Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Den Trondhjemske postvei frå Skei til Utvik



Sjølv om postvegen mellom Skei og Utvik var klassifisert som hovudveg, var han ikkje rekna som lett framkommeleg. Breimsvatnet var eit hinder, særleg når det var meinis på vatnet, eller i storm og uvêr. Etter kvart ville fleire ha vegen lagt om Våtedalen. Det ville gjera postgangen lettare og kortare. I 1889 stod vegen gjennom Våtedalen ferdig. Vegen vidare over Utvikfjellet var og rekna mellom dei verste strekningane på postvegen, men lite vart gjort med denne smale og bratte fjellvegen før i 1930-åra.

Nordenden av Jølstravatnet med det gamle Skei Hotel til venstre og postvegen til høgre. Til venstre ser me litt av hotellet Tollef Gabriel Skrede opna i 1889. Hotellet fekk konkurranse av av Stanley Hotel som vart bygd 1 km lenger sør. Skrede kjøpte hotellet då det gjekk gjekk konkurs i 1894, og flytta det opp til Skei.

Nordenden av Jølstravatnet med det gamle Skei Hotel til venstre og postvegen til høgre. Til venstre ser me litt av hotellet Tollef Gabriel Skrede opna i 1889. Hotellet fekk konkurranse av av Stanley Hotel som vart bygd 1 km lenger sør. Skrede kjøpte hotellet då det gjekk gjekk konkurs i 1894, og flytta det opp til Skei.

Eigar: Universitetsbiblioteket i Bergen.

Datering: 1888-1894.

Fotograf: Knud Knudsen.

"En Revne mellom sønderrevne Fjeldmure"

Frå Skei gjekk postvegen til Breimsvatnet gjennom eit trongt dalføre. Diktaren Henrik Ibsen seier det slik då han var på folkeminneinnsamling i 1862: "Dalføret er igrunden ikke andet end en Revne mellem de bugtede, uhyre, sønderrevne Fjeldmure, og fyldt med nedstyrtede Tinder og Bergstykker, saa store, at man kunde udhule en heel domkirke i mangen en af dem." Skyssen gjekk vidare med båt over Breimsvatnet til Reed i Nordfjord, ein fredeleg plett med klynge av små, torvtekte hus og rekkjer av naust. Her kvilte dei reisande seg før dei for vidare den bratte og tunge vegen over Utvikfjellet og ned til Utvik.

Mellom utøy og skit

Reed hadde postopneri alt frå 1787. Engelskmannen Henry William Breton, som reiste nordover i 1834, seier om skysstasjonen på Reed at han var elendig, slik dei fleste stasjonane langs ruta var. Stort sett kunne dei berre tilby ein skiten halm-madrass å strekkja seg på, mellom utøy og skit. Problemet med for få og for dårlege overnattingsstader gjorde at mange reisande hasta vidare.

Ny veg gjennom Våtedalen

Breim var vinters tid ofte avstengd frå utanverda før vegen gjennom Våtedalen stod ferdig i 1889. Då vart postruta Skei-Breim nedlagt. Veg frå Skei gjennom Våtedalen til Byrkjelo vart første gong føreslege med løyving i 1860, men løyvingane kom stykkevis frå 1877-1889. Overslaga vart for dyre, og dei måtte fleire stader gå ned på vegbreidda, som difor varierte gjennom dalen. Gjennom Våtedalen hadde det frå gammalt av gått ein mykje nytta allfarveg, og når det var særleg vanskelege forhold, frakta dei posten denne vegen. Veginspektør Wiese meinte alt i 1839 at vegen burde utbetrast, men planane vart skrinlagde, truleg grunna skredfare. Då vegen kom, vart skysstasjon og overnatting lagt til garden Egge. Eit nytt bygdesenter voks fram på Byrkjelo som ei direkte følgje av dei nye hovudveglinene.

Over Utvikfjellet

Då vegløytnant Christian Junghans og postfullmektig Lauritz Sporring la fram rapporten om veglina for postvegen i 1775, føreslo dei ei enklare line nordover gjennom Våtedalen til Reed og over Gloppenfjorden til Hundeide, båt over Eidsfjorden til Naustdal og via Smørdal over Bjørkedalseidet til Møre og Romsdal. Denne veglina vart ikkje valt, truleg av di dei måtte kryssa svært mange fjordar. I staden vart vegen lagt i ei indre line over Breimsvatnet og Utvikfjellet. Utvikfjellet var ei utfordring både sommar og vinter. Ibsen skreiv om denne vegen,: "Opstigningen kan være besværlig nok, men Nedstigningen paa den anden side [til Utvik] er dog verre. Angre Touren vil man imidlertid ikke ..". Vegen var smal, steinete og ujamn, med stupbratte stigningar,. Fylkesmann Aubert hevda i 1856 at vegen tente meir til å forhindra samferdsla enn til å fremja ho.

Vanskar med løyvingar til Utvikfjellet

Hovudvegen over Utvikfjellet følgde eit gammalt far. Moldestadbakkane og Brekka på fjellet var særleg tunge, og mang ein hest vart sprengd av dei bratte bakkane. Ei ombygging var naudsynt, og i 1874 og 1877 reiste vegdirektør Krag spørsmålet i budsjettframlegget. Men truleg av di Våtedalen då vart teke med i budsjettet, vart vegen over Utvikfjellet liggande som før. I 1894 søkte private om framhald med ombygging av vegen, men Stortinget gjekk ikkje med på det. Det skulle gå lang tid før dei store ombyggingane over Utvikfjellet kom. Den kom og i konflikt med fylkestinget si støtte til vegen mellom Reed og Sandane, som fekk løyvingar frå 1880-åra. Først i åra 1934-36 vart vegen lagd om.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.
Nordstrand, Ingemar: Postvegen - Norges lengste kulturminne. I Årbok for Nordfjord. s. 16-31, 1997.
Nordstrand, Ingemar: Postvegen Bergen-Trondheim. Det norske samlaget 1996. Djupedal, Torkjell: Førde Kulturhistorisk vegvisar. Selja Forlag 1998.
Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. 1978-2001.
Den Trondhjemske Postvei. Hovudplan for restaurering og forvaltning av postvegen. Fylkesprosjekt Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane fylkeskommune, 1995.

PERMANENT IDENTIFIKATOR