Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. mai 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Samlingshuset på Nyttingnes



Nyttingnes ligg ytst på halvøya mellom Eikefjorden og Høydalsfjorden. Fram til 1964 høyrde bygda til dåverande Kinn kommune (1837-1964). Rundt 1950 hadde Nyttingnes rutebåt og eigen skule. Men skulekrinsen hadde ikkje skulehus eller noko anna forsamlingshus. Det kom i 1955, som bedehus med fleire funksjonar.

<p>Samlingshuset p&aring; Nyttingnes 2009. Huset er oppf&oslash;rt i t&oslash;mmer, veggene kledde med eternitt og taket med skifer.</p>

Samlingshuset på Nyttingnes 2009. Huset er oppført i tømmer, veggene kledde med eternitt og taket med skifer.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Steven Kleppa

Kommunestyret på vitjing

Våren 1955 bad folket på Nyttingnes kommunestyret i Kinn om å halda møte i bygda deira. Dei ønskte at kommunestyret skulle sjå på behovet bygda hadde for betre veg ned til båtstoppestaden, og så ville dei visa fram det nye samlingshuset.

Bygdefolket tok tak

I fleire tiår heldt skulen på Nyttingnes til i ei stove på ein av gardane. Då det såg ikkje ut til å ordna seg med skulehus, gjekk bygdefolket i gang med å få reist eit hus som både kunne nyttast som skulehus og samlingshus for bygda. Folk gav tømmer, gratisarbeid og pengar. Sidan huset skulle nyttast til skulen, ytte kommunen også eit tilskot.

God plass

Huset er oppført i tømmer og ligg vakkert til på ein bakkekam med vidt utsyn. Då kommunestyret heldt møte i 1955, var første høgda ferdig med ein romsleg møtesal og skulestove. Kjellarhøgda skulle innreiast med matsal og kjøken.

Bygdefolket gjorde stas på kommunestyre-medlemmene med rømmegraut og spekemat. Jakob Nyttingnes takka kommunen for stønaden og Sofie Høyvik greidde ut om arbeidet med å reisa huset, kva som var gjort og kva som stod att.

Kristeleg ungdomslag

Vinteren 1956 heldt Nyttingnes kristelege ungdomslag 50 års-fest. Jubileet vart høgtida søndag 11. mars i det nye samlingshuset med møte både om føremiddagen og ettermiddagen, Generalsekretær Sverre Magelsen i Norges kristelege ungdomsforbund og krinsformannen, Bertel Flaten, var til stades. Maria Hødal fortalde frå skipinga av laget.

Seinare

Atgeir Nyttingnes, fødd 1971, fortel at han minnest det var juletrefestar og basarar på samlingshuset. Han hugsar også at det over talarstolen hang eit bilete med eit kjent Jesus-motiv.

2011

Vel 50 år etter at kommunestyret i Kinn heldt møte i samlingshuset, har mykje endra seg. Skulen vart nedlagd rundt 1970. Nyttingnes og nabobygda Sandvika fekk veg i 1977. Det kristelege ungdomslaget er ikkje meir og det er for lenge sidan slutt med juletrefestar og basarar. Samlingshuset er no bortleigd som fritidsbustad.
 

kjelder:

Firda Folkeblad, mai 1955, 08.03.1956.

Opplysningar frå:
Atgeir Nyttingnes, Volda.
 

PERMANENT IDENTIFIKATOR