Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Olav Hoprekstad - lærar og forfattar



Olav Hoprekstad (1875-1965) var lærar, forfattar og bygdebokskrivar. Han er ein av dei nynorske dramatikarane som har fått flest stykke oppførte på teater. For vikjene er han godt kjend som redaktøren av bygdebøkene våre.

Olav Hoprekstad (1875-1965), lærar, forfattar og sogegranskar. Han skreiv 18 skodespel på nynorsk. I tillegg skreiv han lærebøker, jubileumsskrift og anna.

Olav Hoprekstad (1875-1965), lærar, forfattar og sogegranskar. Han skreiv 18 skodespel på nynorsk. I tillegg skreiv han lærebøker, jubileumsskrift og anna.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-88003.0769

Datering: 1950-60.

Fotograf: Ukjend.

Bakgrunn

Olav Hoprekstad var fødd på garden Hopperstad i Vik i 1875, og voks opp i ein streng kristen heim. "Eg fekk so altfor mykje kristendom i oppveksten at eg sidan ikkje har vunne meir", sa Hoprekstad ein gong. På folkeskulen hadde han Sigurd Nesse til lærar, og det sette kveik i han for nynorsken. Etter framhaldsskulen gjekk Olav Hoprekstad eitt år på Sogndal folkehøgskule, før han tok lærareksamen ved Hamar lærarskule i 1895.

Lærar og rektor i Bergen

I 1899 kom Hoprekstad til Bergen som lærar. Der arbeidde han fleire stader til han vart rektor ved Møhlenpris skole i 1927, ei utnemning som var omstridd. Hoprekstad hadde klare meiningar og var nynorsk-mann og norskdomsmann i all si ferd. I 1939 vart han overlærar ved Fridalen skole, der han vart resten av si yrkesaktive tid, med unntak av krigsåra då han vart avsett av nazistyret.

Diktar og teatermann

I 1906 bad Den Nasjonale Scene i Bergen Hoprekstad om hjelp til å setja opp "Fossegrimen", eit stykke av årdølen Sigurd Eldegard. Hoprekstad vart oppglødd av dette arbeidet, og ein gamal draum om dikting vart no meir enn berre tankar. Han tok sjølv til å skriva. Etterkvart fekk Olav Hoprekstad prenta 18 skodespel.
Han var ingen yrkesforfattar, det meste er nok skrive i snautt tilmålte timar etter ein krevjande arbeidsdag. Dette er nok hovudgrunnen til at ikkje alle stykka held mål, men dei beste er god dramatikk. Eit hovudemne går ofte att, embetsmenn mot bygdefolket, strid for frigjering og kamp mot framandveldet.

Anna arbeid

Men skulemannen og dramatikaren Olav Hoprekstad hadde fleire sider. Han kom tidleg med i Vestmannalaget og arbeidde for å få skipa eit ungdomslag. I 1900 vart han fyrste formannen i bondeungdomslaget Ervingen. Han var ei drivande kraft her, og hadde vervet i fire periodar.
Lærarorganisasjonane stod og hans hjarta nær. Han var formann i Bergen lærarlag og styremedlem i Noregs lærarlag 1917-46. Vestlandske lærarstemna arbeidde han mykje for å få i stand.
Sogegransking interesserte Hoprekstad seg for. Han har skrive artikkelen "Landet og folket" i "Norske Bygder" bind IV, Sogn. I 1946 gav han ut geografiboka "Noreg". Nemnast bør og boka om lærarstriden i Noreg under krigen, soga om Ervingen, jubileumsbok om Vestlandske lærarstemna, soga om Bergen folkeskule og bok om jernbaneplanane på Vestlandet.
Sist, men ikkje minst, var han redaktør for bygdebøkene for Vik som kom ut på 1950-talet. Då var han for lengst pensjonist, men arbeidde trottig for det. Han var av dei menneska som var "ung" til det siste. I 1963 vart Olav riddar av 1. kl. av St. Olavs Orden.

kjelder:

Aas, Sverre: Olav Hoprekstad 1875-1965. Eit blad av norsk kultursoge. I Pridlao, nr. 3, 1992. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR