonar. I styrehus og maskin stod gjerne lokalkjende sulingar. Men det galdt å passe seg,. Utanom patruljerande vaktbåtar, marinefarty og ei skummel naziskøyte i leiene, var her tre tyske vaktstasjonar på land, fire i siste krigsåret.
Var overfarten til Shetland hard og farefull, var det sanneleg ikkje mindre risiko på landsida i mange høve.

Kappa tau og kjetting

Den ureine skjergarden mot vest var eit vern mot tysk krigsmakt medan skøyter og subbar stod seg betre, sjølv om alle fyr og lykter i leiene var sløkte under krigen.
Mest alle som fekk spørsmålet om å late fartyet frå seg til Shetlandsferd, sa ja. Mange såg heller at rømlingar tok båten framfor tyskarane. Større farty var nemleg i faresona. Ein kappa tau og saga kjetting og arrangerte tjuveri, ein annan visste ikkje at sønene tok kutteren, ein tredje reiste bort medan båten vart vekke. Klok åtferd gjorde at ingen fartyeigar i Solund vart forfølgd frå tysk side.

Farefullt å måtte snu

Fleire farlege situasjonar oppstod fordi farty ikkje var sterke nok og gjekk lek i stor sjø, eller at motoren ikkje var driftssikker. Dei måtte då snu og berge seg inn att og var lette å oppdage. Vanskeleg var det og å gøyme kanskje 16 - 17 rømlingar medan ein prøvde å få tak på betre farkost. Godt var det å høyre for den som møtte kjøpmannen i Indrøy: "Dette vil eg ikkje ha med å gjere, - men kutteren ligg i fortøyningane og er fullt sjøklar!" Kneip det med bunkers, var dessutan landhandlaren på Kalgraff eit namn dei innvigde lett kom på.

Problematisk for MTB-ar

I alt gjekk 8 dekka farty frå Solund til Shetland: M/G Ingeborg, M/K Stølsgut, M/S Laila, M/S Steinborg, M/K Stål 1, M/G Fiks, M/S Telma, og M/K Fremad II. Utanom desse reiste ein suling med snekka Set over frå Rubbestadneset. Alle om bord kom fram, om enn nokre temmeleg utarma. Sulingar reiste og ut frå andre plassar, og framande følgde frå Solund.
Tryggare vart overfarten frå slutten av 1943 då dei 3 Shetlandsbussane (motortorpedobåtar, MTB-ar) vart sette inn. Men MTB-ar opererte oftare i Solund, endå det var problematisk å ha nok drivstoff til returen sidan dei brukte bensin.

kjelder:

Krigsår i kystbygder. Frå Bergen til Solund. Nordhordland Forlag. Stord 1995.
Steinsøy, Alf:Krigshendingar i havkanten. Solund 1987.
Ulstein, Ragnar: Englandsfarten.Bind 2. Samlaget, Oslo 1967.
Irvine, James W.:Men bølgene er jo fri. Shetland/Noreg forbindelsene 1940 - 1945. Arnfinn Haga: Fleire av bøkene hans har Solund-stoff som inkluderer Shetlandsfart.

PERMANENT IDENTIFIKATOR