Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 07. august 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Den trondhjemske postvei gjennom Stryn kommune



Den trondhjemske postvei mellom Bergen og Trondheim vart postveg frå 1780-åra. I Stryn finn ein godt bevarte spor av vegen frå denne tid og restaurerte trasear.

Kvithellebrua på strekninga Faleide - Hornindal grense er eit vakkert minne om Den Trondhjemske Postveg gjennom Stryn kommune. Brua rasa noko ut i 1974 men vart restaurert i 1983.

Kvithellebrua på strekninga Faleide - Hornindal grense er eit vakkert minne om Den Trondhjemske Postveg gjennom Stryn kommune. Brua rasa noko ut i 1974 men vart restaurert i 1983.

Eigar: Stryn kommune.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Jon Nesdal.

Over fjorden frå Utvik til Faleide

I Stryn gårp postvegen frå Gloppen grense til Utvik, derifrå over Nordfjorden, og frå Faleide til Hornindal grense ved Sindreøyane. Strekninga over fjorden er om lag 11 km og landevegen 10,5 km. Om lag 4 km er nedbygd av ny veg eller ved dyrking.

Pålagt vedlikehald

Vedlikehaldet av vegen vart pålagt gardsbruka, og fordelt på ulike roder, markert langs vegen med rodestolpar, ofte laga av stein. Mellom grensa mot Breim (no Gloppen) var det 5 vedlikehaldsroder og 10 mellom Faleide og grensa med Hornindal. Ein rodestolpe i stein står igjen på traseen over Utvikfjellet.

Gloppen grense - Utvik

Frå grensa med Gloppen på Utvikfjellet ligg postvegen godt ivareteken ned til kryssinga med riksveg 60. Vegen er avskoren fem gonger av riksvegen og er delvis overdyrka nedover til Utvik. Dei bevarte delane vart rusta opp på 1990-talet og markert med skilting. Nede ved Utvik går postvegen gjennom eit gamalt bygningsmiljø, med tidlegare hotell og butikk. Utvik Brygge er restaurert, og like eins er den gamle Likstøda i nærleiken teken vare på.

Faleide - Sindre

På Faleide går postvegen gjennom gamalt, verneverdig bygningsmiljø, mellom anna garden Utigard Faleide (gamal poststad, skysstasjon og tingstad), med tingstove frå 1847. På Faleide står også ein såkalla "skaffarbustad", der vegfarande kunne få ordna seg med skyss. Frå Faleide deler Postvegen seg i to trasear, den gamle bratte frå 1700-talet og ein nyare trase frå 1855.

Den nyaste traseen vart restaurert på 1990-talet med mykje natursteinmur i gamal stil. Frå Faleide til Myrhaug er traseen godt ivareteken. Mellom Myrhaug og Sindreøyane er vegen delvis overbygd av ny veg eller den er i sterkt forfall. Unntaket er strekninga Haugen-Flore sag.

Praktfull bru

Ved Sindre går postvegen forbi vassaga på Sindre. Vidare kjem vegen over Sindreøyane der større inngrep i nyare tid har endra landskapet radikalt. Men Kvithellebrua, steinbru frå 1790-åra, står der i sin fordums prakt, nyoppsett i 1983 etter utrasing i 1974.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR