Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Sårheimstøylen



Sårheimstøylen høyrer til Sårheim, gard nr.83, i Gloppen. Stølen ligg ca. 654 m o.h. oppe på fjellet, rett ovanfor fjellgarden (skilje utmark - fjell). Fleire andre stølar ligg nokså nær. Fjøsane ligg på ei rekke langs øvre kviegarden. To av dei er står framleis, dei andre har berre fjøsmurane att. Sela ligg meir spreidde på den grøne kvia. Området litt nordaust for stølen vert kalla Gamlestølen, men finst ikkje rester etter hus. Kan det vere ein gamal mjølkeplass?

Sårheimstølen med stølskvie og sel. Utsikt mot fjellheimen.

Sårheimstølen med stølskvie og sel. Utsikt mot fjellheimen.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Tilkomsten er ca 4-5 km rås oppover frå tunet.

Bruk av stølen

Stølstida har vore frå jonsok til barsok (24 august). Det er restar etter steingard rundt ei romsleg stølskvie. Vi ser frå rettssaka (nedanfor) at stølsslåtten var viktig. Det ser ut for at fjøsa var store og med rimeleg god plass for høy, som vart frakta heim på snøføre om vinteren. Kring 1950 var stølsdrifta slutt.

Gamal strid om Sårheimstølen

Frå bygdeboka (avkorta): I 1736 vart retten sett på "Aastædes Saarem i Breums Skibrede". Striden galdt støl og stølsbeite, og gjev interessant innsyn i kor viktig støl, med kvieslått og fjellbeite for storfe og sauer, var i den gamle tida. Dei fire brukarane på Sårheim stod mot oppsitjarane på Jordanger og Skrøppa. Sårheim kunne ikkje nekte for at fjellet var sams både for Sårheim og dei to andre gardane.

Men dei heldt vidare fram "det er dog fra ældgamle Tider udvalgt een særdeles Pladts for denne Gaard Saarem, hvor de kunne have deres Sællhuse bestaaende.. ..Ikke desmindre er dog Jordangers og Schreppes Opsiddere, som i gamle Dage paa andre Stæder haver stølet, Tid efter anden paa denne Saaremstølen blev indtagen og faaet forlov till at oprette seg baade stølshuse og fiøser..."

Retten dømde til slutt slik: "At efterdi her befindes, at den af os nu besigtigede Stølplatz er altfor liden og trang for 9 Mands Creature samt derpaa staaende Fjøser og Sælhuse, saa skal Schreppes og Jordangers Opsiddere, som er 5 Mand tilhaabe være forpligted inden et eller to Aars Tid i det lengste, at bortfløtte alle deres staaende Huse, og igjen opsætte dem et Støkke lit ud og opefter fra Saarems Stølen..."

Vidare skulle både Sårheim, Skrøppa og Jordanger "være Forpligtede at holde skikkelig Gjæte og tilsiun med deres Smaler, saa at Sletterne (slåttene) ikke formeget bliver opædt og fordærvet."

Nokre fakta

Sårheim, gard nr. 83, Breim sokn, hadde 5 bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR