Kulturhistorisk leksikon

Transport (9)

  • Fylkesbaatane – «mindre baater med elektrisk kraft» 1921

    Hotel Maristuen, Lærdal, 20. juni 1920: Fylkestinget i Sogn og Fjordane er samla. Dampskibskomiteen ber Fylkesbaatane undersøkja om det kan byggjast rutebåtar med elektrisk drive maskineri. Fylkesbaatane gjer det, og legg fram det endelege resultatet for fylkestinget to år etter. Konklusjon: [det er] «neppe tilraadelig endnu at gaa til anskaffelse av elektrisk drevne baater for Fylkesbaatanes rutefart.» Likevel: Sogn og Fjordane fylke og Fylkesbaatane tenkte elektrisk drift nokså nøyaktig 100 år før arvtakaren Fjord1 sette inn sitt første elektrisk drivne fartøy i Sogn og Fjordane, i sambandet Lote – Anda, 24. januar 2018.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Sogn og Fjordane fylke
  • Nordlandsfarar frå Solund

    I løpet av 30-års-perioden 1860-1890 flytta om lag 80 sulingar nordover til fiskevær i Namdalen og Nordland. Hovudårsaka til flyttinga var at vårsilda vart vekke frå kysten av Vestlandet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Shetlandsfart - gavlar og skøyter på vest

    Kort veg over til Shetland, og ein sundskoren kystnatur med gode hamner og glimrande gøymeplassar for folk og farty var grunnlaget for at Solund kom til å stå såpass sentralt i Englandsfarten under 2. verdskrigen. I alt 70 - 80 kvinner og menn frå Solund kom seg over til Shetland på denne måten.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Jaktefart og sogneføring

    Frå gammalt av bytte og selde sulingane varene sine i Bergen og innetter Sognefjorden. Føringsfartya dei nytta, var mindre og hendigare enn dei tunge nordlands- og sunnmørsjektene som passerte i leiene. Dei var rigga med kvite råsegl, heimevovne av lin eller hamp.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Busstur Nordfjord-Sogn-Nordfjord i 1939

    Lodalen vart hardt ramma av ras i 1905 og 1936. Over hundre menneske miste livet og dei materielle skadene var enorme. Begge gongene miste Lodalen Dampbåtlag båtane sine. Etter ulukka i 1936 måtte dampbåtlaget leggja om til biltransport. Laget skyssa ikkje berre turistar opp i Lodalen. Dei dreiv turkøyring óg. Sommaren 1939 var gjorde ein av bussane ein rundtur Nordfjord-Sogn-Nordfjord.

  • Dei første ferjesambanda i Sogn

    I debattane om jernbane i 1920-åra vart det drøfta korleis dei skulle få trafikken frå Lærdal, og seinare Flåm, til Sunnfjord og Nordfjord. Planen var jernbane mellom Vadheim og Sandane med tilførselsliner og jernbaneferjer. Det vart berre med planane for jernbane og jernbaneferjer. Derimot kom det bilferjer.

  • Ferjefarten over Nordfjorden

    Sommaren 1934 starta Fylkesbaatane ei bilferjerute på Sognefjorden mellom Lærdal og Vadheim med det ombygde dampskipet "Stavenes". Dette har i ettertid vore rekna som starten på ferjefarten i Sogn og Fjordane. Men alt to år tidlegare kom det i stand ei bilførande båtrute mellom Faleide og Innvik i Nordfjord. (Artikkelen står i Fjord 1 magsinet, sommaren 2009, og er attgjeven med løyve frå magasinet og forfattaren.

  • Fylkesbaatane - Rutetrafikk før 1858

    Fylkesbaatane byrja ruteferdsle Sogn og Fjordane-Bergen 2. desember 1858. I fleire år før hadde ei rekkje skip prøvd seg i rutefart mellom Sogn og Bergen (og Stavanger) utan heilt å lukkast. Eitt av dei var hjuldamparen "Bjørgvin". Hausten 1855 gjekk skipet på eit skjer nær Skjergjehamn.

  • Bergenske i fart på Island

    Det Bergenske Dampskibsselskab dreiv rutetrafikk mellom Noreg og Færøyane/Island i åra frå 1908 til om lag 1950. Bergenske si islandsrute var ikkje minst ei stor vinning for det innanrikse sambandet på Island. Dessutan fremja det hopehavet mellom "norrøne frendar" som islandsvenen Anders Skásheim ordla seg. Denne artikkelen er i hovudsak eit utdrag frå bergenske si jubileumsbok Norges eldste linjerederi (..) 1951 og eit rutehefte utgjeve i 1930.